Ny nettside!
Viti(musea på Sunnmøre) har fått ny nettside. På www.vitimusea.no finn du no informasjon om Folkemusikkarkivet.
Denne nettsida vert ikkje oppdatert.
Nytt notehefte - "Klinken og 16 andre slåttar frå Møre og Romsdal".
Heftet inneheld 17 slåttar som kjem frå ulike stader i fylket. Alle slåttane er arrangerte for G/C-toradar med to stemmer, og er skriven ned med både vanlege notar, og talnotar. Slåttane spriker i vanskegrad, så alle kan finne noko som passar sitt nivå.
Pris 250kr + evt. porto
Ynskjer du å få tilsendt eit eksemplar?
Send bestilling til [email protected]
Ungdomsprosjektet Raudan gull 5
Notesamlingar på nett
I høve 30-årsjubileet slepp vi i Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal delar av notesamlinga vår på internett! Materialet vert tilgjengeleg gjennom nettsida til KulturNett. Fylkessenteret for digitalisering av kulturarv og interkommunalt arkiv Møre og Romsdal har stått for digitaliseringa, medan Folkemusikkarkivet har registrert notane. Til no er det lagt ut nærare 8000 ark på nettsida. Arbeidet er ikkje heilt ferdig og det vil bli fylt på med fleire notesamlingar i tida framover. Det er berre å gle seg!
Du finner også «Folkemusikkbladet» frå 1986-2014 på nettsida.
Ein takk til Møre og Romsdal Fylkeskommune som har støtta dette prosjektet.
Vi håper at denne nettsida vil gjere det enklare å finne og bruke tradisjonsmaterialet frå Møre og Romsdal!
Følg denne linken for å komme direkte til nettsida:
http://db.ikamr.no/Folkemusikkarkivet-for-Moere-og-Romsdal?fbclid=IwAR0EvWzKhlBDDlUKeubencESHU_Xbiuzhdzvn4xyYZ6XhT6bGyC8Euibm6k

Spelkurs med Vidar Underseth!
#mittfolkemusikkarkiv
I desse koronatider må vi prøve å få arkivet/arkivmaterialet ut til alle dykk på andre måter. Difor har vi no starta eit prosjekt som vi har valgt å kalle #mittfolkemusikkarkiv. På Facebook-sida vår, Folkemusikk i Møre og Romsdal, vil vi i tida framover legge ut videoar av forskjellige utøvarar frå fylket. I videoane vil dei fortelje om sin favorittkjelde, favorittsong eller favorittdans frå Møre og Romsdal.
Dette gleder vi oss veldig til!
Vil du bidra med ein video kanskje? Send oss gjerne ein video på e-post: [email protected]!
Vi vil gjerne ha med så mange som mogleg :)
#mittfolkemusikkarkiv
Dette gleder vi oss veldig til!
Vil du bidra med ein video kanskje? Send oss gjerne ein video på e-post: [email protected]!
Vi vil gjerne ha med så mange som mogleg :)
#mittfolkemusikkarkiv
Fylkeskappleiken 2020
21-22 mars vert det Fylkeskappleik i Surnadal.
Førebels program:
Laurdag 21. mars
11.00 Opning og tevling
17:30 Premieutdeling hittil deltaking
18.30 Konsert med Kviven duo m/gjester
20:00 Tevling og Dans til klassen lagspel med komp
Søndag 22. mars
10.00 Årsmøte Møre og Romsdal Folkemusikklag
11.00 Tevling
Xx:xx Premieutdeling (avhengig av påmelding)
Eit endeleg program kjem etter påmeldingsfristen 1. mars!
For meir informasjon om påmelding: http://www.folkemusikklag.no/paamelding-og-klasser.287571.nn.html

Instruktørar våren 2020
I Møre og Romsdal har vi mange flinke instruktørar både i spel, dans og vokal. Vi ynskjer å lyfte fram og gjere desse instruktørane tilgjengelege for spelemannslag, danselag, ungdomslag, musea og kulturskular. Kvart halvår vil vi tilby 3-4 instruktørar. Desse instruktørane kan de leige inn til kurs og øvingskveldar.
Vi tilbyr:
- Kurs i spel fele med Britt Elise Skram
- Kurs i folkedans med Ola Gram
- Kurs i spel trekkspel med Arne Johnson
- Kurs i spel fele med Solveig Eide Grønningsæter
Vi vert samde om pris alt etter lengd på kurset. Folkemusikkarkivet yter noko økonomisk stønad til kursa.
Send E-post til [email protected] fram til 26. januar med:
- Kva instruktør du ynskjer
- Kva tid og stad
- For kven kurset skal vere
Vi håper spelemannslag, danselag, ungdomslag, musea og kulturskular nyttar seg av lærekreftene vi har i fylket.

Raudan Gull 4 - Til glede og gavn
Konsert og dans // Til glede og gavn
Laurdag 1. februar 2020, kl 19.00 i Tresfjord. Tradisjonsmusikk og -dans frå Stordal og Norddal Sturla Eide, Thea Marie Ytterdal, Kine Iselilja Gyldenskog, Astrid Ringdal, Vidar Underseth og Anna Gjendem har vore instruktørar for 43 ungdommar i prosjektet «Raudan gull 4». Saman har dei lyfta fram lokale folkemusikkskattar frå Stordal og Norddal. «Indbyggerne lægge sig og meget efter Musique, ventelig for at fordrive den Eensomhed, som falder der meere almindelig end andensteds. Paa denne Maade henbringer folket sin tid med fornøielse, og det saa meget meere, som de ikkun lidet vide af Sygdomme at sige, og befindes derfor ofte at have opnaaet en usædvanlig høi alder» (Hans Strøm, 1756) Folkemusikken frå Norddal og Stordal er gamal, og mange slåttar og songar kan sporast tilbake til 1700- og 1800-tallet. Arven etter mellom anna Myre-Mons, Rasmus Skuset, Knut Støle, Olivia Busengdal og Petrine Vidhammer, vert no lyfta fram i lyset på ny i nye former. Arrangementet er ei markering av at Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal er 30 år i 2020. Etter konserten vert det dans utover kvelden til spelemannslag frå fylket. Medverkande: Ungdom frå Tingvoll, Molde, Orkdal, Vestnes, Rauma, Vatne, Ålesund, Norddal, Stranda, Sykkylven, Vanylven, Volda, Ørsta, Haram og Herøy. Sturla Eide (fele), Thea Marie Ytterdal (fele), Kine Iselilja Gyldenskog (song), Anna Gjendem (dans) og Jorun Marie Kvernberg (arr. song). Ungdomsprosjektet «Raudan gull 4» er støtta av Dextra-fondet, Møre og Romsdal Fylkeskommune, Møre og Romsdal Folkemusikklag, Sunnmøre Frilynde Ungdomslag og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal. Foto: Edmund Melkild
Instruktørar hausten 2019
|
I Møre og Romsdal har vi mange flinke instruktørar både i spel, dans og vokal. Vi ynskjer å lyfte fram og gjere desse instruktørane tilgjengelege for spelemannslag, danselag, ungdomslag, musea og kulturskular. Kvart halvår vil vi tilby 3-4 instruktørar. Desse instruktørane kan de leige inn til kurs og øvingskveldar.
Vi tilbyr:
Vi vert samde om pris alt etter lengd på kurset. Folkemusikkarkivet yter noko økonomisk stønad til kursa.
Send E-post til [email protected] fram til 20. august med:
Vi håper spelemannslag, danselag, ungdomslag, musea og kulturskular nyttar seg av lærekreftene vi har i fylket.
Helsing
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Vi tilbyr:
- Kurs i speling på toradar med Rune Sjurgard
- Kurs i folkedans med Birgitte Nielsen
- Kurs i spel fele med Elin Dyrkorn
- Kurs i spel fele med Jorunn Marie Remen
Vi vert samde om pris alt etter lengd på kurset. Folkemusikkarkivet yter noko økonomisk stønad til kursa.
Send E-post til [email protected] fram til 20. august med:
- Kva instruktør du ynskjer
- Kva tid og stad
- For kven kurset skal vere
Vi håper spelemannslag, danselag, ungdomslag, musea og kulturskular nyttar seg av lærekreftene vi har i fylket.
Helsing
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Spelkurs med Marie Skavnes i Isterdalen 14. september
Marie Skavnes er 41 år, utdanna veterinær og busett i Gausdal. Marie har delteke aktivt i solo fele klasse A, og har spelt i fleire ulike spelemannslag og gammeldansgrupper.
Ho kjem frå Vestnes, lærte å spele fele av Olav P. Hjelvik og var i fleire år med i Spelemannslaget Dåm og Drag. Morfaren hennar, Magne Fagervik frå Tresfjord, spelte fele og var ein tradisjonsbærar på 1930-tallet. Marie har arva både fela og mykje notar etter han, og har teke hans tradisjon vidare.
Veterinærutdanninga tok ho i Uppsala og fekk då lære mykje om svensk tradisjonsmusikk og gehørspel. Ho busette seg deretter i Gudbrandsdalen og har hatt feleundervisning for born gjennom Vardkampen juniorspellmannslag. Ho har òg holdt
felekurs under Scandinavian folkmusic festival i Nisswa, USA i 2013.
Saman med mannen Øyvind Selnes (gitar) har ho vunne Open klasse på Landsfestivalen i 2015 og Samspel senior i 2018.
Dato: 14. september
Tid: 17.00-18.30
Stad: Trollstigen Gjestegård, Isterdalen
Pris: 200kr
For kven: For ungdom frå 13 år og vaksne.
Ansvarleg: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Påmelding: Send namn og instrument til [email protected] innan 5. september
Etter kurset vert det mogleg å kjøpe buffet og delta på Spel- og dansetreff arrangert av Rauma Spelemannslag.
Helsing
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal ved Anna Gjendem

Arbeid for folkemusikken og folkedansen
Thea Marie Ytterdal og Marius Berglund har vore tilsett i Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal og Stiftinga Sunnmøre Museum sidan midten av september, og har hatt mykje å gjere.
Mellom anna har dei vore medinstruktørar i ungdomsprosjektet "Raudan gull 3" som skal ha samling og konsert 12. januar i Ørsta Kulturhus. Dei har starta lurgruppe i Hellesylt Ungdomslag, Juniorspelemannslag for indre Sunnmøre og Norsk Fjordorkester. Dei har vore gjesteinstruktørar i Grendalaget, Tressalaget, Valldal Spelemannslag, hjelpt til under Sjokoladekappleiken og spelt til dans for Sykkylven Ungdomslag.
På nyåret vert det i tilegg lurkurs i Molde, samarbeid med nokre kulturskular og ungdomslag på Nordmøre, start av toradergruppe i Sykkylven Ungdomslag og mykje meir.
Ein rekk ikkje over alt, men får likevell gjort mykje!
Film av
- Indre Sunnmøre juniorspelemannslag - sjå her.
- Lurgruppa i Hellesylt Ungdomslag - sjå her.
- Thea Marie Ytterdal og Marius Berglund - sjå her.

Nytt notehefte!
Folkemusikkarkivet har den glede av å presentere eit flunkande nytt notehefte - Nils Bakke -.
Noteheftet Nils Bakke inneheld mellom anna:
- Eit portrett av spelemannen Nils Bakke, av Mary Barthelemy.
- "National musik. Nils Bakke fortæller om sig selv til Tidens Krav".
- Notar og arkivcd med 28 slåttar spela av Nils Bakke i 1960. Det er Ola Gjendem sine spolebandsopptak som Ånon Egeland har transkribert.
Heftet kostar 300kr + evt. porto
Send ein E-post til oss om du ynskjer å tinge heftet: [email protected]
Eit lyft for folkemusikken og folkedansen
I september tilsette Stiftinga Sunnmøre Museum og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal to folkemusikarar i 40% stilling i to år. Dei nytilsette skal jobbe med å lyfte folkemusikken og folkedansen i Møre og Romsdal.
Interessa for folkemusikk og folkedans har svinga opp og ned. Eldsjeler gjev seg og er ein heldig så er det nokon som kan ta over arbeidet med å formidle arven vidare til nye generasjonar. Ved hjelp av stønad frå Møre og Romsdal fylkeskommune har Stiftinga Sunnmøre Museum og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal endeleg fått høve til å tilsette to folkemusikarar. Dei nytilsette er Thea Marie Ytterdal (23 år) frå Eidsdal og Marius Berglund (25 år) frå Sjøholt. Thea Marie spelar fele og har oppgjennom åra opparbeida seg mykje kunnskap om feletradisjonen på Indre Sunnmøre. Ho er student ved Ole Bull Akademiet, der ho no er i siste innpurt av sin bachelor i utøvande folkemusikk. Marius Berglund er ein allsidig trekkspelar som avslutta sine utøvande studiar ved Norges Musikkhøgskole vintaren 2016. Han gjekk tidligare på folkemusikklinja ved Vinstra vidaregåande skule. Marius spelar både trekkspel og toradar.
Dei nytilsette har fleire planar for tida framover. Fyrst går det nok ein del tid på å bli kjent med miljøet og finne kvar dei skal sette inn støtet. Det vert allereie arbeida med å starte eit juniorspelemannslag for indre Sunnmøre med kommunane Stranda, Nordal og Stordal. Undervisning og samarbeid med toradar-/trekkspelgrupper i fylket, ungdomssamlingar, start av lurgruppe i Hellesylt Ungdomslag, speling til danselag og mykje meir.
Det er mykje bra som vert gjort for folkemusikken og folkedansen i fylket. Spelemannslag og danselag gjer en viktig jobb med å halde arven levande. Det vert arrangert ein del dansefestar, konsertar og kappleikar. I tillegg er det fleire produksjonar i Kultursekken som arbeidar med dette. Møre og Romsdal har òg delteke i prosjektet Folkepedia som er ein viktig arena for å formidle og lære vekk lokale dansar i skulen og i danselaga.
No vonar vi Thea Marie Ytterdal og Marius Berglund kan bidra til at vi får lyfta folkemusikken og folkedansen enda meir.

Avisutklipp
Her kan du sjå ein smakebit av avisartikklane som har vore trykt den siste tida:
Nye filmar frå Folkepedia!
På Folkepedia.no finn du nye dansefilmar innspela av born frå Vatne, Molde og Stordal. Dei dansar mellom anna: - Sunnmørsreinlender - Storbytar - Ein bonde i vår by - Lille and - Herr Smett Du finn også Folkepedia på Facebook. |
|
Nytt notehefte!
Gratulerer med dagen til 97 åringen Olav P. Hjelvik. Vi feirar med eit flunkande nytt notehefte.
I heftet finn du:
- Slåttane som Olav P. Hjelvik har laga sjølv.
- Eit portret av spelemannen Olav P. Hjelvik, av Anna Malene Eik.
- Artikkel om Song- og musikklivet på Vågstranda, av Gudmund Furu.
Heftet kostar 200kr
Send ein E-post til oss om du ynskjer å tinge heftet: [email protected]
24. august
Kurs arrangert av Folkemusikkarkivet haust 2017
16. september - Spelkurs med Thea Marie Ytterdal
Spelkurs med Thea Marie Ytterdal frå Eidsdal i Norddal Kommune.
Thea Marie har oppigjennom åra vist seg som ein dyktig og talentfull felespelar. Ho har etterkvart opparbeida seg mykje erfaring og kunnskap innanfor feletradisjonen på Indre Sunnmøre, og arbeidar i dag aktivt for at tradisjonen skal verte godt bevart. Sidan ho var lita har ho hatt ein brennande kjærleik for fela og dei litt "gløymde" slåttane. Thea Marie er student ved Ole Bull Akademiet, der ho no er halvvegs i ein bachelor i utøvande folkemusikk.
Instruktør: Thea Marie Ytterdal
Tid: 16. september, kl. 17.00-18.30.
Stad: Trollstigen Gjestegård, Isterdalen.
Pris: 200kr
For Kven: Kursa er for ungdom frå 13år som er dyktige på sitt instrument og vaksne.
Ansvarleg: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Påmelding: Send namn og instrument til [email protected] innan 7. september.
Etter kurset vert det mogleg å kjøpe buffè og delta på Spel- og dansetreff arrangert av Rauma Spelemannslag.

4. november - Toraderkurs med Hilde Fjerdingøy
Kurset er for deg som alt spelar torader, men som treng inspirasjon i form av nye melodiar og teknikkar. Som kurshaldar har vi fått med oss ei inspirerande dame frå Helgeland, Hilde Fjerdingøy. Ho vil sjå på speletekniske utfordringar og lære ut nokre nye melodiar.
Hilde Fjerdingøy vaks opp med toradermusikk i heimen og jobbar i dag som utøvande musikar og spelar mellom anna i Hildur Dansekompani og den svensk-norske gruppa Rim. Ho spelar musikk frå heile Norden og har fordjupa seg i musikken frå sitt heimområde Helgeland. Hilde har halde ei rekke kurs i folkemusikk og torader, i tillegg til undervisning på kulturskule og folkehøgskule. Ho spelar mykje til dans og held konsertar i inn og utland. Sjå nettsida til Hilde her: www.fjerdingoy.com
I tillegg til å ta med toraderen i G/C, kan det vere nyttig å ha med skrivesaker og notestativ.
Instruktør: Hilde Fjerdingøy
Dato: 4. november
Tid: 12.00-17.00
Stad: Blindheim Ungdomsskole (Ålesund)
Pris: Info kjem
Arrangør: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Påmelding: Innan 21. oktober til [email protected]

Folkepedia vår 2017
I vår har vi filma to gongar i MogR. Ei helg i mai med born frå Vatne frilynde Ungdomslag, Stordal juniorlag og Romsdalsmuseets Leikarring. Og ei helg i juni med born frå Romsdalsmuseets Leikarring.
Det vart filma lokale dansar som "Tremannsril fra Aure", "Sunnmørsreinlender" og "Springar frå Tafjord", og mykje brukte dansar/leikar feks. "Ein bonde i vår by", "Lille and" og "Herr Smett".
Vi gler oss til å sjå resultatet på Folkepedia.no etter sumaren.
Årsrapport/aktivitetsmelding
Her kan du lese kva Folkemusikkarkivet har brukt året 2016 til - Årsrapport/aktivitetsmelding 2016.
Flott kappleik i Fosnavåg
Folkemusikkarkivet filma og tok lydopptak under fylkeskappleiken i Fosnavåg 25.-26. mars. Her kan du sjå nokre smakebitar:
|
|
|
|
Syngjaren
Gamle tonar frå ein streng og tonar frå røysta syng ut i ei ny tid. Dei krinsar seg mellom fjordar og fjell, i gamle og unge sjeler som vert freista til å danse. Inn i øyra som lyttar, inn i fingrane som grip etter strengen. Lat slåttane syngje inn i deg og ut i kroppen - nyt!
CDen inneheld springar-, polsdans- og halling-slåttar frå Møre og Romsdal. Spelt av åtte av dei fremste folkemusikarane frå fylket:
Jorun Marie Kvernberg (fele), Britt Elise Skram (fele), Knut Ivar Bøe (trekkspel), Ingunn Linge Valldal (fele), Torgeir Leivdal (fele), Unni Boksasp (song), Øystein Sandbukt (gitar) og Gro Kjelleberg Solli (song).
Her kan du lese CD-meldinga som var trykt i Folkemusikk nr. 4/2016:

folkemusikk_2016-4-syngjaren[2].pdf | |
File Size: | 463 kb |
File Type: |
Gløtt frå samlingane - Sunnmørsjentene
|
Vi har kome langt på jobben med å digitalisere Video8-samlinga vår. Her får du ein liten smakebit av det nydigitaliserte materialet:
Sunnmørsjentene var eit felelag med medlemar frå sunnmørsbygdene Valldalen, Stranda og Velledalen. Arne Fedt var musikalskrettleiar den første tida. Slåttetilfanget henta dei mest frå dei indre fjordbygdene og frå Stafsetsamlinga. Laget var aktivt med på fleire kappleikar og gjorde det bra. Her kan du sjå eit opptak frå Fylkeskappleiken i Molde, 1991. Slått: "Kølaguten" springar etter Gamle-Hjortdalen (1803-1884). Desse er med på opptaket: Embjørg Julianne Wollen, Kristin Vassbotn, Ingunn Linge Valdal (leiar), Janne Brunstad, Bergljot Hjortdal og Nina Lødøen. 15.november |
Folkemusikkstudentar
Det er kjekt når unge tek valet om å studere folkemusikk. I Norge er det fleire moglege stader å studere dette emnet: Vinstra vidaregåande skule, Noregs Musikkhøgskule, Høgskulen i Telemark avd. Rauland og Ole Bull Akademiet. Frå Møre og Romsdal er det studentar på alle fire skulane. At desse unge menneska vel å studere folkemusikk er veldig bra og viktig for Folkemusikkarkivet.
Vi har sendt ”våre” elevar frå Vinstra vidaregåande skule nokre spørsmål. Her kan du lese kva dei tenkjer om:
1: Kva er det beste med å vere folkemusikkstudent?
2: Kva innan musikk interesserer deg mest?
3: Kva er din favorittslått?
4: Kven er ditt største idol innan folkemusikk/folkedans og kvifor?
5: Kva drøymer du om å gjere med musikken i åra framover?
6: Kvifor er musikk viktig for deg?

Namn: Kristine Tuva Kveen
Alder: 17 år Frå: Sykkylven Bustad: Vinstra Lag: Spira Studentspellemannslag Instrument: Kveding 1: Det beste med å være folkemusikkstudent er jo at vi får bli med på mange kjekke ting og at oss har eit veldig godt miljø. 2: Eg gjekk første året mitt på Fagerlia i Ålesund der eg hadde vanleg musikk/klassisk og det passa ikkje heilt for meg, så eg tenkte at eg sku prøve folkemusikk fordi det hørdest spennande ut. Så det som interesserer meg er vel folkemusikk historie og det å få prøve nye ting som for eksempel kveding og fele. 4: Mitt idol innan folkemusikk det må være Ingebjørg Brattland og Odd Nordstoga, det er fordi dei begge er flinke folkemusikere og dei har nådd langt i musikk bransjen. 5: Eg har ein liten drøm om å kunne bli musikar men eg har lyst å bli lærar innanfor musikk/folkemusikk på vidaregåande nivå, så det blir nok det eg satsa på. 6: Musikk er viktig for meg fordi, det gir meg mykje glede og det er noko eg liker og drive på med, og det gjer skulekvardagen artigare fordi eg har ikkje berre vanleg studie men musikk blir inkludert i studie tida så det er veldig motiverende, kjekt og lærerikt. Namn: Olav Hanem
Alder: 17 år Frå: Tingvoll på Nordmøre. Bustad: Vinstra Lag: Spira studentspelemannslag på Vinstra videregående skole. Instrument: kontrabass/bassgitar. 1: Det beste med å være folkemusikkstudent er etter min mening at det er så frie tøyler. Jeg studerer folkemusikk, men jeg får også innblikk i andre sjangere via andre elever på musikklinjen. Jeg lærer ikke bare om folkemusikk, tvert imot. Blues, jazz, reggae, hiphop, rock, metal osv. Listen er enorm. Så setter jeg også veldig stor pris på at vår lærer, Tom Willy Rustad er så åpen for forslag. Om vi spiller en tradisjonsrik springar, er det fortsatt åpent for litt mere “moderne” innslag. Et godt eksempel på dette er basslinjer som ligner på noe Deep Purple kunne ha skrevet. Jeg spiller i et spellemannslag, men også i et progressivt rockeband, jazzband og funkband. 2: Det er ikke noe spesifikt som interesserer meg mer eller mindre enn andre ting. Så lenge det er noe jeg kan lære som jeg vil få bruk for senere er jeg alltid interessert. Derfor liker jeg å lære mest mulig om sjangere som bærer videre til alle andre typer sjangre. Noen eksempel på dette er jazz, blues og folkemusikk, men selvsagt er jeg mest interessert i mitt hovedinstrument som er kontrabass/ bassgitar. Jeg lærer meg også flere forskjellige instrumenter her. Munnharpe, slagverk og piano. 3: I spira har jeg dessverre ingen favorittslåtter, men jeg liker mye av det vi spiller. Det er vanskelig å velge seg ut en favoritt. I tillegg til slåtter spiller vi også mye annet som gjør det vanskelig å ta standpunkt i hva som er min klare favoritt. 4: Mitt største idol når det kommer til folkemusikk er min begavede lærer: Tom Willy Rustad. Jeg er overbevist over at han er den som vet mest om norsk folkemusikk i hele verden. Han er også en fryktelig god motivator, og ikke minst pedagog. Han er også en veldig ydmyk mann med tanke på at han er så ekstremt dyktig. Stort sett er han en veldig dyktig musiker som ønsker kun det beste for sine elever. Vi i Spira har inntrykket av at han er villig til å gjør alt for oss. Han kaller oss for “englebarna mine”, noe som vi synes er veldig hyggelig. 5: Mine mål og drømmer er å til slutt utdanne meg til utøvende musiker. Når jeg er ferdig med folkemusikklinja på Vinstra vil jeg gjerne studere musikk videre. Om jeg skal gå på jazzlinje eller folkehøyskole har jeg fortsatt ikke bestemt meg for, men jeg er sikker på at jeg skal studere musikk. Jeg har også veldig lyst til å spille inn egenkomponerte låter i løpet av dette året. Kanskje publisere noe på Spotify også. 6: Musikk er viktig for meg fordi det er noe jeg føler jeg virkelig får til. Det høres ut som en klisjè, men det er også en måte å slippe unna den virkelige verden, og tre inn i en fantasiverden hvor jeg bestemmer alt. Musikk tror jeg er ekstremt viktig for alle sammen. Det er jo tross alt “det universale språket” som jeg liker å kalle det. |
Namn: Tea Forr Austnes
Alder: 16 år Frå: Haramsøya Bustad: Harpefoss Lag: Spira studentspellemannslag Instrument: Kveding 1: Det beste med å vere folkemusikkstudent er å få lære nye sanger og sangteknikkar. I tillegg er det ei nokså "utradisjonell" linje. 2: Det som interesserer meg mest innan musikk er vel alle dei store artistane, dei forskjellige sjangerane, i tillegg er det veldig artig og halde på med. 4: Mitt største idol innan folkemusikk er vel Mari Midtli, fordi ho har utrulig fin og rolig stemme, og er meget flink til å formidle. 5: Eg drøymer om å kunne lære bort til andre, og glede andre med musikken. 6: Musikk er viktig for meg for å kunne slappe av, koble ut i tillegg til å ha det veldig artig! Namn: Jorunn Marie Remen
Alder: 16 år Frå: Måndalen Bustad: Vinstra Lag: Spellemannslaget Dåm og Drag og Spira studentspellemannslag Instrument: Fele og hardingfele 1: Det beste med å vere folkemusikkstudent er er at me får lære så mykje forskjellig innan folkemusikk, i tillegg til at eg får både spele lokal folkemusikk og musikk frå andre plassar i Noreg. I tillegg så lære me ikkje berre om tradisjonell folkemusikk. Me lære også om andre sjangrar, sjangrar som gjer slik at me får ekstremt mykje kunnskap, og det er også nyttig kunnskap. 2: Eg interesserer meg eigentleg i nesten alle sjangrar. Men nokon meir enn andre. For eksempel folkemusikk, rock og pop, men eigentleg det meste interesserer meg. 3: Eg klarar ikkje å velgje kva som er min favorittslått fordi det er så mange å velgje mellom. Men måtte eg ha valgt ein så må det vere Nordfjords-hallingen som eg lærte her på Vinstra vgs på hardingfele. 4: Mitt største idol innan folkemusikk er Jorun Marie Kvernberg. Fordi ho er så god på det ho driv med! Ho er ekstremt dyktig. 5: Eg drøymer om å gjere musikken til levebrød. At eg kan leve av musikken og jobbe med musikk kvar dag. Fortsette å studere musikk etter vidaregåande og ta ei lærerutdanning slik at eg kan drive med begge delar fordi eg synes at lærar-yrket høyrest ut som eit fint yrke. 6: Musikk er viktig for meg fordi eg koblar heilt av når eg held på med musikk. Eg kan uttrykkje meg gjennom musikken og musikk er godt for sjela. :) |
Folkepedia
Folkepedia er samansett av «folke» som viser til folkedans/folkemusikk, «ped» som viser til pedagogikk, eller «pedia» som viser til Wikipedia. Dette er eit forprosjekt for og med barn og unge der Noregs Ungdomslag lagar opplæringsfilmar innanfor folkedans.
Dei åtte filmane frå Sunnmøre er produsert i samarbeid med Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal.
Lik Folkepedia på Facebook her.
Sjå nettsida til prosjektet her.
13. nov
Dei åtte filmane frå Sunnmøre er produsert i samarbeid med Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal.
Lik Folkepedia på Facebook her.
Sjå nettsida til prosjektet her.
13. nov
Ønsk deg en konsert
Da har Folkemusikkarkivet gitt bort de tre konsertene.
Takk til alle innsendte ønsker, kjekt at så mange er interessert i folkemusikkonserter. Vi kan røpe at vi sender ut disse tre gruppene: - Konsert nr.1: Gro Kjelleberg Solli og Øystein Sandbukt. - Konsert nr.2: Øresus med Britt Elise Skram, Sigmund Fiksdal, Bernt Hansen og Steinar Vambeseth. - Konsert nr.3: Spelemannslaget Havella. Vi gleder oss til tre flotte konserter! 24. august |
|