Velkomen til folkemusikkarkivet si heimeside!
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal samlar lyd- og video-opptak av nolevande og tidlegare utøvarar av folkemusikk og folkedans, skaffar til veges noteoppskrifter, biletmateriale, munnleg og skriftleg tradisjon og faglitteratur om folkemusikken i Møre og Romsdal.
Arkivet er eit viktig serviceorgan. Studentar, aktive folkemusikarar og andre interesserte kan få tilsendt lyd-, video- og notekopiar for studieføremål, eller få rettleiing og hjelp til oppgåver. Leiinga ved arkivet set i gang tiltak for å fremje interessa for folkemusikk gjennom foredrag, musikkinnslag, seminar, publikasjonar m.m.
Her på heimesida vil me legge ut artiklar, lydeksempel og anna relevant stoff til folkemusikk- og folkedansinteresserte.
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal er ei stifting mellom fem partar: Møre og Romsdal fylkeskommune, Høgskulen i Volda, Møreforsking Volda, Møre og Romsdal Folkemusikklag og Noregs Ungdomslag i Møre og Romsdal. Oppgåvene er:

- å samle og bevare folkemusikk og folkedans i alle uttrykksformer
- å gjere folkemusikken og folkedansen tilgjengeleg for alle interesserte
- å fremje bruken av folkemusikk og folkedans
- å samle og gjere tilgjengeleg kunnskapen om folkemusikk- og folkedansmiljøa, tradisjonane og tradisjonsberarane
- å skape ny kunnskap om folkemusikk og folkedans, særleg musikken og dansen i Møre og Romsdal
Tenester
Folkemusikkarkivet er eit ikkje-kommersielt serviceorgan. Me sender ut kopiar av opptak, notar, artiklar m.m. og svarar på spørsmål omkring folkemusikk og folkedans, særleg då det som har tilknyting til Møre og Romsdal. Me har ei stor notesamling som enkelte kan ha stor glede av å bla i sjølve. Også når det gjeld lyd og videopptak kan det vere fint å kome hit om ein ikkje er heilt sikker på kva ein er ute etter. For å sende ut opptak må me innhente løyve frå kjelda/etterkomar, men det er ikkje naudsynt for å lytte til eller sjå på opptak her på arkivet.
Alle er velkomne til å besøke arkivet, men då me ikkje har faste opningstider må dette avtalast på førehand. Ta kontakt på telefon eller epost.
Ved utsendingar blir mottakaren fakturert ein mindre sum for arbeid og materialutgifter.
Omtrentlege prisar er:
CD kr 100
DVD kr 150
Kopiar kr 0,50 pr ark dersom meir enn 10 kopiar
Arbeid: frå 50 – 300, alt ettersom arbeidsmengde.
For svar/sendingar på mail eller telefon blir det fakturert berre om arbeidsmengda i samband med utsendiga er særleg stor.
Alle som mottek materiale frå arkivet får berre bruke dette til eiga opplæring. Einkvar offentleggjering (også offentleg avspeling) og kopiering er forbode. For bruk utover dette må kjeldene/etterkomarar kontaktast direkte.
Me minner om at kjeldene/etterkomarar har vist ein særleg tillit til arkivet ved å la seg bli tatt opp/levere materiale hit. Me vonar at alle våre brukarar tek med seg dette og viser gjensidig tillit i bruken av materialet dei får tilsendt.

Årsrapport
Aktiviteten til Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal kan du les om i årsrapportane - dei finn du her.