Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Tlf 700 75 092
  • Aktuelt
    • Gamalt nytt
  • Om oss
  • Publikasjonar
  • Film og lyd
    • Favoritten vår!
  • Kalender
    • Kurs
  • Kontakt
    • Styret
    • Andre arkiv
Folkemusikkarkivet ønskjer å arrangere nokre kurs kvart år.
Du kan lese meir om kursa under:

2017:
- 16. september: Spelkurs med Thea Marie Ytterdal
- 4. november: Toraderkurs med Hilde Fjerdingøy


Spelkurs med Thea Marie Ytterdal

Picture
Spelkurs med Thea Marie Ytterdal frå Eidsdal i Norddal Kommune.
Thea Marie har oppigjennom åra vist seg som ein dyktig og talentfull felespelar. Ho har etterkvart opparbeida seg mykje erfaring og kunnskap innanfor feletradisjonen på Indre Sunnmøre, og arbeidar i dag aktivt for at tradisjonen skal verte godt bevart. Sidan ho var lita har ho hatt ein brennande kjærleik for fela og dei litt "gløymde" slåttane. Thea Marie er student ved Ole Bull Akademiet, der ho no er halvvegs i ein bachelor i utøvande folkemusikk.


Instruktør: Thea Marie Ytterdal
Tid: 16. september, kl. 17.00-18.30.
Stad: Trollstigen Gjestegård, Isterdalen.
Pris: 200kr
For Kven: Kursa er for ungdom frå 13år som er dyktige på sitt instrument og vaksne.
Ansvarleg: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Påmelding: Send namn og instrument til folkemusikk@hivolda.no innan 7. september.

Etter kurset vert det mogleg å kjøpe buffè og delta på Spel- og dansetreff arrangert av Rauma Spelemannslag.


Toraderkurs med Hilde Fjerdingøy

PictureFoto: Filip Jers
Kurset er for deg som alt spelar torader, men som treng inspirasjon i form av nye melodiar og teknikkar. Som kurshaldar har vi fått med oss ei inspirerande dame frå Helgeland, Hilde Fjerdingøy. Ho vil sjå på speletekniske utfordringar og lære ut nokre nye melodiar.

Hilde Fjerdingøy vaks opp med toradermusikk i heimen og jobbar i dag som utøvande musikar og spelar mellom anna i Hildur Dansekompani og den svensk-norske gruppa Rim. Ho spelar musikk frå heile Norden og har fordjupa seg i musikken frå sitt heimområde Helgeland. Hilde har halde ei rekke kurs i folkemusikk og torader, i tillegg til undervisning på kulturskule og folkehøgskule. Ho spelar mykje til dans og held konsertar i inn og utland. Sjå nettsida til Hilde her: www.fjerdingoy.com
I tillegg til å ta med toraderen i G/C, kan det vere nyttig å ha med skrivesaker og notestativ.
 
Instruktør: Hilde Fjerdingøy
Dato: 4. november
Tid: 12.00-17.00
Stad: Blindheim Ungdomsskole (Ålesund)
Pris: Info kjem
Arrangør: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Påmelding: Innan 21. oktober til folkemusikk@hivolda.no


2016:

Inspirasjonskurs - torader

PictureFoto: Filip Jers
"Inspirasjonskurs -torader" er eit kurs for deg som alt spelar torader, men som treng inspirasjon i form av nye melodiar og teknikkar. Som kurshaldar har vi fått med oss ei inspirerande dame frå Helgeland, Hilde Fjerdingøy. Ho vil sjå på speletekniske utfordringar og lære ut nokre nye melodiar.

Hilde Fjerdingøy vaks opp med toradermusikk i heimen og jobbar i dag som utøvande musikar og spelar mellom anna i Hildur Dansekompani og den svensk-norske gruppa Rim. Ho spelar musikk frå heile Norden og har fordjupa seg i musikken frå sitt heimområde Helgeland. Hilde har halde ei rekke kurs i folkemusikk og torader, i tillegg til undervisning på kulturskule og folkehøgskule. Ho spelar mykje til dans og held konsertar i inn og utland.
Sjå nettsida til Hilde her: www.fjerdingoy.com
 
I tillegg til å ta med toraderen i G/C, kan det vere nyttig å ha med skrivesaker og notestativ.
 
Kurshaldar: Hilde Fjerdingøy
Dato: 16. oktober
Tid: 11.00-17.00
Stad: Myra kulturbygg, Vestnes
Pris: 300kr
Arrangør: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal

Påmelding: Innan 6. oktober til folkemusikk@hivolda.no eller 47409302


FOLKtema

Møre og Romsdal har ein rik danse- og speltradisjon. Alt frå reinlender til pariser, skorsk og springar. Spelemennene bak slåttane er mange, over heile fylket har vi hatt spelmenn med sitt unike slåtterepertoar. Gjennom ein kursserie på seks kurs ynskjer Folkemusikkarkivet å lyfte fram seks av desse spelemennene og slåtterepertoaret deira. Dette for å bidra til at ungdom og vaksne får kjennskap til sine lokale tradisjonar frå Møre og Romsdal.
Kursserien er støtta av Rådet for folkemusikk og folkedans.
 
Under finn du informasjon om kursa:

5. FOLKtema - Hallvard Ørsal og Ole Gussiås

Picture

Hallvard Ørsal (1876-1943)

Hallvard Ørsal var frå Todalen og er ein av dei mest kjende spelemennene frå Nordmøre. Han viste tidleg musikalske evner, deltok på kappleikar, spelte til dans og holdt konsertar. Hallvard Ørsal spela både fele og hardingfele.
 
Ole Gussiås (1908-2002)
Ole Gussiås var frå Ranvika, men budde i Molde meste parten av sitt liv. Repertoaret til Ole Gussiås er stort, og den viktigste kjelda var nok faren Peder Gussiås. Ole Gussiås har og hatt mykje kontakt og utveksla slåttar med mellom anna Hallvard Ørsal, Knut Ytterhaug, Nils Bakke, Erik Almhjell.
 
Instruktør: Jonas Hoksnes og Britt Elise Skram
Tid: 30. april, kl. 12-16.
Stad: Myra kulturbygg, Vestnes.
Pris: 300kr
For Kven: Kursa er for ungdom frå 13år som er dyktige på sitt instrument og vaksne.
Ansvarleg: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Påmelding: Send namn og instrument til folkemusikk@hivolda.no innan 22. april.


4. FOLKtema - Ola og Ivar Kjelstad

PictureFoto: Ole Eltvik

​FOLKtema: Ola Kjelstad (1854-1944) og Ivar Kjelstad (1868-1914) 
Ola kjelstad og Ivar Kjelstad var frå Synnylven. Ola Kjelstad var ein felespelar av høgste rang. Han komponerte ei mengde slåttar som f.eks. "Fossegrimen" og "Ei brylaupsaften på Seljeset". Ivar Kjelstad hadde ein avansert speleteknikk og reiste rundt i landet og heldt konsertar. 
Under kurset vil instruktør Britt Pernille Frøholm trekke fram slåttar frå repertoaret til desse to spelemennene.

​
Instruktør: Britt Pernille Frøholm er ein allsidig felespelar frå Hornindal i Nordfjord. Ho fekk tidleg kjennskap til den lokale slåttemusikken i bygda gjennom m.a. bestefaren Matias Frøholm, og fekk seinare gå i lære hos andre lokale spelemenn. Frøholm er utdanna frå Ole Bull Akademiet og har ein Mastergrad i Tradisjonskunst frå Høgskulen i Telemark der ho arbeidde med samtidsmusikk og improvisasjon på hardingfele, og har på dette grunnlaget jobba mykje med musikarar innan fleire ulike sjangrar. Ho har vore svært aktiv og ettertrakta som frilans musikar siste ti åra, og i tillegg til turnering i Noreg har ho også turnert i Japan, USA, Canada og store delar av Europa både med grupper og som solist. Frøholm har gitt ut ei rekkje plater og er for tida aktiv i gruppene MAAR, North Pole Experience, Boreas og Friensemblet, i tillegg til mange ulike solistoppdrag. Ho vart nyleg tildelt Oppland Fylkeskommune sitt kunstnarstipend for etablerte kunstnarar.
 
Tid: 17. januar, kl. 14-18.
Stad: Volda bygdetun, Volda.
Pris: 250kr
For Kven: Kursa er for ungdom frå 13år som er dyktige på sitt instrument og vaksne.
Ansvarleg: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Påmelding: Send namn og instrument til folkemusikk@hivolda.no innan 10. januar.

Kl. 20.00 vert det solokonsert med Britt Pernille Frøholm.


2015:
- 8. februar: FOLKtema: Petter Berli.
- 21. mars: FOLKtema: Peter L. Rypdal.
​- 29. august: FOLKtema: Erik Almhjell.

FOLKtema for ungdom

Møre og Romsdal har ein rik danse- og speltradisjon. Alt frå reinlender til pariser, skorsk og springar. Spelemennene bak slåttane er mange, over heile fylket har vi hatt spelmenn med sitt unike slåtterepertoar. Gjennom ein kursserie på seks kurs ynskjer Folkemusikkarkivet å lyfte fram seks av desse spelemennene og slåtterepertoaret deira. Dette for å bidra til at ungdom får kjennskap til sine lokale tradisjonar frå Møre og Romsdal. 
I fylket har vi fleire aktive spelemannslag og juniorspelemannslag. Dessverre er det få arrangement der ungdommen kan møtes på tvers av spelemannslagene. Folkemusikkarkivet håper denne kursserien ikkje berre kan være med å lyfte fram eit lite nytta slåtterepertoar, men og at ungdommane får ein moglegheit til å møte andre med same interesser.
Folkemusikkarkivet ynskjer at denne kursserien vil få ungdommene til å bli nysgjerrig på sine eigne tradisjonar, til å utøve den og formidle den vidare til andre.

Informasjon om kursserien finn du og på nettsida til Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal: www.folkemusikkarkiv.no
Kursserien er støtta av Rådet for folkemusikk og folkedans.

Under finn du informasjon om dei tre fyrste kursa i kursserien:

1. FOLKtema: Petter Berli

PictureFoto: Storfjordnytt
Petter Berli (1911-1999)
Petter Berli budde og dreiv som gardbrukar på Berli i Valldal heile sitt vaksne liv. Det var alltid mykje song og musikk i barndomsheimen. Petter starta å spele fele i 15-16 årsalderen. Han viste tidleg stor dyktigheit i felespel, og fekk mellom anna rettleiing i felespel av Hans Iversen frå Ålesund. Morfaren, Lars Petter Valdal, spelte mykje ilag med Bolstad, og kunne m.a. spele posisjonsspel. Petter førte arven vidare på framifrå vis. Han spelte mykje klassisk musikk i tillegg til slåttespel, og var medlem av ein strykekvartett i Valldal i mange år. I 1980 tok han initiativet til å skipe Valldal spelemannslag, der han var leiar fram til 1987. Petter vart mykje brukt som spelemann i bryllaup, på dansekurs og andre dansetilstellingar. Han har komponert nokre slåttar og ein del av desse er nedskrevne.  Berli deltok på mange kappleikar og vart honorert for sitt kraftfulle spel og sin gode bogeteknikk.

Instruktør: Ingunn Linge Valdal
Tid: 8. februar, kl. 12-16.
Stad: Stordal frivilligsentral, Sandvikgata 30B.
Pris: 200kr
For Kven: Kursa er for ungdom i alderen 13år+ som er dyktige på sitt instrument.
Ansvarleg: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Påmelding
: Send namn, alder og instrument til folkemusikk@hivolda.no innan 27. januar.

2. FOLKtema - Peter L. Rypdal

PictureFoto: RB
Peter L. Rypdal (1909-1988)
Peter L. Rypdal budde i Tresfjord heile sitt liv, ei bygd med sterkt musikkliv. Han lærte å spele av sin morfar, Jokob L. Kjersem (1862-1944), som var spelemann og regimentsmusikar. Også klarinettisten Nils E. Kjøpstad (1863-1935) var ein god læremeister. Rypdal sykla på besøk til Kjøpstad nesten kvar søndag i ungdomstida for å lære seg gamle slåttar og for å trene seg på å improvisere andrestemmer. 
Han komponerte fleire gode slåttar, og to av bruremarsjane hans blir framleis mykje brukt over heile landet.
I tillegg til folkemusikken hadde Peter stor interesse for klassisk musikk, og spelte både i strykekvartett og var med på å danne Fellesorkesteret (symfoniorkester for Tresfjord og Vestnes). Han var og med på å stifte Romsdal spelemannslag i 1936, eit av dei eldste spelemannslaga i Noreg.


Instruktør: Jorun Marie Kvernberg 
Tid: Laurdag 21. mars, kl. 16-20.
Stad: Ungdomshuset Høgtun i Vikebygda, Volda.
Pris: 200kr
For Kven: Kursa er for ungdom i alderen 13år+ som er dyktige på sitt instrument.
Ansvarleg: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Påmelding
: Send namn, alder og instrument til folkemusikk@hivolda.no innan 10. mars.

3. FOLKtema - Erik Almhjell

Erik Almhjell (1881-1963)
Erik Almhjell var spelemann og arbeidskar frå Sunndalen. Han arbeidde om dagane og spela om kveldane. "Med flittig øving fekk han dei tjukke fingrane sine til å finne dei rette grepa på strengene, og bogehanda gjekk lett og ledig. Han spela reint og roleg og malmfullt. Erik hadde stor vyrdnad for musikken og ville helst ikkje forandre slåttane, men spela dei mest mogleg i si opprinnelege form. Såleis kunne han øve på ei enkelt strofe kveld etter kveld heilt til han meistra alle vanskar. Samstundes prøvde han å halde greie på slåttane - kvar dei var komne ifrå og kven som hadde spela dei", fortel Erling Torske (Halse:47). 
Erik Almhjell gifta seg i en alder av 67 år med Magnhild Havdal frå Tingvoll. Og dei to budde med song og musikk på garden Åkerfallet i Tingvoll livet ut. Meir om Erik Almhjell kan du lese i vedlagt artikkel.

Instruktør: Hilde Bergfald
Tid: 29. august, kl. 12-16.
Stad: Reknes Ungdomshus, Molde.
Pris: 200kr
For Kven: Kursa er for ungdom frå 13år som er dyktige på sitt instrument og vaksne.
Ansvarleg: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Påmelding: Send namn og instrument til folkemusikk@hivolda.no innan 15. august.

Kursserien er støtta av Rådet for folkemusikk og folkedans.



2014:
- 23. februar: Springar frå Søre Sunnmøre.
- 3. juli: Kvedarkurs for ungdom.
- 4. juli: Springar og pols i Møre og Romsdal.
- 10. august: Inspirasjonskurs for klarinettistar.
- 31. august: Springar frå Romsdal.
- 7. september: Springar frå Sykkylven.



Kurs i spel og dans - Springar frå Sykkylven

Picture
Spelkurs med Elin Dyrkorn.
Kurset er for dykk som spelar eit instrument, og som er interessert i eit større springarrepertoar frå Sykkylven.

Dansekurs med Mathilde Øverland.
Kurset er for alle, anten du har dansa mykje eller lite før, er du velkomen.

Dato: 7. september.
Tid: 12.00-15.00: Spelkurs.
       15.30-18.30: Dansekurs.
Stad: Vik barneskule, Sykkylven.
Pris: Kr 200,- for eit kurs, kr 300,- for to kurs.

Påmelding til folkemusikk@hivolda.no innan 27. august.

Kursa er arrangert av Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal med støtte frå Rådet for folkemusikk og folkedans.

15. juni


Kurs i spel og dans - Springar frå Romsdal

Picture
Spelkurs med Britt Elise Skram.
Kurset er for dykk som spelar eit instrument, og som er interessert i eit større springarrepertoar frå Romsdal.

Dansekurs med Anna Gjendem og spelmann Liv Kvernberg.
Kurset er for alle, anten du har dansa mykje eller lite før, er du velkomen.

Dato: 31. august
Tid: 12.00-15.00: Spelkurs.
15.30-18.30: Dansekurs.
Stad: Reknes Ungdomshus, Molde
Pris: Kr 200,- for eit kurs og 300,- for to kurs.

Påmelding til folkemusikk@hivolda.no innan 20. august.

Kursa er arrangert av Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal med støtte frå Rådet for folkemusikk og folkedans.


2.juni


Inspirasjonskurs for klarinettistar

Picture
På inspirasjonskurs for klarinettistar vil vi fokusere på klarinetten som folkemusikkinstrument, både solo og i samspel.
Vi vil sjå på speletekniske utfordringar ved å spele folkemuskkmelodiar på eit blåseinstrument – frasering, artikulasjon og rytme, samt tips til tolking av melodiar mest spelt på andre instrument(t.d. fele).
Klarinetten brukt i samspel med andre instrument, i grupper og spelemannslag vil og bli teke opp. Teknikkar for stemmespel, arrangement for klarinett samt ulike roller for klarinetten i eit ensemble(melodi, stemme, akkompagnement, etc.) vil verte diskutert og utprøvd.

I tillegg til praktisk arbeid og spel på klarinett, vil det vere mogleg å sjå på videoar og høyre opptak av klarinetten i bruk i folkemusikk, både solo og i grupper.

I tillegg til å ta med klarinetten på kurset, kan det vere nyttig å ha med skrivesaker og gjerne noko å ta opp lyd med.
Velkomne!

Kurshaldar: Ine Nord
Dato: 10. august
Tid: 12.00-17.00
Stad: Sandvegen 4, Molde.
Pris: 300kr
Påmelding: Innan 3. august til folkemusikk@hivolda.no

Ine Nord
Ine Nord er utøvar av norsk og nordisk folkemusikk. Ho held for tida på med å avslutte ein mastergrad i utøvande folkemusikk ved Sibeliusakademiet i Helsingfors, Finland.
Hovudinstrumentet til Ine er klarinetten, og ho er oppteken av bruken av instrumentet både tradisjonelt i folkemusikken og i meir moderne settingar.
Ho har også sett seg grundig inn i klarinetten si historiske betyding i den nordiske folkemusikkscena.

Ine opptrer aktivt på konsertar, både solo i prosjektet Ine Nord – Loooking Back, og i større og mindre ensemble, mellom andre blåseinstrumentgruppa We/Blow (https://soundcloud.com/weblowband) og Sibelius Akatemia Folk Big Band (https://soundcloud.com/sibafolkbigband). Ho opptrer også på prosjektbasis i større og mindre konstellasjonar.

9.juli

Kurs i dans - Springar og pols i Møre og Romsdal

“Far sa han dansa 33 springdansar etter kvarandre" - springar og pols i Møre og Romsdal.
Kurset vil ta føre seg dei ulike springdansane og polsdansane i Møre og Romsdal . I dag reknar me at ein har seks ulike springar/ polsformer, alle med sine likskapar og ulikskapar. På dette kurst vil du få ein smakebit på alle desse seks dansane: Polsdans frå Nordmøre, springdans frå Romsdal, springar frå Tafjord, springar frå Sykkylven, springar frå Nordre Sunnmøre og springar frå Søre Sunnmøre.

I løpet av kurset vil ein koma inn på spørsmål som: Kva er kjernen i dansen? Kva er likskapet? Korleis er musikken? Korte eller lange dansar? Bygdedanssnu eller runddanssnu?

Kurshaldar er Anna Gjendem og Jannike Svensvik er med på fele. Anna har bachelor i utøvande tradisjonsdans og skriv no på master i tradisjonskunst ved Høgskulen i Telemark. Anna arbeider i dag som utøvande profesjonell folkedansar, og er dagleg leiar ved Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal. Ho brukar tradisjonsdans og-musikk i undervising av alt frå barnehagar til eldre menneske, og har undervist i Den kulturelle skulesekken og i Kulturskuletimen.


Dato: 4. juli.
Tid: 10.00-15.00
Stad: Folkedansfestivalen i Ørsta
Pris: Sjå info her.


Meir info om Folkedansfestivalen og påmelding finn du her.
2.juni

Kvedarkurs for ungdom

På desse songkursa gjev Kine Iselilja deg ei innføring i teknikk og repertoar i folkesong. Kine Iselilja Gyldenskog kjem frå Tingvoll på Nordmøre. Ho har tidlegare studert musikk på høgskulen i Vestfold men valde tilslutt folkesongen og Rauland, kor ho no er på sitt tredje år. Kine har fordjupa seg i nordmørstradisjonen, og er veldig glad i songarva etter Magnhild Almhjell.

Dato: 3. juli
Tid: 09.00-16.00
Stad: Sommarleiren til NU i Ørsta
Pris: Sjå info her.

Meir info om Sommarleiren og påmelding finn du her.

2.juni

Kurs i spel og dans - Springar frå Søre Sunnmøre

Picture
Spelkurs med Jorun Marie Kvernberg.
Kurset er for dykk som spelar eit instrument, og som er interessert i eit større springarrepertoar frå Søre Sunnmøre.

Dansekurs med Live Karin Liaskar.
Kurset er for alle, anten du har dansa mykje eller lite før, er du velkomen.

Dato:    23. februar.
Tid:       12.00-15.00: Spelkurs.
             15.30-18.30: Dansekurs.
Stad:     Konsertsalen, Kaarstadhuset ved Høgskulen i Volda.
Pris:      Kr 200,- for eit kurs, kr 300,- for to kurs. Gratis for studentar ved Høgskulen i Volda.

Påmelding til folkemusikk@hivolda.no innan 13. februar.

Kursa er arrangert av Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal og Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag med støtte frå Rådet for folkemusikk og folkedans.

15. desember






2013

- 27. desember: Polsdans frå Nordmøre.
- 1. desember: Springar frå Tafjord.
- 24.-27. oktober: Instrumentbyggjekurs i Molde.


Juledans med kurs - Polsdans frå Nordmøre

Picture
Dansekurs med Kirsty McKinnon og spelmann Runhild Heggem. Songkurs med Kine Iselilja Gyldenskog.
Juledans med mellom anna Bjarne Lien, Roe Skavnes og Odd Staurset.

Dato:    27. desember
Tid:      12.00-15.00: Songkurs.
            15.30-18.30: Dansekurs.
            19.00-> Juledans.
Stad:    Reknes Ungdomshus, Molde
Pris:     1 kurs + juledans: Kr 350.
            2 kurs + juledans: Kr 400.
            Juledans: kr 150.
            Under 16 år - kurs + juledans: Kr 150.

Påmelding til folkemusikk@hivolda.no innan 18. desember. Meir info her - www.folkemusikkarkiv.no

Kursa er arrangert av Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal med støtte frå Rådet for folkemusikk og folkedans.
Juledansen er arrangert av Anna Gjendem i samarbeid med BUL Molde.



Kurs i spel og dans - Springar frå Tafjord

Picture
Fokus på springar/pols:
Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal ønskjer å arbeide ut frå tanken: «Vert det ikkje spilt springar, vert det heller ikkje dansa springar. Vert det ikkje dansa springar, så vert det ikkje spilt». Derfor ønskjer  vi å arrangerer ein kursserie på seks kurs i både spel og dans.

Første springar ut er: Springar frå Tafjord
Dansekurs med Anna Liv S. Gjendem og spelmann Thea Marie Ytterdal. 
Spelkurs med Ingunn Linge Valldal.

Dato:       1. desember 
Tid:         12.00-15.00: Dansekurs.
               15.30-18.30: Spelkurs.
Stad:       Grendasalen i Stordalshallen - Stordal.
Pris:        Kr 200,- for eit kurs, kr 300,- for to kurs.

Påmelding til folkemusikk@hivolda.no innan 18. november. 

Kursa er arrangert av Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal med støtte frå Rådet for folkemusikk og folkedans.


MØRO-springar i spel og dans

Folkemusikkarkivet har fått støtte til en kursserie i dans og spel - her kan du les litt om planene våre:

Møre og Romsdal har en rik danse- og spel-tradisjon. Alt fra reinlendervariasjoner til pariser, skorsk og spingar. Spekteret er stort, men desverre er det få som kjenner til og benytter seg av fylkets egne tradisjonsdanser. Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal ser at bygdedansen står svakt. Etter flere år med observasjon på kappleiker og andre arrangementer ser vi at denne sjangeren benyttes i liten grad. Du er heldig om du opplever at det blir spilt en springar i løpet av en dansekveld.

Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal ønsker å arbeide ut fra tanken: «Blir det ikke spilt springar, blir det heller ikke danset springar. Blir det ikke danset springar, så blir det ikke spilt». Derfor ønsker vi å arrangerer en kursserie på seks kurs i både spel og dans.

Vi planlegger å arrangere kurs i følgene bygdedanser:
1. Springar fra Tafjord
2. Polsdans fra Nordmøre
3. Springar fra Søre-Sunnmøre
4. Springar fra Sykkylven
5. Springar fra Romsdal
6. Springar fra Nordre-Sunnmøre

Kursene vil bli arrangert i området der dansen hører hjemme. Dette for å styrke lokalemiljøet, men andre interesserte i fylket er selvsagt velkommen.

Vi legger kursene til lørdager eller søndager. Vi tenker oss tre kurs i halvåret. En kursdag kan se slik ut:
12.00-15.00: Spelkurs.
15.30-18.30: Dansekurs.
I forlengelse av kursene oppfordrer vi lokal spelmannslag/danselag til å arrangere dansekveld.

Instruktører og spelmenn: Folkemusikkarkivet har gode kontakter i miljøet innen både dans og spel. Vi ønsker å benytte lokale krefter som instruktører i både spel og dans.

1. oktober

Instrumentbyggjekurs i Molde, 24. -27. oktober

Har du lenge drømt om å bygge ditt eget instrument? Nå har du muligheten!
Instrumentbygger Christoph Löcherbach fra Tyskland kommer til Norge for at du skal få prøve deg på instrumentbygger. Du kan velge mellom en rekke instrument, blant annet dulcimer, forskjellige harper, memlingfele, monochord osv. Det beste med dette kurset er at du ikke bare har bygget ett instrument selv, men at du har det for resten av livet.


Hvor: Sløydsalen på Bergmo ungdomsskole i Molde. 
Når: Fra torsdag 24. oktober (ettermiddag) til søndag 27. oktober (ettermiddag).
Hvem kan delta? Dette kurset passer både for deg som er nybegynner og for deg som har litt erfaring med trearbeid.

Påmelding innen 18.juli til folkemusikk@hivolda.no. Kurset har begrenset med plasser - så her er det lurt å være rask. Førstemann til mølla!

Kurset er et samarbeid med Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal og Molde bymuseum. Har du spørsmål kan du ta kontakt med Anna Gjendem. 

Ønsker du tilsendt info med instrumentliste, send en E-post til arkivet.

1. oktober
Powered by Create your own unique website with customizable templates.