Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Tlf 700 75 092
  • Aktuelt
    • Gamalt nytt
  • Om oss
  • Publikasjonar
  • Film og lyd
    • Favoritten vår!
  • Kontakt
    • Andre arkiv

Ønsk deg en konsert!

PictureFoto: Andreas Winter
Har du drømt om å få musikere rett inn i din egen stue? Eller kanskje du har lyst til å overraske arbeidsplassen din med en kontorkonsert?

Nå har du muligheten. Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal ønsker å gi vekk tre konserter. Du sender en E-post til oss med når og hvor du ønsker at konserten skal være. Vi overrasker deg med en musiker evt. en gruppe og kanskje enda råere - et helt spelemannslag.

Send oss en E-post innen 15. august med ditt ønske, dato, sted og om du har spesifikke ønsker rundt instrument (trekkspel, vokal, fele, fløyte eller kanskje du digger alt). Folkemusikkarkivet velger ut tre heldige som får sitt ønske oppfylt. Send ditt ønske til: folkemusikk@hivolda.no


6. juni

Årsmøte

PictureFoto: FAMR
Måndag 6. juni vart det halde årsmøte i Stiftinga Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal. Styret hos Folkemusikkarkivet vert vald for fire år, og i år var tida inne for å oppnemne eit nytt styre. Styret har dei siste fire år vore:

For Møreforsking Volda: Jon Tvinnereim (styreleiar) Vara: Susanne Moen Ouff
For Møre og Romsdal fylke: Ragnhild Aarflot Kalland Vara: Ingrid Opedal
For Høgskulen i Volda: Henny Koppen Vara: Øystein Salhus
For Møre og Romsdal Folkemusikklag: Hans Lefdal
For Noregs Ungdomslag i Møre og Romsdal: Kristin Beate Osvoll Skodjevåg Vara: Live Karin Liaskar

Nokre av desse har vore i styret i meir enn ein periode, og styreleiar Jon Tvinnereim har vore med sidan oppstarten. Dagleg leiar ønskjer å takke for samarbeidet, gode diskusjonar og fine møter. Kjem til å sakne alle! Det vert spanande å ta fatt på arbeidet saman med det nye styret, som er:


For Møre og Romsdal fylke: Frøydis Austigard Vara: Øyvind Fenne
For Høgskulen i Volda: Elizabeth Oltedal Vara: Stein Helge Solstad
For Møre og Romsdal Folkemusikklag: Nina Byttingsmyr Vara: Hanne Salthammer
For Noregs Ungdomslag i Møre og Romsdal: Kristin Beate Osvoll Skodjevåg Vara: Live Karin Liaskar

For Møreforsking Volda:

7. juni

Video 8

PictureFoto: FAMR

Det er ikkje berre papirsamlinga som vert digitalisert om dagen. No har vi sendt ei ny kasse med med Video 8 til digitalisering på Nordmøre. Dette er video frå 1991 og 1992 og inneheld både intervju, kappleikar, konsertar og framføringar. Her ligg det mykje spanande som no vert lettare å vise til interesserte.
Velkomen innom for å sjå!
1. juni


Avisutklipp

Vi har kjøpt oss ny skannar og har no fått skanna alle avisutklippa frå den siste tida. Her kan du sjå ein smakebit:
31. mai


Bok-tips

Picture
Nasjonalbiblioteket har lagt ut to veldig spennande bøker som omhandlar folkemusikken i Møre og Romsdal:

​1 - Er du interessert i vokal folkemusikk frå Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre?
No ligg boka "Gamle visor og kvedor samla av Nils H. Magerøy og Arne H. Magerøy" (1943). Boka kan du lese her.


2. "Spelemenn på Søre Sunnmøre, i Honndalen og i Synnylven: Loms-Jakup og spelemannskrinsen" av S. H. Gjeitvik (1938). Boka kan du lese her.
​
13.mai

Gløtt frå samlingane

Spelemannen Rasmus Erdal (1895-1934) var frå Stryn, men budde i Tafjord. Han var flink til å spela fele, og tok mellom anna sigeren på vanleg fele under Landskappleiken i Stavanger i 1925. Rasmus Erdal hadde kone og tre born, diverre mista heile familien livet i Tafjordulykka. Les meir om livet til Rasmus Erdal i artikkelen til Jon Fridtun, Spelemannsbladet nr.9 1992 (trykk på bileta):
12. mai

Digitalisering

PictureFrå notesamlinga etter John Røen ©

I januar starta arbeidet med å planlegge digitaliseringa av papirsamlingane, og no er vi i gong med både skanning, registrering og nettløysing.
Det er Fylkessenter for digitalisering av kulturarven (SEDAK) som står for sjølve digitaliseringa, og arbeidet vert gjennomført i lokala til Folkemusikkarkivet hjå Høgskulen i Volda.

Til no har vi digitalisert over 5500 ark. Samtdig jobbar vi med å registrere notane slik at det skal verte lett å søkje på tittel, type osb. Før sommaren kjem vi også i gang med å plotte informasjon og notar inn i ein database og visningssystem som vert tilgjengeleg på nettet.

Støtte til prosjektet har vi fått frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Folkemusikkarkivet treng frivillige til å hjelpe i prosessen med å registrere notane. Har du lyst til å hjelpe? - ta kontakt.


11.mai



Inspirasjonskurs - torader

PictureFoto: Filip Jers
"Inspirasjonskurs -torader" er eit kurs for deg som alt spelar torader, men som treng inspirasjon i form av nye melodiar og teknikkar. Som kurshaldar har vi fått med oss ei inspirerande dame frå Helgeland, Hilde Fjerdingøy. Ho vil sjå på speletekniske utfordringar og lære ut nokre nye melodiar.

Hilde Fjerdingøy vaks opp med toradermusikk i heimen og jobbar i dag som utøvande musikar og spelar mellom anna i Hildur Dansekompani og den svensk-norske gruppa Rim. Ho spelar musikk frå heile Norden og har fordjupa seg i musikken frå sitt heimområde Helgeland. Hilde har halde ei rekke kurs i folkemusikk og torader, i tillegg til undervisning på kulturskule og folkehøgskule. Ho spelar mykje til dans og held konsertar i inn og utland.
Sjå nettsida til Hilde her: www.fjerdingoy.com

I tillegg til å ta med toraderen i G/C, kan det vere nyttig å ha med skrivesaker og notestativ.

Kurshaldar: Hilde Fjerdingøy
Dato: 16. oktober
Tid: 11.00-17.00
Stad: Myra kulturbygg, Vestnes
Pris: 300kr
Arrangør: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal

Påmelding: Innan 6. oktober til folkemusikk@hivolda.no eller 47409302

10.mai

Fylkeskappleiken i Surnadal 2016

9.-10. april arrangerte Nordmøre Spelmannslag Fylkeskappleik i Surnadal. Folkemusikkarkivet var på kappleiken med både videokamera og lydopptaker. Meir om kappleiken kan du lese her.
Her kan du sjå to smakebitar frå kappleiken:

23. april

Spelemannslaget Dåm og Drag - 25 år

Historia bak Spelemannslaget Dåm og Drag starta i Romsdals Spelemannslag, og dei var i hovudsak eit juniorspelemannslag under Romsdals Spelemannslag i Molde. Rekrutteringa til laget var så god at ein såg moglegheit for å starte eige lag på Vestnes-sida av Romsdalsfjorden, og 15. april 1991 blei Spelemannslaget Dåm og Drag skipa med base i Vestnes. Besetninga bestod då av feler, klarinett, trekkspel, gitar og bass.
Olav P. Hjelvik var første musikalske leiar for laget, og ein skal ikkje leggje skjul på at han har gjort mykje for spelemannslaget. Spelemannslaget fekk i denne perioden blant anna trumfa gjennom klarinetten som godkjent folkemusikkinstrument for regionen, som tillet lag frå Romsdal blant anna å bruke klarinetten i regionale og nasjonale tevlingar.
For sitt arbeid for folkemusikken og kulturtradisjonen i Vestnes fekk Olav P. blant anna æresmedlemskap i Landslaget for Spelemenn, no FolkOrg, æresmedlemsskap i Spelemannslaget Dåm og Drag, og det gjevaste av alt i 2001 med Kongens Fortenestemedalje i gull!
Ein annan som har gjort ein stor innsats for spelemannslaget er Henry Vike, som i alle år har arrangert det meste av musikken laget har spela, og han har også sjølv komponert musikk for laget. Også han har blitt tildelt Kongens fortenestemedalje.
Nils H. Gjelsten har også komponert musikk til glede for laget. Lokal tradisjon er viktig, og laget har i alle år halde seg til den lokale slåttetradisjonen og slåttar komponert av lokale slåttekomponistar, mykje med tradisjon frå Tresfjord oh med utspring i Petter L. Rypdals musikk.
Mykje av dei lokale slåttane har blitt teke vare på grunna Dåm og Drag sitt arbeid, og ein skal ikkje sjå vekk frå at mykje hadde gått tapt utan. Laget spelte så tidleg som i 1993 inn CD med lokalt slåttemateriale og med tittelen «Sommernatten» I tillegg til eit ønske om å ta vare på den musikalske tradisjonen, jobbar også laget med å halde i hevd song og dansetradisjonar som er særeigne for distriktet.
Dette er eit spelemannslag som i alle år har hevda seg under kappleikar og andre konkurransar. I dei regionale tevlingane har dei halde seg i teten, men også med særs gode resultat frå dei nasjonale tevlingane.
Året 1993 var eit av dei store åra for laget. I tillegg til CD-utgjeving deltok dei på Landsfestivalen i Stryn, og gjorde det sterkt under tevlinga. Med friskt og ungdommeleg spel braut dei ”Gudbrandsdaldominansen” og klatra heilt opp på ein 3.plass. Også vidare utover 1990-talet har dei spela finale i mange av Landsfestivalane og kan vise til fleire 4. og 5. plassar.
Spelemannslaget Dåm og Drag er i dag eit aktivt lag som i stor grad arbeider med juniorlaget for å kunne rekruttere nye spelemenn til hovedlaget. Desse får si trening gjennom Vestnes kulturskole kor musikar Britt Elise Skram gjer eit uvurderleg arbeid for at Spelemannslaget Dåm og Drag også i framtida skal halde den lokale folkemusikktradisjonen i hevd.

Kilde: www.damogdrag.no
Avisutklippa har Folkemusikkarkivet fått av Olav P. Hjelvik.

21. april

CD: Syngjaren

Picture


​Springar, polsdans og halling frå Møre og Romsdal med åtte av fylkes beste folkemusikarar: 
Jorun Marie Kvernberg (fele), Britt Elise Skram (fele), Knut Ivar Bøe (trekkspel), Ingunn Linge Valldal (fele), Torgeir Leivdal (fele), Unni Boksasp (song), Øystein Sandbukt (gitar) og Gro Kjelleberg Solli (song).


Du kan tinge CDen hos Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal - folkemusikk@hivolda.no.
​Pris 150kr + frakt.


12. april

Fylkeskappleiken for Møre og Romsdal

Folkemusikkarkivet var i helga på Fylkeskappleiken i Surnadal der vi tok video- og lydopptak av tevlinga. Det vart og solgt bøker og CDar, og vi har fått prata med mange trivelege menneske. 
Under Kulturkvelden vart det plateslipp av den nye CDen til Folkemusikkarkivet - Syngjaren. Det vart ein flott kveld med musikk og dans.

Her kan du sjå ein snutt frå helga der Nordmøre spelmannslag spelar Ane-reinlender etter Ane Ørsal, Todalen:

12. april

Ny utgjeving: Syngjaren - Folkemusikk frå Møre og Romsdal​

Picture

​Gamle tonar frå ein streng og tonar frå røysta syng ut i ei ny tid. Dei krinsar seg mellom fjordar og fjell, i gamle og unge sjeler som vert freista til å danse. Inn i øyra som lyttar, inn i fingrane som grip etter strengen. Lat slåttane syngje inn i deg og ut i kroppen - nyt!

Ei av hovedoppgåvene til Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal er å leggje til rette for vidare bruk av tradisjonsmateriale frå Møre og Romsdal. Folkemusikkarkivet har den siste tida arbeidd for å løfte fram dei eldste danse- og musikkformene i fylket. Og på denne CD-en er det nettopp bygdedansmusikken som får sleppe fram. Innan folkedansen regner vi at det er minst seks forskjellige springarformer, høvesvis i områda Nordmøre, Romsdal, Nordre Sunnmøre, Tafjord, Sykkylven og Søre Sunnmøre. Dei fleste av desse danseformene står svakt i dansemiljøet i dag, kunnskapen er liten og innspelt musikk til å øve til er nestan fråverande. Når dei ikkje beherskar dansane bra nok, etterspør dei heller ikkje musikken når det er levande musikk tilstade. Dette gir ringverknadar. Folkemusikkarkivet ynskjer å leggje forholda tilrett for bruken av desse danseformene, og inspirere musikarane til å finne igjen slåttar som er glemt.
​

«Vert det ikkje spelt springar, vert det heller ikkje dansa springar. Vert det ikkje dansa springar, så vert det ikkje spelt»

Slåtterepertoaret i fylket er stort og i 2012 gav Novus forlag ut ”Feleverket bind 5, Møre og Romsdal – slåtter for vanlig fele”. I dette bokverket presenteres alt av springar-, marsj- og halling-slåttar som er funne på eldre opptak i arkiva. Frå mellom anna dette store notematerialet har Folkemusikkarkivet i samarbeid med utøvarane plukka ut slåttar som er lite brukt og som vi ynskjer fenger dansarane og spelmennene.

Til å formidle slåttetradisjonen har vi fått med oss åtte av dei fremste folkemusikarane frå Møre og Romsdal. Dei representerer lokale tradisjonar frå store delar av fylket frå nord til sør. Vi kan nevne: Jorun Marie Kvernberg (fele), Britt Elise Skram (fele), Knut Ivar Bøe (trekkspel), Ingunn Linge Valldal (fele), Torgeir Leivdal (fele), Unni Boksasp (song), Øystein Sandbukt (gitar) og Gro Kjelleberg Solli (song).

Arbeidet med cden kom i gang som ein del av feiringa av Folkemusikkarkviet for Møre og Romsdal sine 25 år (2015). Eit år som resulterte i eit nytt notehefte Alle tre frampå golva, kursserien FOLKtema, festkonserten Fole te folkemusikk og cden Syngjaren.

Det vert plateslepp under Fylkeskappleiken for Møre og Romsdal 9. april i Surnadal.

​
Innspelt hos: Ocean Sound Recordings på Giske
Lydteknikar: Henning Vatne Svoren
Miksing og mastring: Henning Vatne Svoren
Produsent: Britt Pernille Frøholm
Grafisk design: Rune Mortensen
Foto: Marius Beck Dahle
Produksjon: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Praktisk tilrettelegging: Anna Liv Skjelten Gjendem
Ansvarleg utgjevar: Heilo
Engelsk oversetting: Laura Ellestad
7.april

Nominert til formidlingspris

Hurra! - Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal er nominert til årets formidlingspris som kåres under det 7. norske arkivmøtet.
"Norsk senter for folkemusikk og folkedans ønsker å foreslå Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal som kandidat til arkivmøtets formidlingspris. Arkivet, med daglig leder Anna Liv Skjelten Gjendem har de siste 3 årene hatt formidling som fokusområdet, som et avbrekk fra digitalisering av lyd og før nå et fokus på digitalisering av noter. Disse tre årene har vært innholdsrik og Gjendem har klart, i en 50% stilling, å gjennomføre imponerende mange og varierte aktiviteter."
Les resten av begrunnelsen her.


1. april

Musikklinja ved Molde VGS

Kortreist - Tradisjonsmusikk fra Romsdal i ny drakt. 
Eit folkemusikkprosjekt med elever frå musikklinja ved Molde VGS

Fredag 11. mars holdt 69 elevar og 10 lærarar frå musikklinja ved Molde VGS konsert på KRONA, Romsdalsmuseets nye bygg. Konserten bygde på lokal folkemusikk frå romsdalsregionen.
Bakgrunnen for valg av dette prosjektet var eit ynskje om at både elevar og lærarar skulle auke sin kunnskap rundt norsk folkemusikk, musikalske særegenheter og tradisjon. Elevane fekk møte tre profesjonelle folkemusikkutøvarar for å lære meir om tradisjonsmusikk, og samtidig trekkje linene til den musikken dei sjølv står sterkt i.

Folkemusikkarkivet har lagt ut tre smakebitar frå konsertane:


21. mars

Facebook

Picture

Folkemusikkarkivet er aktiv på Facebook gjennom sida "Folkemusikk i Møre og Romsdal". Her kjem det informasjon om konsertar, musikk, dansearrangement og mykje meir. Lik sida her.

18. mars

FOLKtema - Hallvar Ørsal og Ole Gussiås

Møre og Romsdal har ein rik danse- og speltradisjon. Alt frå reinlender til pariser, skorsk og springar. Spelemennene bak slåttane er mange, over heile fylket har vi hatt spelmenn med sitt unike slåtterepertoar. Gjennom ein kursserie på seks kurs ynskjer Folkemusikkarkivet å lyfte fram seks av desse spelemennene og slåtterepertoaret deira. Dette for å bidra til at ungdom og vaksne får kjennskap til sine lokale tradisjonar frå Møre og Romsdal. Her finn du info om det femte FOLKtema-kurset:

Hallvard Ørsal (1876-1943)
Hallvard Ørsal var frå Todalen og er ein av dei mest kjende spelemennene frå Nordmøre. Han viste tidleg musikalske evner, deltok på kappleikar, spelte til dans og holdt konsertar. Hallvard Ørsal spela både fele og hardingfele.
 
Ole Gussiås (1908-2002)
Ole Gussiås var frå Ranvika, men budde i Molde meste parten av sitt liv. Repertoaret til Ole Gussiås er stort, og den viktigste kjelda var nok faren Peder Gussiås. Ole Gussiås har og hatt mykje kontakt og utveksla slåttar med mellom anna Hallvard Ørsal, Knut Ytterhaug, Nils Bakke, Erik Almhjell.
 
Instruktør: Jonas Hoksnes og Britt Elise Skram
Tid: 30. april, kl. 12-16.
Stad: Myra kulturbygg, Vestnes.
Pris: 300kr
For Kven: Kursa er for ungdom frå 13år som er dyktige på sitt instrument og vaksne.
Ansvarleg: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Påmelding: Send namn og instrument til folkemusikk@hivolda.no innan 22. april.

 
8.mars

Surnadal folkedanslag

PictureFoto: Folkemusikkarkivet 2016
1. mars tok Folkemusikkarkivet turen til Skei i Surnadal for å dokumentere Surnadal folkedanslag. Folkedanslaget starta i 1965 og er i dag er eit frittståande lag (tidlegare medlem i NU). Dei øver kvar veke og ein gjeng med instruktørar bytar på å leie dansen. Heile 26 dansarar og ein trekkspelar møtte til dans denne vinterkvelden. Sjølv syntes dei at dei var få, sidan dei normalt pleier å vere mellom 30-36 dansarar med ein snittalder rundt 70 år. Spreke er dei, og eit stort repertoar av dansar kan dei: Polsdans frå Nordmøre, vals, tango, swing, feiar, rilar, nordlandspols osb.

Eit ord datt ned i hovudet mitt da eg var på besøk - dansevilje (usikker på om det er eit ordentleg ord). Dei vil danse, og gjer det sjølv om enkelte hopp,  sprett og snuingar er tungt for kroppen. Dansarane gleder seg i og med dansen og musikken. Dansen er for dei god trim, sosialt samvære og noko dei verkeleg brenn for.
 
Tusen takk for at Folkemusikkarkivet fekk kome på besøk!
 
Her kan du lese ein artikkel om Surnadal folkedanslag som vart trykt i fylkesmagasinet "Spor" i 2008 (side 28-30): 

surnadal_folkedanslag.pdf
File Size: 3696 kb
File Type: pdf
Download File

Gløtt frå samlingane

Postkort med motiv av Romsdalsmuseets leikarring som opptrer for turistar.
​På kortet står det: Norway. Folkedans. Children dancing old folk-dance. Mittet 1969.

​29. februar
Picture

Tilvekst til samlinga!

Picture


Støtt og stadig kjem det nytt materiale inn til Folkemusikkarkivet, både i form av lyd, film, notar, notat og bøker.
Det siste som er kome til Folkemusikkarkivet er mykje bøker, notehefte og notar frå Halkjellsvika spelemannslag i Volda.

Folkemusikkarkivet er særs glad for alt som kjem inn - takk!

10. februar

Digitalisering av papirarkivet

Picture

I 2016 skal vi digitalisere så mykje som mogleg av papirsamlingane til Folkemusikkarkivet. IKA (Interkommunalt arkiv i Ålesund) skal digitalisere for oss og vi er i gong med forarbeidet. Kva skal prioriterast, kvalitet og registrering er spørsmål vi må ta stilling til i denne fasen.
Sist veke tok vi turen til Sunnmøre Museum for å sjå på orginalane av Stafset-samlinga og Jøsvold-samlinga. Her var det mykje spanande å finne. Det aller meste har vi kopiar av på Folkemusikkarkivet, men det kan vere greit å digitalisere orginalane når vi veit kvar dei er.
10. februar


Polsdans frå Nordmøre

Gløtt frå samlingane: Her er nedteikninga av Polsdans frå Nordmøre, utgjeve av Nordmøre Ungdomslag i 1977.
3. februar

Video 8

Picture

Fyrste sending med Video 8 har kome tilbake til arkivet etter digitalisering. Dette er video frå 1990, 1991, 1992 og inneheld både intervju, kappleikar, konsertar og framføringar. Her ligg det mykje spanande som no vert lettare å vise til interesserte. Velkomen innom for å sjå.

3. februar

Nytt materiale til FAMR

Picture

Rolf Hindhammer frå Angvik har samla og komponert mykje musikk. Han har gjort eit stort arbeid med å skrive ned folkemusikk frå Nordmøre og Romsdal, laga songbøker for barn og vore medarbeidar og utgjevar av lokale historieverk.
Folkemusikkarkivet har vore så heldig å få ei stor samling av både insamla folkemusikk og eigenkomponert musikk frå Rolf Hindhammer.
Tusen takk!


2. februar

Samarbeidsmøte

Picture

​18. januar møttest Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, NUMØR og Møre og Romsdal Folkemusikklag til samarbeidsmøte i Volda. Agenda for møtet var å finne arenaer å samarbeide på for å fremje folkemusikken og folkedansen i tråd med Evalueringsrapporten 2014 «Fokemusikk- og folkedansarven» (Møre og Romsdal Fylkeskommune si rolle). 
Det kom mykje bra ut av møtet, mellom anna har vi satt av dato for nytt møte og vi har ein ide om felles "storkurs" til hausten.

28. januar

FOLKtema i Volda

Picture

Sundag 17. januar var det FOLKtema-kurs i Volda med Britt Pernille Frøholm. Tema for kurset var slåttar frå repertoaret etter Ola kjelstad og Ivar Kjelstad frå Synnylven. Ola Kjelstad var ein felespelar av høgste rang. Han komponerte ei mengde slåttar som f.eks. "Fossegrimen" og "Ei brylaupsaften på Seljeset". Ivar Kjelstad hadde ein avansert speleteknikk og reiste rundt i landet og heldt konsertar. 

På kurset møtte det 12 felespelarar frå Sunnmøre og Hornindal. Kursdeltakarane lærte seg fleire slåttar mellom anna "Ei brylaupsaften på Seljeset".
Takk til Britt Pernille for eit flott kurs og ein fin konsert seinare på kvelden.


​27. januar


Fole te folkemusikk under Operafestveka

PictureFoto: Andreas Winter

​"Festkonserten - Fole te folkemusikk" vert spelt under Operafestveka i Kristiansund 20. februar. 
Folkemusikkarkivet synast det er veldig kjekt at Operaen i Kristiansund vil ha festkonserten på programmet. 

Les meir her.
7. februar

FOLKtema - Ola Kjelstad og Ivar Kjelstad

PictureFoto: Ole Eltvik

​Fortsatt nokre dagar igjen til påmeldingsfristen - 10. januar. Velkomen!

4. FOLKtema: Ola Kjelstad (1854-1944) og Ivar Kjelstad (1868-1914) 
Ola kjelstad og Ivar Kjelstad var frå Synnylven. Ola Kjelstad var ein felespelar av høgste rang. Han komponerte ei mengde slåttar som f.eks. "Fossegrimen" og "Ei brylaupsaften på Seljeset". Ivar Kjelstad hadde ein avansert speleteknikk og reiste rundt i landet og heldt konsertar. 
Under kurset vil instruktør Britt Pernille Frøholm trekke fram slåttar frå repertoaret til desse to spelemennene.

Instruktør: Britt Pernille Frøholm er ein allsidig felespelar frå Hornindal i Nordfjord. Ho fekk tidleg kjennskap til den lokale slåttemusikken i bygda gjennom m.a. bestefaren Matias Frøholm, og fekk seinare gå i lære hos andre lokale spelemenn. Frøholm er utdanna frå Ole Bull Akademiet og har ein Mastergrad i Tradisjonskunst frå Høgskulen i Telemark der ho arbeidde med samtidsmusikk og improvisasjon på hardingfele, og har på dette grunnlaget jobba mykje med musikarar innan fleire ulike sjangrar. Ho har vore svært aktiv og ettertrakta som frilans musikar siste ti åra, og i tillegg til turnering i Noreg har ho også turnert i Japan, USA, Canada og store delar av Europa både med grupper og som solist. Frøholm har gitt ut ei rekkje plater og er for tida aktiv i gruppene MAAR, North Pole Experience, Boreas og Friensemblet, i tillegg til mange ulike solistoppdrag. Ho vart nyleg tildelt Oppland Fylkeskommune sitt kunstnarstipend for etablerte kunstnarar.
 
Tid: 17. januar, kl. 14-18.
Stad: Volda bygdetun, Volda.
Pris: 250kr
For Kven: Kursa er for ungdom frå 13år som er dyktige på sitt instrument og vaksne.
Ansvarleg: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Påmelding: Send namn og instrument til folkemusikk@hivolda.no innan 10. januar.


Kl. 20.00 vert det solokonsert med Britt Pernille Frøholm.
7. januar

Danseaktivitet på Marstein

Gløtt frå samlingane: Dette biletet er frå Romsdalsstemnet på Marstein i 1961.
4. januar
Picture

Julehelsing!

Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal ynskjer alle god jul!
Takk for samarbeid, deltaking på kurs, bruk av arkivet og ellers hyggeleg kontakt. Folkemusikkarkivet vil det neste året halde fram arbeidet med å digitalisere, systematisere, gjere innsamling og arrangere kurs.

Vi gler oss til eit nytt år med folkemusikk og folkedans!

Helsing 
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Picture

Markering av Folkemusikkarkivet 25 år

Tusen takk til alle som var publikum under "Festkonserten - Fole te folkemusikk" i Surnadal, Ørsta, Sykkylven og Molde. 
Takk til alle som medvirka under konsertane, og ikkje minst takk til musikarane i ensemblet: Britt Elise Skram, Øystein Sandbukt, Kine Gyldenskog, Thea Marie Ytterdal, Frøydis Ruud og Bjørn Petter Tøsse. I løpet av to helger i haust har dei jobba fram ein spanande og variert konsert. 
Dette gir absolutt meirsmak til å starte nye prosjekt i tida framover!

Etter konserten i Ørsta hadde Folkemusikkarkivet ei lukka markering. Her vart det tilbakeblikk og heder til dei som engasjerte seg i ettableringa og drifta av FAMR. Det er mange som har lagt ned ein stor jobb desse 25 årene - tusen takk.


​1.desember (Foto: Ingrid Opedal)

Folkemusikkarkivet 25 år

Folkemusikken og folkedansen er både gamal og ung på same tid. Gamle slåttar vert utforska av unge kroppar i ei ny tid. Noko vert verande gamalt, noko vert rundare, noko krassare – tradisjonar flyt vidare inn i ei ny og ukjend tid.

Møre og Romsdal har som andre stader gamle tradisjonar innafor musikk og dans. Det er mange som har gjort innsamlingar av både lyd, film, bilete og nedteikningar. Folkemusikkmiljøet såg behov for å samle dette materiale i eit folkemusikkarkiv i Møre og Romsdal. For 25 år sidan, etter mykje arbeid, vart Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal stifta. Dei fem stiftarane var og er: Høgskulen i Volda, Møre og Romsdal folkemusikklag, Noregs Ungdomslag i Møre og Romsdal, Møreforsking og Møre og Romsdal fylkeskommune. Folkemusikkarkivet har sidan stiftingsåret 1990 hatt kontor hos Høgskulen i Volda, og har jobba målretta med å gjere innsamlingar og å få materialet ut til folk (bøker, kurs, seminar osv.)

Folkemusikkarkivet har feira seg sjølv i heile 2015. Blant anna med noteheftet "Alle tre frampå golva" som vart utgjeve i vår. Noteheftet inneheld slåttar frå heile fylket og er berekna på bruk i kulturskular og spelemannslag. Folkemusikkarkivet har også hatt med seg åtte av fylkets profesjonelle folkemusikarar i studio for å spele inn cd. Tema for cd-en er springar- og hallingslåttar, cd-en kjem for sal i det nye året. Folkemusikkarkivet har også arrangert spelkurs i kursserien "FOLKtema". Til no har kurstema vore slåttar etter Peter L. Rypdal og Erik Almhjell. Over nyttår held kursserien fram med mellom anna "slåttar etter Ivar og Ola Kjelstad". I tillegg har arkivet hatt mange på besøk på sjølve Folkemusikkarkivet, og sendt ut opptak og notar til folk som har spurt etter det.

Som avslutning på jubileumsåret har Folkemusikkarkivet fått i gang eit prosjekt som dei kallar for "Festkonserten -Fole te folkemusikk". I dette prosjektet arbeidar to profesjonelle folkemusikarar saman med fire unge folkemusikkstudentar. Ensemblet består av Britt Elise Skram frå Vestnes (fele), Øystein Sandbukt frå Sunndal (gitar), Kine Iselilja Gyldenskog frå Tingvoll (song), Thea Marie Ytterdal frå Norddal (fele), Frøydis Bergheim Ruud frå Rauma (fele) og Bjørn-Petter Tøsse frå Fræna (trekkspel). Dei skal arbeide kunstnarisk utforskande fram mot konsertane, og med tanke på at alle sit med sine tradisjonar frå kvar sin kant av fylket vil dette samarbeidet og denne konserten verte eit spanande møte. Prosjektet endar med festkonserten "Fole te folkemusikk" som skal spelast i Surnadal Kulturhus, Ørsta Kulturhus, Sykkylven Kulturhus og Molde Kulturhus rundt siste helga i november.

Folkemusikkarkivet har hatt eit spanande år, og går ei spanande tid i møte. Med god støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune i alle år, vert det no ekstra spanande når vi har fått meir løyving til å digitalisere papirarkivet. Eit stort og viktig arbeid.

Vi vonar Folkemusikkarkivet har mange gode år framfor seg med formidling av folkemusikk og folkedansarven frå Møre og Romsdal - hurra!

1.desember

Festkonserten - Fole te folkemusikk

Ensemblet i festkonserten - Fole te folkemusikk - har hatt øvingshelg. Informasjon om konsertane finn du under fana "festkonsert".
Velkomen på konsert!
Her er eit lite gløtt:

16.okt

FOLKtema - Ola Kjelstad og Ivar Kjelstad

PictureFoto: Ole Eltvik
Møre og Romsdal har ein rik danse- og speltradisjon. Alt frå reinlender til pariser, skorsk og springar. Spelemennene bak slåttane er mange, over heile fylket har vi hatt spelmenn med sitt unike slåtterepertoar. Gjennom ein kursserie på seks kurs ynskjer Folkemusikkarkivet å lyfte fram seks av desse spelemennene og slåtterepertoaret deira. Dette for å bidra til at ungdom og vaksne får kjennskap til sine lokale tradisjonar frå Møre og Romsdal.
Kursserien er støtta av Rådet for folkemusikk og folkedans.
 
Under finn du informasjon om det fjerde kurset i kursserien:
 

​
4. FOLKtema: Ola Kjelstad (1854-1944) og Ivar Kjelstad (1868-1914)
Ola kjelstad og Ivar Kjelstad var frå Synnylven. Ola Kjelstad var ein felespelar av høgste rang. Han komponerte ei mengde slåttar som f.eks. "Fossegrimen" og "Ei brylaupsaften på Seljeset". Ivar Kjelstad hadde ein avansert speleteknikk og reiste rundt i landet og heldt konsertar. 
Under kurset vil instruktør Britt Pernille Frøholm trekke fram slåttar frå repertoaret til desse to spelemennene.

Instruktør: Britt Pernille Frøholm er ein allsidig felespelar frå Hornindal i Nordfjord. Ho fekk tidleg kjennskap til den lokale slåttemusikken i bygda gjennom m.a. bestefaren Matias Frøholm, og fekk seinare gå i lære hos andre lokale spelemenn. Frøholm er utdanna frå Ole Bull Akademiet og har ein Mastergrad i Tradisjonskunst frå Høgskulen i Telemark der ho arbeidde med samtidsmusikk og improvisasjon på hardingfele, og har på dette grunnlaget jobba mykje med musikarar innan fleire ulike sjangrar. Ho har vore svært aktiv og ettertrakta som frilans musikar siste ti åra, og i tillegg til turnering i Noreg har ho også turnert i Japan, USA, Canada og store delar av Europa både med grupper og som solist. Frøholm har gitt ut ei rekkje plater og er for tida aktiv i gruppene MAAR, North Pole Experience, Boreas og Friensemblet, i tillegg til mange ulike solistoppdrag. Ho vart nyleg tildelt Oppland Fylkeskommune sitt kunstnarstipend for etablerte kunstnarar.
 
Tid: 17. januar, kl. 14-18.
Stad: Volda bygdetun, Volda.
Pris: 250kr
For Kven: Kursa er for ungdom frå 13år som er dyktige på sitt instrument og vaksne.
Ansvarleg: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Påmelding: Send namn og instrument til folkemusikk@hivolda.no innan 10. januar.

Kl. 20.00 vert det solokonsert med Britt Pernille Frøholm.

29. oktober


Fole te folkemusikk

Dei neste vekene ønskjer vi å presentere musikarane i ensemblet til festkonserten "Fole te folkemusikk". Ensemblet består av to profesjonelle folkemusikarar og fire unge som i dag studerer folkemusikk. Dei skal arbeide kunstnarisk utforskande fram mot konserten, og med tanke på at alle sit med sine tradisjonar frå kvar sin kant av fylket vil dette samarbeidet og denne konserten verte eit spanande møte.
Her er litt om musikarane:

1: Kva er det beste med å vere musikar?
2: Kva innan musikk interesserer deg mest?
3: Kva er din favorittslått?
4:
Kven er ditt største idol innan folkemusikk/folkedans?
5: Kva drøymer du om å gjere med musikken i åra framover?
6: Kvifor er musikk viktig for deg?


Picture

Namn:
 Øystein Sandbukt
Alder: 46 år
Frå: Opdøl i Sunndal 
Bustad: Sunndalsøra
Lag: Nordmøre Spelmannslag
Instrument: Gitar
Studerer/arbeider: Distriktsmusikar i Møre og Romsdal

​


1: Det beste med å vere musikar er at ein alltid får jobbe med noko eg likar, uansett om det er undervisning, kurs, øving eller konsertar. Ein får reist mykje og møte spanande folk frå både eigen og andre kulturar, og det kan være både inspirerande og lærerikt. 

2: Komposisjon og improvisasjon. For meg går desse to hand i hand, og det som startar som ein improvisjasjon over eit tema fort kan ende opp i noko heilt anna - og kanskje bli ei ny låt eller slått. 

3: Denne veka er det Hoven-valsen etter Erik Almhjell, eit fyrverkeri av ein slått! Det var ein av dei fyrste slåttane eg arrangerte for solo gitar, men no det er vel 7-8 år sidan eg har spelt den. For eit par veker sidan laga vi eit lite arrangement på den i Sunndal Spelemannslag, og det låt som ei kule!

4: Kan ikkje seie at eg har noko idol, men eg likar spelet til Nils Bakke godt. Lyrisk, luftig og teknisk fullkomment. Han døyde same året som eg vart født, men det finns heldigvis nokre fine opptak med ham.

5: Håpar eg kan fortsette å spele konsertar og komponere, og innimellom gi ut musikk. 
27. oktober


PictureFoto: John Meier Hurlen
Namn: Britt Elise Skram
Alder: 36 år
Frå: Vestnes
Bustad: Daugstad
Lag: Spelemannslaget Dåm og Drag
Instrument: Fele
Studerer/arbeider: Jobbar som felelærar på Vestnes musikkskule, og er freelance musikar i diverse samanhengar og prosjekt. Spelar i grupper som Øresus, Werner Barth, vangsgutane og Kystfolket.


1: For det første så får eg drive med det som eg har hatt som hobby i mange år. Gjennom musikken har eg også fått møte mange hyggelege og kjekke folk, som har den same interessa. Det er kjekt å kunne formidle den lokale folkemusikken gjennom at eg framfører den sjølv, men også det å kunne lære bort til nye felespelarar.

2: Kva som interesserar meg aller mest er vanskeleg å seie. Men samspel er jo spanande. Eg var så heldig å ha Jon Faukstad og Per Sæmund Bjørkum som lærarar på Norges Musikkhøgskule, og det samspelet mellom dei var fole inspirerande.

3:Eg likar godt fine valsar, og Sven Nyhus har ein komposisjon som heiter 'Fjellfiolen'. Eg veit ikkje heilt kvifor, men det er noko som klikkar når eg høyrer eller spelar den.

4: Det er Olav P. Hjelvik, som var den første felelæraren min. Ikkje berre ein god spelemann, men også kvalitetsbevisst og tru mot folkemusikktradisjonen.

5: Eg drøymer om å få fortsette med kombinasjonen av å vere kulturskulelærar og utøvende musikar.

20. oktober

Picture
Namn: Frøydis Bergheim Ruud
Alder: 26 år
Frå: Åndalsnes
Bustad: Rauland / Peugeot 406
Lag: Myllargutens Gammaldansorkester og FolkOrg (sporadisk medlem av Rauma Spellemannslag)
Instrument: Fele
Studerer/arbeider: Bachelor i Folkemusikk hos Høgksulen i Telemark, Rauland


1: Å bruke all si tid på det som er viktigast for meg. Bonusen er alle folka ein møter langs vegen som har akkurat dei same interessene, sånt blir det god stemning av. Og eg lev for god stemning.


2: Å kunne fargelegge slåttar på sin måte, men samtidig bevare kilden. Ellers elsker eg å grave meg ned i arkivopptak og stadig oppdage nye ting ved spelet til gamle spelemenn. Kva som gjer godt samspel er også eit interessant spørsmål, fordi det kan vere so mykje.


3: Springar frå Rødven. Ein enkel springar for ei enkel kvinne. Og ellers det meste etter Karl Eidem, han er magi.


4: Eg må jo svare Ole Wenge. Banebrytar, spelemann av rang og det er ikkje kven som helst som kan føre "Huldrejentas lokketonar" over på trekkspel utan at det står tilbake for hardingfeleversjonen. På same hylle held eg Elias Akselsen, han sin formidlingsevne og intensitet er noko som treff meg kvar einaste gong.


5: Eg har mange planar, men alt for lite tid. Eg drøymar om å inspirere og å bli inspirert.


6: Musikk er ikkje berre notar og partitur, Med fare for å bli litt i overkant filosofisk: Det er det livet handlar om. Mennesket ønskjer å forstå det som er næmast umuleg å forstå. Musikken er min veg til å oppnå dette. Musikken er nærmast og nærmast og forstå.

14. oktober

PictureFoto: Ingolf Endresen

​Namn: Kine Iselilja Gyldenskog
Alder: 26 år
Frå: Tingvoll
Bustad: Ås, Akershus
Lag: Nordmøre Spelmannslag
Instrument: Song
Studerer/arbeider: Utøvande folkemusikk ved Ole Bull Akademiet, UiB.



1: Samspel med andre, å vere ein del av miljøet og å få lære noko nytt kvar dag!

2: Melodilinjene, uttrykket og formidlingen. Ein slått/sang kan bli heilt forskjellige pga spelemannens stil og tolkning.

3: Akkurat no er det «Knut Dahles siste slått» som er favoritten. Eg likar godt framgangen og utviklinga i slåtten, med flotte og varierande motiv som gjer melodien spennande og utruleg fin.

4: Alle dei som sett ein tradisjon på kartet, stiller på kappleik år etter år og lærar vidare det dei kan. Det er mine idol innan folkemusikken.

5: Eg kan ikkje sei eg har så mange draumar, dette er det eg studerer, det eg jobbar med og har som hobby. Og det håpar eg å kunne fortsette med i lang tid.

6:Musikken kan uttrykke noko som språket ikkje kan.

6.oktober

Picture

​Namn: Thea Marie Ytterdal
Alder: 20år
Frå: Eidsdal
Bustad: Oslo
Lag: Valldal Spelemannslag
Instrument: Fele
Studerer/arbeider: Utøvande folkemusikk ved Ole Bull Akademiet

1: Det beste er at eg får treffe så utruleg mange flinke personar som eg kan lære veldig mykje av! Også får eg oppleve så mykje kult! 

2: Uttrykk er det som interesserar meg mest. Eg syns det er utruleg fascinerande korleis ein slått kan endre uttrykk frå person til person, og frå stad til stad. 

3: Det må nok bli Korsnes-springaren. Eg elskar slåttar eg kan sleppe meg litt laus på! Korsnes-springaren er ein slått som tåler dette, samtidig som at den har utruleg mykje trøkk i seg, og det likar eg.

4: Eg har to idolar - Annbjørg Lien og Gjerdmund Larsen. Annbjørg Lien, fordi ho alltid har vore den store stjerna som eg har sett opp til og funne inspirasjon hos. Gjerdmund Larsen, fordi han har ein heilt fantastisk bogeteknikk og spelestil som eg beundrar. 

5: Eg håpar jo at eg ein eller annan gong kan leve av musikken! Draumen er vel å kunne reise rundt i Noreg og formidle min tradisjon og kunnskap vidare til andre. Også har eg utruleg lyst til å bli felelærar! :)

6: Gjennom musikken kan eg vere meg sjølv 100%, eg får utruleg mykje glede av den, og det er også gjennom musikken at eg kommuniserar best med andre mennesker.

29. september

Picture
Namn: Bjørn-Petter Tøsse
Alder: 21år
Frå: Skotten, Fræna
Bustad: Oslo
Lag: Balkaniacs
Instrument: Trekkspel
Studerer/arbeider:
Balkansk folkemusikk og jazz ved Norges Musikkhøgskule.

1: Å treffe mange nye folk, som ofte har samme interessa som ein sjølv.

2: Rytmikk er kanskje det som interesserer meg. Det er så mange forskjellige måter ein kan rytmitisere på, og taktartskombinasjonar kan forandre så mykje av ein og samme låt. 


3: Eg har ikkje ein fast favoritt, men eg likar ting som kun blir spelt ein gong, før det forsvinn for godt. Improvisasjoner meinar eg derfor aldri skal noterast.

4: Petar Ralchev i Bulgaria er ein god musikar. Sjølv prøver eg å høyre minst mogleg på musikarar av mitt eige instrument. Eg høyrer ofte på musikarar som speler diverse fløyter, strengeinstrument etc frå heile verda.

5: Eg har komme godt i gang med eit band på skulen, og eg håpar at vi får sjansen til å komme oss mykje ut å spele. Noko som óg er eit stort ønske er å bli bryllaupsmusikar på Balkan.

6: Musikk er kort sagt språket eg tenkjer i, så det betyr alt for meg.

23. september


Gløtt i arkivet

Sykkylven Ungdomslag er i dag eit aktivt ungdomslag med både dansegruppe for born og for vaksne. Her kan du lese om eit leikkurs i 1949 som Kristine Rønneberg holdt i Sykkylven:
22. september

Picture

Festkonsert - Fole te folkemusikk

Picture
Folkemusikkarkivet har den siste tida jobba med å laga ein festkonsert. I helga har musikarane i ensemblet si fyrste øvingshelg, dei testar slåttar og vert betre kjend med kvarandre. Under kan du lese litt om konserten:

Folkemusikken og folkedansen er både gamal og ung på same tid. Gamle slåttar vert utforska av unge kroppar i ei ny tid. Noko vert verande gamalt, noko vert rundare, noko krassare – tradisjonar flyt vidare inn i ei ny og ukjend tid.

I festkonserten ”Fole te folkemusikk” feirar vi at Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal fyller 25 år. Miljøet, dei unge og dei eldre spelar og dansar sine tradisjonar. Utan spelemannslaga, dansarlaga, utøvarane og eldsjelene hadde det ikkje vore noko materiale å samle og forske på i Folkemusikkarkivet sine samlingar.

På konserten vil ensemblet presentere musikk og dans frå heile fylket. Ensemblet består av to profesjonelle folkemusikarar og fire unge som i dag studerer folkemusikk. Dei skal arbeide kunstnarisk utforskande fram mot konserten, og med tanke på at alle sit med sine tradisjonar frå kvar sin kant av fylket vil dette samarbeidet og denne konserten verte eit spanande møte.

Det lokale miljøet vil og delta på scena under delar av konserten.

Musikarar:
·      Øystein Sandbukt (gitar)
·      Britt Elise Skram (fele)
·      Thea Marie Ytterdal (fele)
·      Kine Iselilja Gyldenskog (song)
·      Frøydis Bergheim Ruud (fele)
·      Bjørn Petter Tøsse (trekkspel)

Konsertar:
·      26. november: Surnadal kulturhus
·      27. november: Ørsta kulturhus
·      28. november: Sykkylven kulturhus
·      29. november: Molde kulturhus


Prosjektet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune

5.september

Eit liv med dans

Picture
Folkemusikkarkivet har vitja Marte Solem Trondsen i Molde to gonger og fått mykje informasjon om folkedansaktiviteten i Molde og Vestnes opp igjennom åra. Marte gjekk sitt første folkedanskurs i 1957 i Molde. I 2015 er ho framleis med i BUL Molde, og ho er aktiv seniordansar. Marte har full oversikt over turar, framsyningar og arrangement ho har vore med på. Ho har fotoalbumar og ringpermar fulle med bilete, utklipp, postkort, bilettar og notatar. Marte har reist mykje og vore med på stemne og turar som folkedansar, mellom anna til mange Landsstemne i Norge, og ho har vore i Tyskland, Polen, Litauen, Kviterussland og USA. 

Folkemusikkarkivet er glad og takksam for at Marte har delt informasjon og historier med oss!

27. august

Spelkurs

FOLKtema: Erik Almhjell
Nokre ledige plassar på FOLKtema-kurset i Molde. Tema er Erik Almhjell og instruktør er Hilde Bergfald.
Ny frist for påmelding er 25. august - Velkomen!

Instruktør: Hilde Bergfald
Tid: 29. august, kl. 12-16.
Stad: Reknes Ungdomshus, Molde.
Pris: 200kr
For Kven: Kursa er for ungdom frå 13år som er dyktige på sitt instrument og vaksne.
Ansvarleg: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Påmelding: Send namn og instrument til folkemusikk@hivolda.no innan 25. august.


20. august

Avisutklipp

Då er avisutklippa frå den siste tida skanna og arkivert. Her kan du sjå ein smakebit:
18.august

NRK-arkivet

NRK har den siste tida lagt ut mange gamle program på nett. Her har eg samla linkane til nokre av programma som har folkemusikk/folkedans-innhald frå Møre og Romsdal:

- "Dans, spill - og litt til" 07.07.1968 - Landskappleiken 1968 fra Maihaugen, Lillehammer. Her kan du mellom anna sjå et glimt av Romsdal Spelemannslag. Sjå programmet her.

- ''Spela spelmann, lat fela låte'' 10.10.1971 - sjå Ingrun Aud og Jon Humberset danse springar frå Søre Sunnmøre, Jens Synnes spelar. Sjå programmet her.

- "Jonsokkveld i fjellbygda" 23.06.1974 - sjå og høyr Sunndal Spelemannslag, dansarar frå Sunndal og Leif Halse. Sjå programmet her.

-
"Etter Dagsrevyen" 15.04.1978 - Rauma Spelemannslag spelar. Sjå programmet her.

-
Norge Rundt 06.07.1979 - Romsdalsmuseets Leikarring dansar og syng. Sjå programmet her.

- "Myllarjenta"
28.12.1988 - 
Musikalsk møte med felespilleren Annbjørg Lien (17). Sjå programmet her.

17. august


Trøorgelsamling i Ørsta

I Ørsta Kulturhus er det laga ei utstilling med bilete etter Olav Strømme og trøorgel samla av Hans Lefdal. Hans Lefdal er lidenskapeleg oppteken av trøorgel, harper og munnharper. Orgla i samlinga har han satt i stand, så dei kan spelast på.
Utstillinga er open for publikum, ta kontakt med Hans Lefdal eller nokon som arbeider på kulturhuset for tilgang.


7. juli

Sommarferie

Picture

Folkemusikkarkivet sitt kontor vert no sommarstengd til august. God sommar!

4. juli

Raritetar

Picture


Folkemusikkarkivet får kvar veke spanande førespurnader på telefon, E-post og brev. Stadig dukkar det opp nye notar, opptak, bilete osb.
Her kan dykk sjå eit postkort, der Gunnar Rødal slår stiften i ein springar.

Vi er takksam for alt som arkivet får av materiale.


5. juni

Sunnmørsringen

Kvart år møtast glade dansarar frå Sunnmøre til dansesamlingar i regi av Sunnmørsringen - her kan du lese om den fyrste samlinga i 1972(?):
28.mai  
Picture

Folkemusikkarkivet ønskjer seg ein jubileumsvals!

Picture
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal feirar i år 25 år. I den samanheng ønskjer vi å utfordre alle våre vener til å lage ein vals til Folkemusikkarkivet.
Alle innsende bidrag på notar og/eller film innan 1. november kan vente seg ei overrasking i posten.

Vi gler oss til å høyre!

Helsing
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal

23.mai

Tid for seljefløyte

PictureFoto: Atle Grebstad Eliassen
Seljefløytene slik Dagfinn Nupen i Ørsta lagar dei vart dokumentert denn veka. Sevja stig i seljene i Ørsta og dermed kom telefonen frå Dagfinn: no er det tid for Ørstatur. 
Arne Torvik, video og lyd, Atle Grebstad Eliassen, foto og Ola Gjendem, intervjuar, kasta seg i bilen og drog beinvegen til Grepalia 25 for eit triveleg møte med folkemusikaren. Dagfinn synte oss korleis fløyta vert laga og ga tips og råd. Han ga og til beste reglene som høyrde med. Vi gjorde og opptak av mange andre av instrumenta som Dagfinn Nupen spelar på. Dagfinn Nupen har vore ein god ambassadør for dei eldre folkemusikkinstrumenta i mange år. Det vert sett pris på og han fikk Kongens Fortjenstmedalje i gull i 2006. I 2011 fekk han Ørsta kommune sin kulturpris.
Takk til Dagfinn for god mottagelse og ei fin stund!

Slik lagar du seljefløyte:
- Folkemusikaren Dagfinn Nupen viser deg korleis du enkelt kan lage ei seljefløyte med ein lommekniv og ein kvist - sjå her.
- Dagfinn Nupen fikk Ørsta kommune sin kulturpris for 2011 - sjå her.
- Luringen Dagfinn Nupen - sjå her.

22.mai


FOLKtema - Erik Almhjell

Møre og Romsdal har ein rik danse- og speltradisjon. Alt frå reinlender til pariser, skorsk og springar. Spelemennene bak slåttane er mange, over heile fylket har vi hatt spelmenn med sitt unike slåtterepertoar. Gjennom ein kursserie på seks kurs ynskjer Folkemusikkarkivet å lyfte fram seks av desse spelemennene og slåtterepertoaret deira. Dette for å bidra til at ungdom og vaksne får kjennskap til sine lokale tradisjonar frå Møre og Romsdal.

Her finn du informasjon om det tredje kurset i kursserien:

3. FOLKtema:
Erik Almhjell (1881-1963)
Erik Almhjell var spelemann og arbeidskar frå Sunndalen. Han arbeidde om dagane og spela om kveldane. "Med flittig øving fekk han dei tjukke fingrane sine til å finne dei rette grepa på strengene, og bogehanda gjekk lett og ledig. Han spela reint og roleg og malmfullt. Erik hadde stor vyrdnad for musikken og ville helst ikkje forandre slåttane, men spela dei mest mogleg i si opprinnelege form. Såleis kunne han øve på ei enkelt strofe kveld etter kveld heilt til han meistra alle vanskar. Samstundes prøvde han å halde greie på slåttane - kvar dei var komne ifrå og kven som hadde spela dei", fortel Erling Torske (Halse:47).
Erik Almhjell gifta seg i en alder av 67 år med Magnhild Havdal frå Tingvoll. Og dei to budde med song og musikk på garden Åkerfallet i Tingvoll livet ut. Meir om Erik Almhjell kan du lese i vedlagt artikkel.

Instruktør: Hilde Bergfald
Tid: 29. august, kl. 12-16.
Stad: Reknes Ungdomshus, Molde.
Pris: 200kr
For Kven: Kursa er for ungdom frå 13år som er dyktige på sitt instrument og vaksne.
Ansvarleg: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Påmelding: Send namn og instrument til folkemusikk@hivolda.no innan 15. august.
Kursserien er støtta av Rådet for folkemusikk og folkedans.

8.mai

Film frå Fylkeskappleiken

Nytt gløtt frå Fylkeskappleiken i Tresfjord. Her kan du sjå og høyre Futt og Fart og hardingfelelaget til UL. Ivar Aasen:
7. mai

CD-innspeling

Siste helga i april var åtte folkemusikarar i Ocean Sound studio på Giske for å spele inn cd for Folkemusikkarkivet. CDen inneheld springar- og hallingslåttar frå Møre og Romsdal. Vi gler oss til cden kjem ut for salg!
7. mai

Avisutklipp

Då er avisutklippa frå den siste tida skanna og arkivert. Her kan du sjå ein smakebit:
23. april

Nytt materiale

Vi blir veldig glad for notar og anna materiale. Under kappleiken og no i ettertid har vi fått inn fleire notesamlingar. Desse er no digitalisert, registrert og satt i permar. Takk for at Folkemusikkarkivet får lov til å ta vare på dette!
23. april

Film frå Fylkeskappleiken

Her kjem nok eit gløtt frå Fylkeskappleiken i Tresfjord. Runhild Heggem spelar Gammelpottbuttul'n etter Trygve Ørsal:
21. april

Film frå Fylkeskappleiken

Helga 11.-12. april var Folkemusikkarkivet tilstade under Fylkeskappleiken i Tresfjord. Her tok vi både lyd- og videoopptak. Dei neste vekene kjem vi til å publisere nokre av opptaka her.
13. april

Nytt notehefte!

Picture


I høve Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal sine 25år har vi henta eit nytt notehefte frå trykkeriet. Noteheftet inneheld 26 slåttar frå Møre og Romsdal. Hefte kostar 150kr, og vil være til sals på Fylkeskappleiken i Tresfjord 11.-12. april. Vi kan og sende noteheftet i posten.

Alle tre frampå golva er eit notehefte med slåttar til bruk i kulturskulane, for rekrutt og juniorspelemannslag, og til vaksne som vil prøve seg på folkemusikk. Noteheftet inneheld både runddans og bygdedansslåttar frå Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre.


9.april


FOLKtema - Peter L. Rypdal

Picture

Ti felespelarar fekk 21. mars prøvd seg på slåttar frå repertoaret til Peter L. Rypdal frå Tresfjord. Jorun Marie Kvernberg var kurslærar og utfordra kursdeltakarane med mellom anna to slåttar på trollstilt fele. Eit kjekt kurs!

Litt om:
Peter L. Rypdal (1909-1988)
Peter L. Rypdal budde i Tresfjord heile sitt liv, ei bygd med sterkt musikkliv. Han lærte å spele av sin morfar, Jokob L. Kjersem (1862-1944), som var spelemann og regimentsmusikar. Også klarinettisten Nils E. Kjøpstad (1863-1935) var ein god læremeister. Rypdal sykla på besøk til Kjøpstad nesten kvar søndag i ungdomstida for å lære seg gamle slåttar og for å trene seg på å improvisere andrestemmer. 
Han komponerte fleire gode slåttar, og to av bruremarsjane hans blir framleis mykje brukt over heile landet.
I tillegg til folkemusikken hadde Peter stor interesse for klassisk musikk, og spelte både i strykekvartett og var med på å danne Fellesorkesteret (symfoniorkester for Tresfjord og Vestnes). Han var og med på å stifte Romsdal spelemannslag i 1936, eit av dei eldste spelemannslaga i Noreg.


Neste kurs i kursserien FOLKtema vert i Molde 30. august - tema: Erik Almhjell, kurslærar Hilde Bergfald. Informasjon om mellom anna stad kjem snart.

9. april

Stordal Folkedanslag

Picture

18. mars var Folkemusikkarkivet innom Stordal Folkedanslag si danseøving for å filme. Her fekk vi mange flotte opptak av dei flinke dansarane.
Takk for at vi fekk filme!


9.april

Avisutklipp

Då er avisutklippa frå den siste tida skanna og arkivert. Her kan du sjå ein smakebit:
12.mars

Den internasjonale kvinnedagen

I høve den internasjonale kvinnedagen feirar vi med eit opptak av Britt Elise Skram. Ho spelar slåtten "Hilsen til Ingjerd" som er skrive av Olaf Overå. Ingjerd Lange var den fyrste kvinnelege ledaren i Romsdal Spelemannslag.

Gratulerar med dagen!

8.mars

Filming

Folkemusikkarkivet har dei siste dagana filma både solokonserten til Britt Elise Skram på Reknes Ungdomshus i Molde og Rauma Spelemannslag på Åndalsnes. Her kan du sjå Rauma Spelemannslag i aksjon: 
7. mars

Rauma spelemannslag 50 år!

Folkemusikkarkivet gratulerer Rauma spelemannslag med 50 år!
I den anledning har vi gravd litt i diverse dokument, under ser du ein smakebit på avisutklipp og andre publiserte tekstar frå Spelemannsbladet og Folkemusikkbladet.
Vi ynskjer Rauma spelemannslag mange gode år framover.

Her kan du sjå et innslag med Rauma spelemannslag i programmet "Etter Dagsrevyen" fra 1978.

Under kan du sjå ein film frå 2013 der laget speler slåtten "Konrad i skogen":


21.februar

Nytt i hyllene

Vi får stadig nye cdar, bøker, lydopptak og filmar i hyllene på Folkemusikkarkivet. Noko kjøper vi medan andre ting får vi som gåver. Dei siste vekene er dette nytt:
20.februar

Lite gløtt i bokhylla

Boksamlinga til Folkemusikkarkivet har vokst mykje dei siste åra. Her kan du sjå nokre smakebitar på kva me har:
9. februar

Hurra!

4. februar vedtok Kultur- og folkehelseutvalet å bruke 3millionar til eit treårig utviklingsprosjekt innan folkemusikk og folkedansarven i Møre og Romsdal. Det vart også gjeve pengar til prosjektet "UNG folkemusikar", og tilskotet til Folkemusikkarkivet vart nesten dobbla.
Takk til Kulturavdelinga og Kultur- og folkehelseutvalet.

Les meir her!


5. februar

Fylkeskappleik i Vestnes

Her er eit lite attersyn på fylkeskappleikar arrangert av Spelemannslaget Dåm og Drag - 1988, 1995 og 2007. 
Spelemannslaget Dåm og Drag arrangerer og fylkeskappleik i år, den er lagt til dagane 11.-12. april i Tresfjord. Informasjon om arrangementet kan du finne her: www.folkemusikklag.no

26.januar

Eitt år med feiring

I 2015 feirar Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal 25 år - hurra!
Det vert fleire markeringar av forskjellige slag, mellom anna med kursserien FOLKtema, CD-utgjeving, kurs, notehefte og konsertar. Følg oss her på nettsida og på facebook "Folkemusikk i Møre og Romsdal".
Folkemusikkarkivet ynskjer høg aktivitet og eit godt år.
19.januar
Picture

Slåttify og Youtube

Folkemusikkarkivet har satt saman spelelister med folkemusikk og folkedans frå Møre og Romsdal både på Youtube og Slåttify. 
Listene finn du her:
Slåttify: www.slaattify.no
Youtube: www.youtube.com/user/FolkemusikkarkivetMR/playlists


19. januar

Julehelsing!

Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal ynskjer alle god jul!
Takk for samarbeid, deltaking på kurs, bruk av arkivet og ellers hyggeleg kontakt. Folkemusikkarkivet vil det neste året halde fram arbeidet med å digitalisere, systematisere, gjere innsamling og arrangere kurs.

Vi gler oss til eit nytt år med folkemusikk og folkedans!

Helsing 
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
18. desember

Picture

FOLKtema for ungdom - kurs 1 og 2

Møre og Romsdal har ein rik danse- og speltradisjon. Alt frå reinlender til pariser, skorsk og springar. Spelemennene bak slåttane er mange, over heile fylket har vi hatt spelmenn med sitt unike slåtterepertoar. Gjennom ein kursserie på seks kurs ynskjer Folkemusikkarkivet å lyfte fram seks av desse spelemennene og slåtterepertoaret deira. Dette for å bidra til at ungdom får kjennskap til sine lokale tradisjonar frå Møre og Romsdal.
I fylket har vi fleire aktive spelemannslag og juniorspelemannslag. Dessverre er det få arrangement der ungdommen kan møtes på tvers av spelemannslagene. Folkemusikkarkivet håper denne kursserien ikkje berre kan være med å lyfte fram eit lite nytta slåtterepertoar, men og at ungdommane får ein moglegheit til å møte andre med same interesser.
Folkemusikkarkivet ynskjer at denne kursserien vil få ungdommene til å bli nysgjerrig på sine eigne tradisjonar, til å utøve den og formidle den vidare til andre.

Informasjon om kursserien finn du og på nettsida til Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal: www.folkemusikkarkiv.no
Kursserien er støtta av Rådet for folkemusikk og folkedans.

Under finn du informasjon om dei to fyrste kursa i kursserien:

1. FOLKtema: Petter Berli

PicturePetter Berli Foto: Storfjordnytt.
Petter Berli (1911-1999)
Petter Berli budde og dreiv som gardbrukar på Berli i Valldal heile sitt vaksne liv. Det var alltid mykje song og musikk i barndomsheimen. Petter starta å spele fele i 15-16 årsalderen. Han viste tidleg stor dyktigheit i felespel, og fekk mellom anna rettleiing i felespel av Hans Iversen frå Ålesund. Morfaren, Lars Petter Valdal, spelte mykje ilag med Bolstad, og kunne m.a. spele posisjonsspel. Petter førte arven vidare på framifrå vis. Han spelte mykje klassisk musikk i tillegg til slåttespel, og var medlem av ein strykekvartett i Valldal i mange år. I 1980 tok han initiativet til å skipe Valldal spelemannslag, der han var leiar fram til 1987. Petter vart mykje brukt som spelemann i bryllaup, på dansekurs og andre dansetilstellingar. Han har komponert nokre slåttar og ein del av desse er nedskrevne.  Berli deltok på mange kappleikar og vart honorert for sitt kraftfulle spel og sin gode bogeteknikk.

Instruktør: Ingunn Linge Valdal
Tid: 8. februar, kl. 12-16.
Stad: Stordal frivilligsentral, Sandvikgata 30B.
Pris: 200kr
For Kven: Kursa er for ungdom i alderen 13år+ som er dyktige på sitt instrument.
Ansvarleg: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Påmelding
: Send namn, alder og instrument til folkemusikk@hivolda.no innan 27. januar.


2. FOLKtema: Peter L. Rypdal

PicturePeter L. Rypdal Foto: RB
Peter L. Rypdal (1909-1988)
Peter L. Rypdal budde i Tresfjord heile sitt liv, ei bygd med sterkt musikkliv. Han lærte å spele av sin morfar, Jokob L. Kjersem (1862-1944), som var spelemann og regimentsmusikar. Også klarinettisten Nils E. Kjøpstad (1863-1935) var ein god læremeister. Rypdal sykla på besøk til Kjøpstad nesten kvar søndag i ungdomstida for å lære seg gamle slåttar og for å trene seg på å improvisere andrestemmer. 
Han komponerte fleire gode slåttar, og to av bruremarsjane hans blir framleis mykje brukt over heile landet.
I tillegg til folkemusikken hadde Peter stor interesse for klassisk musikk, og spelte både i strykekvartett og var med på å danne Fellesorkesteret (symfoniorkester for Tresfjord og Vestnes). Han var og med på å stifte Romsdal spelemannslag i 1936, eit av dei eldste spelemannslaga i Noreg.


Instruktør: Jorun Marie Kvernberg 
Tid: Laurdag 21. mars, kl. 16-20.
Stad: Ungdomshuset Høgtun i Vikebygda, Volda.
Pris: 200kr
For Kven: Kursa er for ungdom i alderen 13år+ som er dyktige på sitt instrument.
Ansvarleg: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Påmelding
: Send namn, alder og instrument til folkemusikk@hivolda.no innan 10. mars.


16.desember

"Nye" publikasjonar

Folkemusikkarkivet har fått tak i diverse bøker/hefter for vidaresal:
- Folkemusikk frå Sykkylven - Blinde-Karl-slåttane ved Trygve Straume.
- Folkemusikk frå Sykkylven - Bernt Høgset heftet ved Trygve Straume.
- Religiøse folketonar frå Sykkylven ved Trygve Straume.
- Song og Spel i Sykkylven - gammal og ny tid ved Trygve Straume.

For prisar sjå under fana "Publikasjonar".


9. desember

Songleik 

Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal har vore så heldig å fått dokumentere songane og songleikane som Borghild Brekke (f.1925) frå Ørsta hugsar dei leika i barndomen. Ein av favorittsongleikane til Borghild er "Stjerner små og store". Dette er ein songleik som ho var med å leike i sin barndom og som ho endå er veldig glad i. Takk for at vi fekk kome!

Her kan du høyre Borghild synge og forklare songleiken "Stjerner små og store":

3. desember

Avisutklipp!

Då er avisutklippa frå den siste tida skanna og arkivert. Her kan du sjå ein smakebit:
20.november

Tilvekst til samlinga

Picture
Støtt og stadig kjem det nytt materiale inn til Folkemusikkarkivet, både i form av lyd, film, notar, notat og bøker. Den siste tida har det kome endel lyd, notar og avisutklipp fra forskjellige personar på Sunmøre og Romsdal.
I tilegg har Folkemusikkarkivet vore ute og samla materiale både i form av konsertar og intervju.

Folkemusikkarkivet er særs glad for alt som kjem inn - takk!



20.november

FOLKtema - Ny kursserie for ungdom!

Møre og Romsdal har en rik danse- og speltradisjon. Alt fra reinlender til pariser, skorsk og springar. Spelemennene bak slåttene er mange, over hele fylket har vi hatt spelmenn med sitt unike slåtterepertoar. Gjennom en kursserie på seks kurs ønsker Folkemusikkarkivet å løfte frem seks av disse spelemennene. Dette for å bidra til at ungdom får kjennskap til sine lokale tradisjoner fra Møre og Romsdal. 
I fylket har vi flere aktive spelemannslag og juniorspelemannslag. Desverre er det få arrangement der ungdommen kan møtes på tvers av spelemannslagene. Folkemusikkarkivet håper denne kursserien ikke bare kan være med å løfte fram et lite brukt slåtterepertoar, men og at ungdommene får en mulighet til å møte andre med samme interesser.
Folkemusikkarkivet ønsker at denne kursserien vil få ungdommene til å bli nysgjerrig på sine egne tradisjoner, til å utøve den og formidle den videre til andre.

FOLKtema:
1. Ola og Ivar Kjelstad - Hellesylt
2. Petter Berli - Valldal
3. Ole Gussiås - Gussiås/Molde
4. Petter L. Rypdal - Tresfjord
5. Nils Bakke - Kleive/Kristiansund
6. Erik Almhjell - Sunndalen

Kurslengde: 4 timer, lørdag eller søndag.
Sted: Flyttes rundt i fylket.
For hvem: Ungdom i alderen 13+ som har god ferdighet på sitt instrument.
Tidsrom: Januar 2015 - januar 2016
Ansvarlig:
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Kursserien er støttet av Rådet for folkemusikk og folkedans

Info om kursdatoer og sted kommer når dette er klart.


19.november

Avisutklipp!

Då er avisutklippa frå den siste tida skanna og arkivert. Her kan du sjå ein smakebit:
24.oktober


Eg har dansa med...

PictureFoto: FAMR

I dag vert folkedansinstruktøren Gunnar Rødal 80 år - Gratulerer!
Folkemusikkarkivet set stor pris på all tid, innsats, reise og glød Gunnar har lagt ned i arbeidet for folkedansen og folkemusikken.

Under kan du lese artikkelen "-Har du dansa med Gunnar?" av Alf R. Røsberg, Jul i Romsdal 2006.
14. oktober

Telebondemann

Visa om telebondemannen, Møre-Nytt 23.12.82.
13. oktober

Tilvekst til samlinga!

Støtt og stadig kjem det nytt materiale inn til Folkemusikkarkivet, både i form av lyd, film, notar, notat og bøker. Sist veke kom det ei god ladning med bøker/hefter/plater frå Romsdal Ungdomssamlag. Ei kasse med materiale som har vore på Romsdal Ungdomssamlag sitt kontor i Molde. No skal Romsdal Ungdomssamlag og Nordmøre Ungdomslag slå seg saman, og kontoret i Molde vert rydda for gamal historie.
Folkemusikkarkivet er særs glad for at RU ville gje noko av materialet til oss
. I kassa var det både songhefter, instruksjonsbøker, kassettar, folkemusikkbøker og 78-plater.
10.oktober

Filming i Molde

I kveld har Folkemusikkarkivet filma delar av danseøvinga til BUL Molde. Tema for kvelden var dansar på rekke - Fransese, Mølledans, Seierstadhopsa osb. På øvinga var det og tilreisande frå andre danseringar i Romsdal.
1. oktober

Nils Bakke og Erik Almhjell

Avisklipp frå arkivet - ukjend avis og årstal.
28. september
Picture

Rapport: Kursserie - Springar i spel og dans

Møre og Romsdal har ein rik danse- og spel-tradisjon. Alt frå reinlendervariasjonar til parisar, skorsk og springar. Spekteret er stort, men diverre er det få som kjenner til og nyttar seg av fylkets eigne tradisjonsdansar. Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal ser at bygdedansen står svakt. Etter fleire år med observasjon på kappleikar og andre arrangement ser vi at denne sjangeren i liten grad er nytta. Du er heldig om du opplever at det vert spilt ein springar i løpet av dansekvelden.

Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal har arbeidd ut frå tanken: «Vert det ikkje spilt springar, vert det heller ikkje dansa springar. Vert det ikkje dansa springar, så vert det ikkje spilt». Og har frå 1. desember 2013 til 7. september 2014 arrangert seks kursdagar:

2013:
1. desember: Springar frå Tafjord
27. desember: Polsdans frå Nordmøre

2014:
23. februar: Springar frå Søre-Sunnmøre
4. juli: Springar frå Nordre Sunnmøre, Tafjord, Sykkylven, Romsdal, Søre Sunnmøre og polsdans frå Nordmøre.
31. august: Springar frå Romsdal
7. september: Springar frå Sykkylven

I løpet av dei seks kursdagane har Folkemusikkarkivet arrangert seks dansekurs og fire spelkurs, kvart kurs på tre timar. Folkemusikkarkivet har til saman leigd inn 15 danseinstruktørar/spelmenn/spelinstruktørar, alle desse er frå Møre og Romsdal. Omlag 150 kursdeltakarar har vore innom eit eller fleire kurs.

Slike kurs skapar ringverknader. Ikkje berre får deltakarane lært seg nye slåttar eller dansar, men lærarane må setje seg betre inn i tradisjonen på førehand. Nokre av lærerane har alt brukt dette repertoaret i sitt vanlige virke som danse- og/eller musikklærar.

Folkemusikkarkivet har gjeve lærarane arkivopptak og noter, og har vore tilstade på alle kursa.

Ekstra kjekt er det å sjå dansane verte brukt på dansegolvet av deltakarar som vi veit lærte dansen for fyrste gong på eit av desse kursa. 



Under kan du sjå nokre bilete frå kursa.

28.september

Hurra!

PictureFoto: FAMR


Mangeårig dagleg leiar, styremdlem, forfattar og musikar Jostein Fet fyller i dag 90 år. Han har jobba med, og for arkivet sidan 1989 og gjort ein framifrå innsats for Folkemusikkarkivet.

Gratulerer med dagen!


10.september

Ny publikasjon

Picture
Juni 2014 var Anna Gjendem ferdig med sitt masterstudie ved Høgskolen i Telemark. Oppgaven hun skrev er nå ute for salg:
Springar i Romsdal - variasjon over tid

Springaren i området rundt Romsdalsfjorden er tema for denne masteroppgaven. Dette er en springarform som i dag i liten grad blir brukt utenfor de lokale øvingene til dansegruppene. Det finnes få kilder og lite filmmateriale om denne dansen. I arbeidet med oppgaven er mye nytt materiale blitt samlet. Anna Gjendem har funnet rundt 30 forskjellige stegvariasjoner, og stiller spørsmål rundt rytmen og lengden på dansen. Hun spør også pm hva endringene i dansemiljøet har hatt å si for utviklingen av dansen, hvilke arenaer dansen har hatt innpass i, og om hvem som utøvet den.

Heftet kan bestilles her folkemusikk@hivolda.no - 150 kr.
10.september

Springardag i Sykkylven

Sundag 7. september vart det siste kurset i kursserien "Springar i spel og dans" arrangert i Sykkylven. Tema for både spel- og dansekurset var "springar frå Sykkylven". På spelkurset lærde dei sju deltakarane fire springarar av felespelar Elin Dyrkorn. No har deltakarane mellom anna Gauken, springdans etter Karl Eidem, springdans etter Sjur-Hans og Syngjaren på repertoaret. 
På dansekurset var det fult driv! Danseinstruktør Mathilde Øverland gav dei tjue deltakarane eit godt innsyn i motiv- og stegvariasjonar. 
Rett og slett ein fin dag.


7.september

Springardag i Molde

Mykje lyd vart det då 13 fele- og fløytespelarar utvida springarrepertoaret på kurs med Britt Elise Skram. Tema for spel- og dansekurset denne dagen var "springar i Romsdal". På spelkurset var det deltakarar fra alle dei tre spelemannslaga i Romsdal. Dei fekk prøvd seg på meir eller mindre ukjende slåttar, kanskje høyrer me desse slåttane spelt til dans om ikkje lenge?
Seinare på dagen var det dansekurs med Anna Gjendem. Deltakarane fekk ei breiare innsikt i steg og motiv frå området, men og triks, hopp og sprett.  
Det er kjekt å kunne samlast på tvers av laga for å få fagleg påfyll!


31. august

Kurs: Springar frå Sykkylven

Picture
Spelkurs med Elin Dyrkorn. 
Kurset er for dykk som spelar eit instrument, og som er interessert i eit større springarrepertoar frå Sykkylven.

Dansekurs med Mathilde Øverland. 
Kurset er for alle, anten du har dansa mykje eller lite før, er du velkomen.

Dato: 7. september. 
Tid: 12.00-15.00: Spelkurs.
       14.30-17.30: Dansekurs.
Stad: Vik barneskule, Sykkylven. 
Pris: Kr 200,- for eit kurs, kr 300,- for to kurs. 

Påmelding til folkemusikk@hivolda.no innan 27. august. 

Kursa er arrangert av Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal med støtte frå Rådet for folkemusikk og folkedans.


24. august

Neste kurs: Springar frå Romsdal

Picture
Spelkurs med Britt Elise Skram. Kurset er for dykk som spelar eit instrument, og som er interessert i eit større springarrepertoar frå Romsdal.

Dansekurs med Anna Gjendem og spelmann Liv Kvernberg. Kurset er for alle, anten du har dansa mykje eller lite før, er du velkomen.

Dato: 31. august
Tid: 12.00-15.00: Spelkurs.
15.30-18.30: Dansekurs.
Stad: Reknes Ungdomshus, Molde
Pris: Kr 200,- for eit kurs og kr 300,- for to kurs. 

Born og studentar kr 100,- for eit kurs og kr 200,- for to kurs.

Påmelding til folkemusikk@hivolda.no innan 20. august.

Kursa er arrangert av Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal med støtte frå Rådet for folkemusikk og folkedans.

12. august

Fagre tonar!

Denne helga har Folkemusikkarkivet fylt helga med konsertar og kurs i Romsdal.
På Vågøy i Fræna kommune vart det 8.-10. august arrangert "Klangfestival". Eit spanande program med dugande utøvarar innan mellom anna klassisk, jazz og folkemusikk. På laurdag vart minnesteinen til felemakar Lars Hoem avduka, følgd av ein glimrande utekonsert med Jorun Marie Kvernberg. Seinare på kvelden vart det konsert i Vågøy kyrkje "Mest jazz" der mellom anna Henning Sommerro, Jorun Marie Kvernberg, Karl Seglem og Ine Hoem medverka. Ein flott dag og ein flott festival!


Sundag arrangerte Folkemusikkarkivet "Inspirasjonskurs for klarinettistar" med Ine Nord i Molde. Åtte deltakera diskuterte speleteknikk, klangideal, samspel og solospel i tillegg til å spele. Ine Nord hadde med seg klarinettopptak frå forskjellige delar av verda, men slåttane deltakarane lærde var lokale. Her kan me nemne: Springar frå Stranda, Vegvoktaren, Brudlaupet på Nordbø og Klarinettpolka.

Flott helg!

10. august

Militærmuikarar på Setnesmoen

Er det nokon som kan hjelpe oss med opplysingar om dette bilete?
Bilete er teke av fotograf Sødahl på Veblungsnes, og antakeleg frå like etter 1900. Personen i midten av tredje rekke, framfor dei to i bakerste rekke kan være Jakob Rypdal (1857-1935). På bilete er det minst fem "klanetta", og musikarane er troleg frå Sunnmøre og Romsdal.
Bilete tilhøyrer Molde bymuseum.

Send ein E-post til folkemusikk(a)hivolda.no om du har noko info om dette bilete.
7.august


Klarinett i arkivet

Den siste tida har det vore mykje klarinettmusikk og "klarinettsnakk" på kontoret til Folkemusikkarkivet. Opptak med mellom anna Jakob Rypdal, Thoralf Storwik og Alf Stavik surrar på anlegget. Det er spanande å høyre forskjellar og likskapar på spelet til utøverane. Også skriftlege kjelder finnast det endel av frå området, og dette vert no samla i ein eigen "klarinett-perm".

Har du tips om andre opptak eller kjelder er det berre å ta kontakt.

Under kan du sjå klarinetten som Alf Stavik spelte på i 1994 då Folkemusikkarkivet gjorde opptak hjå han. Alf Stavik arva denne klarinetten etter far sin, Mads Andreas Stavik. Klarinetten kom frå Tyskland i 1870-80 åra.
1.august
Picture

Avisutklipp!

Då er avisutklippa frå den siste tida skanna og arkivert. Her kan du sjå ein smakebit:
7.juli

Inspirasjonskurs for klarinettistar 

PictureIne Nord. Foto: Jorma Airola
På inspirasjonskurs for klarinettistar vil vi fokusere på klarinetten som folkemusikkinstrument, både solo og i samspel.
Vi vil sjå på speletekniske utfordringar ved å spele folkemuskkmelodiar på eit blåseinstrument – frasering, artikulasjon og rytme, samt tips til tolking av melodiar mest spelt på andre instrument(t.d. fele).
Klarinetten brukt i samspel med andre instrument, i grupper og spelemannslag vil og bli teke opp. Teknikkar for stemmespel, arrangement for klarinett samt ulike roller for klarinetten i eit ensemble(melodi, stemme, akkompagnement, etc.) vil verte diskutert og utprøvd.

I tillegg til praktisk arbeid og spel på klarinett, vil det vere mogleg å sjå på videoar og høyre opptak av klarinetten i bruk i folkemusikk, både solo og i grupper.

I tillegg til å ta med klarinetten på kurset, kan det vere nyttig å ha med skrivesaker og gjerne noko å ta opp lyd med.
Velkomne!

Kurshaldar: Ine Nord
Dato: 10. august
Tid: 12.00-17.00
Stad: Sandvegen 4, Molde.
Pris: 300kr
Påmelding: Innan 3. august til folkemusikk@hivolda.no
Arrangør: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal

Ine Nord
Ine Nord er utøvar av norsk og nordisk folkemusikk. Ho held for tida på med å avslutte ein mastergrad i utøvande folkemusikk ved Sibeliusakademiet i Helsingfors, Finland.
Hovudinstrumentet til Ine er klarinetten, og ho er oppteken av bruken av instrumentet både tradisjonelt i folkemusikken og i meir moderne settingar.
Ho har også sett seg grundig inn i klarinetten si historiske betyding i den nordiske folkemusikkscena.

Ine opptrer aktivt på konsertar, både solo i prosjektet Ine Nord – Loooking Back, og i større og mindre ensemble, mellom andre blåseinstrumentgruppa We/Blow (https://soundcloud.com/weblowband) og Sibelius Akatemia Folk Big Band (https://soundcloud.com/sibafolkbigband). Ho opptrer også på prosjektbasis i større og mindre konstellasjonar. 


22. juni

Notesamling på nett

18. juni var det høgtideleg opning av den digitale notesamlinga til Olav P. Hjelvik i Rauma kulturhus. For omlag ti år sidan fekk Rauma bibliotek notesamlinga i gåve frå Olav. Biblioteket og Arvid Stennes har dei siste åra systematisert og digitalisert materialet som inneheld ca. 1500 notar. Etter godord og blomar til både Olav og Arvid venta det musikunderhaldning. Fem spelemannslag og eit dansarlag fylte scena i Rauma kulturhus med slåttar frå Romsdal.

Notesamlinga finn du mellom anna her.

Foto: Øystein Eik
19.juni

Hurra for springaren frå Romsdal!

I dag er det 40 år sidan Romsdal Ungdomssamlag og Rådet for folkemusikk og folkedans fekk laga filmen "Romsdalsspringar - i tradisjon etter Bjarne Rekdal og Mali Furunes". Med dansarar frå Romsdal Ungdomssamlag og spelemennene Liv Kvernberg, Petter L. Rypdal, Peder K. Staurset og Anders Gjendem vart dansen filma den 16. og 17. juni 1974 i Molde.
Første framsyning av filmen var på Tresheim i Tresfjord 18. september same år.
Sjå bilete lengre ned på denne sida (15.april).

Springaren i 2014:
- I dag er det dansarane i Ungdomslaga i Romsdal som i hovudsak held dansen levande.
- Skuleåret 2014/15 turnerar dansegruppa Hildur med "Danseverkstaden -Spring!" i Romsdal og på Nordre Sunnmøre. Her skal dei gje 600 elevar ein smakebit på springar-og hallingentradisjonen i området. Vonleg vert nokre av elevane "bite av basillen".
- For eit par dagar sidan sluttførte Anna Liv S. Gjendem ei masteroppgåve om springaren ved Høgskulen i Telemark avd. Rauland. oppgåvetittel:
«Dansen har visst ikkje gjort oss so mykje gale» - Springar i Romsdal – variasjon over tid.
- Om du er nysgjerrig på springaren har du moglegheit til å lære deg dansen og/eller springarspelet den 31. august i Molde. Meir info om kursa finn du under "Kalender - kurs". Velkomen!

Springaren lever vidare - og bra er det!

Under kan du sjå to filmar av springaren med danserane:
1. Kerstin og Palmer Løkseth, spelemann
Inge Godtland
2. Anna Liv S. Gjendem og Svein Oskar Smogeli, spelemann Arne Sølvberg.

16. juni

Nytt frå Folkemusikkarkivet

Vil du ha nyheits E-postar frå Folkemusikkarkivet? Send epostadressa di til folkemusikk@hivolda.no.
Vært sendt med ujamne mellomrom.
16. juni


Husk å melde deg på!

Springar og pols i Møre og Romsdal
“Far sa han dansa 33 springdansar etter kvarandre" - springar og pols i Møre og Romsdal.
Kurset vil ta føre seg dei ulike springdansane og polsdansane i Møre og Romsdal . I dag reknar me at ein har seks ulike springar/ polsformer, alle med sine likskapar og ulikskapar. På dette kurst vil du få ein smakebit på alle desse seks dansane: Polsdans frå Nordmøre, springdans frå Romsdal, springar frå Tafjord, springar frå Sykkylven, springar frå Nordre Sunnmøre og springar frå Søre Sunnmøre.

I løpet av kurset vil ein koma inn på spørsmål som: Kva er kjernen i dansen? Kva er likskapet? Korleis er musikken? Korte eller lange dansar? Bygdedanssnu eller runddanssnu?

Kurshaldar er Anna Gjendem og Jannike Svensvik er med på fele. Anna har bachelor i utøvande tradisjonsdans og skriv no på master i tradisjonskunst ved Høgskulen i Telemark. Anna arbeider i dag som utøvande profesjonell folkedansar, og er dagleg leiar ved Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal. Ho brukar tradisjonsdans og-musikk i undervising av alt frå barnehagar til eldre menneske, og har undervist i Den kulturelle skulesekken og i Kulturskuletimen.

Dato: 4. juli.
Tid: 10.00-15.00
Stad: Folkedansfestivalen i Ørsta
Pris: Sjå info her.


Meir info om Folkedansfestivalen og påmelding finn du her.
15. juni

Mykje folkemusikk og folkedans i Kultursekken 2014/15!

PictureHildur Foto: Iver Gjendem

Måla for Den kulturelle skulesekken skal vere:
- å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod
- å leggje til rette for at elevar i skulen lettare skal få tilgang til, gjere seg kjende med og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag
- å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål.





Skuleårer 2014/15 er det ni produksjonar som skal ut i skulane med hovedvekt på folkemusikk og folkedans:

Kjiko Kjiko let felestrengjin
Innhaldet i denne verkstaden vil dreie seg om lokale historier og sagn, og lokal folkemusikk av ulik karakter.
Mykje av stoffet er humoristisk og fargerikt – og kanskje kjem vi også innom både underjordiske og huldrer.
Meir info her.


Magnhild
Arbeidsom, trufast, allsidig og litt sta! Magnhild Almhjell (1894 - 1985) var ei sterk kvinne med mange interesser og evner, men det var med folketonesangen no sette spor etter seg i historia. I denne teaterkonserten gir dei fire musikarane eit bilete av denne tradisjonsberaren frå Tingvoll på Nordmøre. Magnhild song til arbeidet, og helst når ho var åleine i fjøset. Og nettopp det kan vere grunnen til at få personar i nærmiljøet visste kva ho Magnhild sat inne med!
Meir info her.


Hildur med danseverkstaden - Spring!
I ei verd med ulike kulturuttrykk og kanalar er det identitetsskapande å kjenne til tradisjonane frå heimplassen. Danseverkstaden Spring! ynskjer å gi elevar i Møre og Romsdal ei felles oppleving av levande musikk, samdans og lokal forankring. Folkedans er inkluderande, miljøskapande og gir eit unikt høve til trening av rytme, motorikk og balanse i leik. Sjangeren er lett tilgjengeleg for alle typar fysikk og er dermed spesielt eigna for mestringskjensle. Pardans inkluderer nær sagt alle sansar og gir elevar høve til å jobbe trygt i naturlig fysisk samhandling. Mykje av dansetradisjonen i Møre og Romsdal er i ferd med å dø ut då ein ikkje har grepe eller fått høve til å lære desse fantastiske rørsleskattane. Det er i dag også få arenaer der unge har høve til å bevege seg til levande kvalitetsmusikk, få kjennskap til musikk i ulike taktartar, og til å møte dyktige folkedanspedagogar. Elevane får lære å danse den springaren/polsen som er nærast skolen av dei formene som vi i dag kjenner til. I praksis vert dette Todalspols på Nordmøre, Romsdalsspringar i Romsdal, og på Sunnmøre: springarane frå Tafjord, Sykkylven/Stranda, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre – i alt fem ulike, unike og lokale dansar.
Meir info her.


Drøymefjell
Drøymefjell er ikkje ein plass ein reiser til – det er ein plass musikken tek ein med til. Når de skal på konsert med Lajla Renate Buer Storli og John Ole Morken på skulen dykkar, spelar dei spenstige slåtter, syng gamle forteljingar med rare ord om vakre vårdagar. Med kveding, flatfele, hardingfele og gitar tek dei oss med til sitt eige Drøymefjell. Anten ein er lukkeleg, trist, sur eller hoppande glad er Drøymefjell den beste og tryggaste staden i verda. Der skjer akkurat det ein vil.
Meir info her.


Folkemusikk og folkedansverkstad med Åkerfallskulen
Dette tilbodet i Kulturlauget er ein song- og danseverkstad med lokal musikk- og dansetradisjon frå fylket. Elevane får lære nokre songar frå Møre og Romsdal som vi og kan danse til, som til dømes "Kråka raka duå dro" etter Magnhild Almhjell frå Tingvoll og dansen Gilleråsen frå Gjemnes. Elevane vil og få lære smakebitar av Nordmørspolsdansen. Tradisjonsstoffet vert tilpassa etter kor i fylket utøvarane skal gjennomføre verkstadane.
Tilbodet skal gjere dette tradisjonsrike stoffet kjent for nye generasjonar og på den måten får vi tatt vare på unikt historisk materiale som kun kan lærast ved sjølv å utøve tradisjonen.
Meir info her.


Hekla stålstrenga
Hekla Stålstrenga spiller nordnorsk tradisjonsmusikk og har utviklet sin helt egne sound. En egen sjanger, vil mange si – Heklamusikken. Singler som «Folketonen» og «Har du fyr» har blitt flittig spilt på radio og har etterhvert blitt et allemannseie. Anmelderne har kastet terninger med mange øyne både for cd-innspillingene og for konsertene de holder. Ryktet om et av Norges beste liveband har begynt å spre seg og snart spiller Hekla i nærheten av der du bor. Kom på konsert!
Meir info her.


Valkyrien Allstars
Tre hardingfeler. Som erobrer Norge og utland og spiller seg inn på alt fra hitlister via ambassader til både undergrunnsklubber og konsertsaler. Hørt det før? Vel, kanskje ikke egentlig! Valkyrien Allstars har siden oppstarten i 2005 vært et sant unikum i norsk musikk, og har rukket å bli en attraksjon over store deler av verden. Debutalbumet fra 2007 har for lengst solgt til langt forbi gull her hjemme, og gruppa har besøkt alt fra Kina og Japan til Slovakia og England, samt turnert Norge fra ende til ende flerfoldige ganger. 14. oktober slipper Valkyrien Allstars sitt tredje album, et album som viderefører og foredler bandets unike sound. Og som på ny fornyer norsk folkemusikk.
Meir info her.


Trekkspel på tur
Elevane skal ut på tur med to trekkspelarar, ei musikalsk reise der dei besøkjer mange ulike land og mange ulike typar musikk (sjangrar). Dessutan er det ei reise i tid, fordi noko musikk er gammal, og noko er heilt ny.
Mange assosierer trekkspel med gammaldans- eller runddans-musikk. Denne konserten inneheld alt anna enn akkurat det! I staden blir det musikk frå Russland, Frankrike, Italia, Balkan og Sør-Amerika, og det blir orgelmusikk og samtidsmusikk - for å nemne noko.
Det finst mange slags trekkspel, og elevane får i dette programmet høyre akkordeon (som er eit stort 5-raders konsert-trekkspel med melodibass) og musette (som er eit fransk trekkspel med ein heilt spesiell klang). I tillegg har dei med seg eit mindre 3-raders akkordeon som passar fint for barn. Kanskje nokon av elevane får prøve seg på det i løpet av konserten?
Meir info her.

Tindra - Den kvite hjorten
Hugsar du korleis hjortedyr ser ut?
Dei har ei mørk hårstripe frå nakken og langs heile ryggen. Stripa syns tydeleg både i den raudbrune sommarpelsen og i den meir gråbrune vinterpelsen. Nyfødde kalvar har ljose prikkar på sidene, elles er dei også brune.
I naturen er fargen viktig for at dyra skal kunne gøyme seg i farlege situasjonar og for at dei skal bli akseptert som ein del av flokken.Men av og til, uvisst av kva grunn, blir det ein sjeldan gong fødd dyr som ikkje ser ut som dei andre – som i denne historia, som handlar om ein hjort som var heilt kvit i pelsen.
Dette er ei fortejling om ein kvit hjort. Forteljinga vert sunge og spelt med spretne, smygande, sinte, skjøre, søte og svingande tonar av folkemusikarane Åshild, Irene og Jorun Marie og dansa av Nasser Mhende. Dei vil gjerne at de syng med på songen "Ha deg vekk!!" - den ligg under overskrifta "Ressursar" så de kan øve før konserten.
Meir info her.


5. juni

Ny CD!

Picture
Britt Elise Skram - Intakt
Sidan ho starta å spele fele i 10-års alderen har Britt Elise Skram hatt gleda av å spele mykje til dans, og det er runddansmusikken som har oppteke ho mest. Ho har i samband med denne produksjonen hatt eit ønskje om å presentere gode runddansslåttar frå Romsdal. Det ho meiner med gode slåttar er for det første at dei appellerer til dei som skal danse til dei, både gjennom takt og melodiføring.

Nokre av materialet på denne plata er tradisjonelt stoff som ho har fått lære enten ved hjelp av notar, arkivopptak eller direkte overlevering. Andre slåttar er komponert i gamal stil av nyare spelemenn. Felles for dei er at det er slåttar med god dansetakt og med den friske stilen som kjenneteiknar mykje av tradisjonsspelet i Romsdal.

Spor: 01: Polka av Toralv Orvik 02: Mazurka etter Anton Strand 03: Fraser 04: Hilsen Til Ingjerd 05: Mazurka av Toralv Orvik 06: Nøkkens Vals 07: Galoppen Hass Iver 08: Isfjordingen 09: Hai´n Sandvik E´Dau 10: Skvetten Og Spretten 11: Me Dansa Bytar 12: Petra-Mazurka 13: Vals etter Peder Gussiås 14: Reinlender Frå Tresfjord 15: Pariser-polka etter Elling Daugstad


Plateselskap: Kvarts


Folkemusikkarkivet sel CDen: 180kr + porto
.
3. juni

Kurs i dans, spel og song

I løpet av juli og august arrangerer Folkemusikkarkivet tre kurs. To av desse kursa er i samarbeid med Noregs Ungdomslag som i år arrangerer sommarleir og Folkedansfestival i Ørsta 3.-6. juli.

Kurs:
- 3. juli: Kvedarkurs for ungdom. Instruktør Kine Iselilja Gyldenskog frå Tingvoll.
- 4. juli: Springar og pols i Møre og Romsdal. Instruktør Anna Gjendem og spelmann Jannike Svensvik.
- 31. august: Springar i spel og dans - springar frå Romsdal. Instruktør på spelkurset er Britt Elise Skram. Instruktør på dansekurset er Anna Gjendem og spelmann Liv Kvernberg.

Info om desse tre kursa finn du under fana "kalender - kurs" - eller trykk her.

2. juni 

Og vinnaren er...

Prosjektet "Favoritten vår!" vart laga for å setje lys på folkemusikk-og folkedansaktiviteten i Møre og Romsdal. Dette for å syne kva me dansar og spelar, men og for å syne at me finns. 
Oppslutninga rundt prosjektet har vore god. Det er kome inn 19 filmar frå spelemannslag, leikarringar og songgrupper. Desse filmane har vore med i konkurransen om å vinne billettar til Folkedansfestivalen i Ørsta (3.-6.juli). Onsdag 21. mai vart det trekt ein vinnar. 



Vinnaren er: "Polka med støyt" dansa av Torsdagsdansarane i Volda Frilynde Ungdomslag.


Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag, Møre og Romsdal Folkemusikklag og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal gratulerer vinnaren!

Folkedansfestivalen i Ørsta vert arrangert av Noregs Ungdomslag 3.-6. juli. Her kan du delta på kurs, konsertar og få danse mykje. Program og info finn du her.

22. mai

Favoritten vår!

Prosjektet "Favoritten vår!" går mot slutten. Dei siste dagane har det kommet inn seks nye filmar. Dei finn du under fana "Favoritten vår" opp på menylinja. Ein vinnar blir trekt ut frå dei innsendte filmane og får festivalbillettar til Folkedansfestivalen i Ørsta (3.-6. juli).
14. mai

Hurra!

Den siste tida er det løyva mykje pengemidlar til folkemusikken og folkedansen. Folkemusikkarkivet håpar det kjem mykje godt ut av desse pengane!

Prosjekttilskot:
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal har fått 240.000kr i prosjekttilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Desse middlane kjem i tilegg til det vanlege drifttilskotet. 

Utgreiingsarbeid:
Den 7. mai vedtok Kultur-og folkehelseutvalet å nytte 200.000 kroner til utgreiingsarbeid rundt Folkemusikk- og folkedansarven i Møre og Romsdal og fylkeskommunen si rolle. Meir om dette her.

14.mai

Favoritten vår!

Her kan du høyre favorittslåtten til Futt og Farts felegruppe:
4.mai

Utsatt frist!

Fristen for innsending av film til prosjektet "Favoritten vår!" blir utsatt til onsdag 14. mai.
30.mai

Favoritten vår! - frist 5. mai

”Somme lika kaffe, somme lika te. E lika gutanj og gutanj lika me.”

Alle har ein favoritt anten me snakkar om sjokolade, musikk, klede eller dans. Ein favoritt får ein til å smile, og til å ynskje at ein kan få - akkurat den ein gong til. 

Me ynskjer å få sjå dykkar favoritt, anten det er ein vals, halling, songdans eller ein leik. 
Gjennom prosjektet ”Favoritten vår” ynskjer me å setje lys på folkedansen og folkemusikken i Møre og Romsdal. Dette for å syne kva me dansar og spelar, men og for å syne at me finns.

For å delta: Må de filme dykk sjølv, der de anten dansar eller spelar. Filmen bør ha ein lengde frå 1-4 minutt. Treng de hjelp til filminga kan Folkemusikkarkivet komme med råd eller kanskje filme for dykk. Send filmen inn til Folkemusikkarkivet og dei publiserer den gjennom sin konto på Youtube.

Frå dei innsendte filmane vil det verte trekt ut ein som får premie. Premien vert billettar til arrangement under Folkedansfestivalen arrangert av Noregs Ungdomslag i Ørsta 3.-6. juli.

Send inn film til Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal innan 5. mai 2014. 
Spørsmål? Kontakt Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag, Møre og Romsdal Folkemusikklag og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal.

Helsing 
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Høgskulen i Volda 
Postboks 500, 6101 Volda
Telefon: 70 07 50 92
e-post: folkemusikk@hivolda.no
Nettside: www.folkemusikkarkiv.no



28.april

Dansens dagar - hurra!

Picture

Dansens dagar vert markert over heile landet 26.-29. april.
I dag har Folkemusikkarkivet filma Romsdalsmuseets Leikarring og Molde Kulturskule. Dei markerte dagen med to danseoppvisingar på Plassen i Molde. 

Ei flott oppvising - Hurra!

Meir om "Dansens dagar" 
finn du her.


26. april

Slåttify

Picture

Bli kjent med norsk folkemusikk!
På nettsida "Slåttify" finn du spelelister med norsk folkemusikk - tradisjonell og nyskapande. Folkemusikkakrivet har laga lista for Møre og Romsdal. Her syner vi smakebitar av musikken til forskjellige grupper, tradisjonar, instrument, stader, utøvarar osv. 

Andre arkiv, enkelt personar og festivalar har og laga spelelister -
høyr desse her.

26.april

For 40 år sidan....

I år er det 40 år sidan Romsdal Ungdomssamlag og Rådet for folkemusikk og folkedans fekk laga filmen "Romsdalsspringar - i tradisjon etter Bjarne Rekdal og Mali Furunes". Med dansarar frå Romsdal Ungdomssamlag og spelemennene Liv Kvernberg, Petter L. Rypdal, Peder K. Staurset og Anders Gjendem vart dansen filma den 16. og 17. juni 1974 i Molde.
Første framsyning av filmen var på Tresheim i Tresfjord 18. september same år. 

15. april

Påske - med godt lesestoff

No er påska rundt hjørne, tid for hyttekos, ski, appelsin og ei god bok. 
Hugs at ikkje alle gode bøker er i sjangeren krim. Det kan vere like spanande å ta fram ei bok med notar, eller ei bok om spelemenn og dansarar. Til påskelitteratur foreslår Folkemusikkarkivet:

Arild Hoksnes, Marit Rekdal og Henning Sommerro: Syng som folk

Picture
Pris: kr. 100

INFORMASJON:
Folkeleg songtradisjon frå Romsdal, Utgjeve av Romsdal sogelag.
Samlinga inneheld 111 songar og viser i folkeleg tradisjon frå Romsdal. Dei spenner frå mellomalderballadar til moderne skillingsviser. Alle visene har tone, som også er nedskreven slik han er blitt sungen på bygdene våre.
NB: Boka ligg også som gratis pdf for nedlasting 
her.

Anders Gjendem: Musikanter i Romsdal

Picture
Pris: kr. 100
Boka kan og kjøpast direkte hjå Ola Gjendem - ola(a)gjendem.net

INFORMASJON:
Musikant-biografier for tidsrommet ca.1650-1950

Jostein Fet: Folkemusikken i Møre og Romsdal. 

Pris: kr. 300

INFORMASJON:
Boka er delt i to hovudbolkar. Den første er eit historisk oversyn over folkemusikken i fylket. Den andre delen er eit utval av folkemusikk på notar, i mengde om lag likleg fordelt mellom Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Her finn du både bruremarsjar, springar, halling, runddansmusikk og vokaltmateriale.(Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal: Skrift nr. 1)

Fleire bøker, notar og cdar finn du under fana "Publikasjonar".


GOD PÅSKE!

11. april

Ny favorittdans - denne gongen frå Volda:

Smakebit frå Fylkeskappleiken 2014

Folkemusikkarkivet vil dei neste vekene publisere nokre samekebitar frå Fylkeskappleiken i Molde. 
Fyrste smakebit:
Spelemannslaget Havella deltok i open klasse med to slåttar arrangert av Jorun Marie Kvernberg. Her kan du høyre den eine slåtten:

Fylkeskappleik i Molde

Folkemusikkarkivet skal laurdag 5.april gjere lyd- og videoopptak under Fylkeskappleiken for Møre og Romsdal. Me gler oss!
4. april

Ny favorittslått:

Favorittslåtten til Halkjelsvika spelemannslag i Volda er:
2.april

Arkivseminar

Dagleg leiar er i desse dagar på arkivseminar i Trondheim. Her er mange av folkemusikkarkiva i Noreg representert. Tema som lyd, video, bilete, FIOL og lagringsmoglegheit vert diskutert.
Spennande!

Favoritten vår!

To nye filmar til prosjektet "Favoritten vår" - denne gong er det dansarar frå Vatne:

Meir notar!

Hausten 2013 fekk arkivet mykje notar, bøker og hefter frå Ola Gjendem. Materialet hadde tilhøyrt kappellmeister og fiolinist Ottar Gjendem (1918-1988) frå Molde. Det var mykje spanande materiale, mellom anna bøker om å lage feler, notar for salongorkester og mykje folkemusikknotar frå fylket og resten av landet.
Under kan du sjå eit lite utval:
11. mars

Noteskattar

I ei kasse med eldre notar fant eg desse to skattane:
- "Ut mot havet" - musikk Edvard Fliflet Bræin og tekst Henrik Straumsheim. Utgjeve av Musikk-huset A/S, Oslo 1964.
- "Religiøse Folketoner - bearbeidet for song og pianoforte" - av Catharinus Elling. Utgjeve av Norsk Musikforlag A/S, Oslo.

I "Religiøse Folketoner - bearbeidet for song og pianoforte" finn vi desse slåttane frå Møre og Romsdal:
- "Jeg raade vil alle i Ungdommens Dage" - Indfjorden (Romsdalen).
- "O søde Evangeli Lyd!" - Søndmøre.
- "I Herrens Udvalgte, som Hellighed øve" - Søndmøre.


Takk til Randi Schiøll Heneide i Oslo for notane.

9.mars

Kva er favoritten til dei unge?

Kva slags slåttar og dansar likar dei unge best? Og kven ser dei opp til i miljøet? 
Folkemusikkarkivet har spurt seks unge utøvarar nokre spørsmål:

Picture
Tuva Johanne Rypdal Hovden
Alder: 8 år
Bustad: Tresfjord
Lag: Rekruttlaget til Spelemannslaget Dåm og Drag
Instrument: Fele

Kva er din favorittslått, kvifor:
"Hoppsar", fordi det er ein fin slått og den er veldig lett å spele.

Kven er ditt største idol innan folkemusikk, kvifor:
Britt Elise Skram, fordi ho er veldig flink til å spele.

Mitt draumeyrke: Det veit eg ikkje, men eg likar godt å spele.



Picture
Thea Marie Ytterdal
Alder: 18 år
Bustad: Eidsdal
Lag: Valldal Spelemannslag
Instrument: Fele

Kva er din favorittslått, kvifor?
Min favorittslått er Korsnes-springaren, fordi ein kan gjere så mykje med den. Korsnes-springaren er ein slått som er kraftfull og spennande, og det er derfor eg likar den så godt!

Kven er ditt største idol innan folkemusikk, kvifor?
Mitt største idol er Annbjørg Lien. Eg beundrar måten ho leikar seg med musikken på, og blir veldig inspirert av å høyre på musikken hennar. Ho har lært meg at det viktigaste er å ha det kjekt med musikken!

Mitt draumeyrke: Musikar!


Picture
Karen Sofie Hammer Brænde
Snart 13 år
Bustad: Volda
Lag: Volda Frilynde Ungdomslag

Instrument: Dans

Kva er din favorittdans, kvifor? 
Tantoli, fordi den er gøy å danse.

Kven er ditt største idol innan folkedans, kvifor?
Frikar, fordi dei er flinke til å danse bla. halling.

Mitt draumeyrke: Når eg blir stor vil eg bli ambulansesjåfør.


Picture
Synnøve Alida Nielsen
Alder: 11,5 år
Bustad: Molde
Lag: Romsdalsmuseets Leikarring
Instrument: Fele og dans

Kva er din favorittslått/dans, kvifor:
Favorittdans: Songdansen “Duva” er min favoritt. Fordi den er fin, og fordi dansen er litt annleis enn andre songdansar.
Favorittslått: “En og to og”, av di det er moro å spele den.

Kven er ditt største idol innan folkemusikk/folkedans, kvifor:
Britt Elise Skram.

Mitt draumeyrke: Eg vil verte flink på fele slik at eg kan leve av det.


Picture
Jorunn Marie Remen
Alder: 13 år
Bustad: Måndalen
Lag: Spelemannslaget Dåm og drag
Instrument: Fele

Kva er din favorittslått, kvifor?
Springar etter Lars P. Holmevik. Grunn: Ein av dei første springarane eg lærte meg, den er artig å spele

Kven er ditt største idol innan folkemusikk, kvifor?
Jorun Marie Kvernberg. Grunn: Har vore på konsert der ho spela og sang, ho er flink og lærte meg den første springarane.

Mitt draumeyrke: Fiolinlærar


Picture
Sunniva Christin Tandstad Karlsen
Alder: 16 år
Bustad: Sykkylven
Lag: Sykkylven frilynde Ungdomslag

Instrument: Dans

Kva er din favorittdans, kvifor:
Favorittdansen min trur eg må vere halling.

Kven er ditt største idol innan folkedans, kvifor:
Det største idolet mitt innan folkedans må nok vere dei i Frikar.

Mitt draumeyrke: Når eg verte stor vil eg bli sjukepleier.


1.mars

Springar!

Sundag arrangerte Folkemusikkakrivet i samarbeid med Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag kurs i spel og dans. Tema for båe kursa var springar frå Søre Sunnmøre. Instruktør på spelkurset var Jorun Marie Kvernberg, ho lærte frå seg ein springar etter Lars P. Holmevik og ein Pålsdans etter Sivert Åsebø. På kurset var det 14 deltakarar frå Sunnmøre og Romsdal. Live Karin Liaskar var instruktør på dansekurset saman med spelemann Leiv Arne Nydal. Ho gav dei omlag 30 deltakarane ein smakebit på dansen.
Me vil etter ynskje frå deltakarane prøve å få til eit nytt kurs i dansen til hausten.

Sunnmørsposten og avisa Møre kom båe innom kursa. Her kan du lese kva dei skriv og sjå ein liten video som Sunnmørsposten har publisert:

24.og 25. februar

Favoritten vår! 

Her kan du sjå favorittdansen til 3. partiet til Romsdalsmuseets Leikarring i Molde:
19. februar

Glemt å melde deg på?

Spelkurs med Jorun Marie Kvernberg. 
Kurset er for dykk som spelar eit instrument, og som er interessert i eit større springarrepertoar frå Søre Sunnmøre.

Dansekurs med Live Karin Liaskar. 
Kurset er for alle, anten du har dansa mykje eller lite før, er du velkomen.

Dato:    23. februar. 
Tid:       12.00-15.00: Spelkurs.
             15.30-18.30: Dansekurs.
Stad:     Konsertsalen, Kaarstadhuset ved Høgskulen i Volda.
Pris:      Kr 200,- for eit kurs, kr 300,- for to kurs. Gratis for studentar ved Høgskulen i Volda.

Påmelding til folkemusikk@hivolda.no - ny frist: innan 15. februar. 

Kursa er arrangert av Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal og Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag med støtte frå Rådet for folkemusikk og folkedans.

Favoritten vår!

Her kan du høyre favorittslåtten til rekruttlaget til Spelemannslaget Dåm og Drag:
11.februar

Favoritten vår!

Her kan du høyre favorittslåtten til hovedlaget og felelaget til Spelemannslaget Dåm og Drag: 
9.februar

Kva er favorittdansen eller favorittslåtten dykkar?


”Somme lika kaffe, somme lika te. E lika gutanj og gutanj lika me.”

Alle har ein favoritt anten me snakkar om sjokolade, musikk, klede eller dans. Ein favoritt får ein til å smile, og til å ynskje at ein kan få - akkurat den ein gong til. 

Me ynskjer å få sjå dykkar favoritt, anten det er ein vals, halling, songdans eller ein leik. 
Gjennom prosjektet ”Favoritten vår” ynskjer me å setje lys på folkedansen og folkemusikken i Møre og Romsdal. Dette for å syne kva me dansar og spelar, men og for å syne at me finns.

For å delta: Må de filme dykk sjølv, der de anten dansar eller spelar. Filmen bør ha ein lengde frå 1-4 minutt. Treng de hjelp til filminga kan Folkemusikkarkivet komme med råd eller kanskje filme for dykk. Send filmen inn til Folkemusikkarkivet og dei publiserer den gjennom sin konto på Youtube.

Frå dei innsendte filmane vil det verte trekt ut ein som får premie. Premien vert billettar til arrangement under Folkedansfestivalen arrangert av Noregs Ungdomslag i Ørsta 3.-6. juli.

Send inn film til Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal innan 5. mai 2014. 
Spørsmål? Kontakt Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag, Møre og Romsdal Folkemusikklag og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal.

Helsing 
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Høgskulen i Volda 
Postboks 500, 6101 Volda
Telefon: 70 07 50 92
e-post: folkemusikk@hivolda.no
Nettside: www.folkemusikkarkiv.no


6. februar

Avisutklipp!

Då er avisutklippa frå den siste tida skanna og arkivert. Her kan du sjå ein smakebit:
5.februar

LP-hylle med eller utan støv?

Om LPane dine er nedstøva eller ikkje er kanskje akkurat dette dagen for å leggje dei under stiften. Til inspirasjon legg vi ut nokre LP-omslag som er meir eller mindre lokale. La det svinge!
3.februar

Kulturtorg med folkemusikk og folkedans

PictureDanseverkstaden - Spring! Foto: Iver Gjendem
29.-31. januar er det Kulturtorg i Molde. Her kjem representantar frå barnehagar, barneskular, ungdomskular og videregåande for å sjå kva den kulturelle skulesekken i M og R har å by på det neste skuleåret.

Måla for Den kulturelle skulesekken skal vere:
- å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod
- å leggje til rette for at elevar i skulen lettare skal få tilgang til, gjere seg kjende med og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag
- å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål.


Neste skuleår er det tre produksjonar frå M og R som har hovedvekt av folkemusikk og folkedans:


”KJIKO KJIKO”/VESTNES KULTURSKOLE
Verkstaden inneheld lokal folkemusikk av ulik karakter, lokale historier og segn, samt folkedans. Målet er å gjere elevane kjent med denne tradisjonen. Innfallsvinkelen er uhøgtideleg og leikande – dei får utfalde seg med hallingdans, klappeleik og uhøgtidelege konkurransar som vart brukt “i gamle dagar”. Målgruppe : 4. - 7. trinn

“MAGNHILD“/SOLLI & BOKSASP & LEIVDAL & SANDBUKT
Arbeidsam, trufast, allsidig og litt sta! Magnhild Havdal Almhjell (1894 - 1985) var ei sterk kvinne med mange interesser og evner, men det var med folketonesongen ho sette spor etter seg i historia. I denne teaterkonserten gir dei fire musikarane eit bilete av denne tradisjonsberaren frå Tingvoll på Nordmøre. Magnhild song til arbeidet, og helst når ho var åleine i fjøset. Målgruppe: 5. – 7. trinn

”SPRING”/ANNA LIV SKJELTEN GJENDEM & MATHILDE ØVERLAND & LAURA ELLESTAD
Mykje av dansetradisjonen i Møre og Romsdal er i ferd med å dø ut då ein ikkje har grepe eller fått høve til å lære desse fantastiske rørsleskattane. Danseverk-staden Spring! ynskjer å gi elevar i Møre og Romsdal ei felles oppleving av levande musikk, samdans og lokal forankring. Folkedans er inkluderande, miljøskapande og gir eit unikt høve til trening av rytme, motorikk og balanse i leik. Elevane får lære å danse den springaren/polsen som er nærast skolen av dei formene som vi i dag kjenner til: Todalspols på Nordmøre, Romsdalsspringar i Romsdal, og på Sunnmøre: springarane frå Tafjord, Sykkylven/Stranda, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre. Målgruppe: 4. – 10. trinn

I tilegg tilbyr Rikskonsertene dess
e produksjonane:
Valkyrien Allstars
Hekla Stålstrenga


Heile brosjyra kan du sjå her.
Her finn du meir info om Kultursekken.

27.januar

Frem fra glemselen

Picture
På leting etter sangtekster:
Jeg er student ved Høgskulen i Telemark, avd. Rauland og er veldig interessert i å finne ut hvilke sanger som var favoritter i fylket. Både på Sunnmøre, Romsdal og på Nordmøre.
Derfor leter jeg etter gamle håndskrevne visebøker. I de gamle visebøkene skrev folk ned de sangene de likte best og som sto hjertet nærmest, disse sangene kunne være skillingsvise-schlagere om tapt kjærlighet og sorg, eller gamle verdifulle barneregler.

Hvis noen har ei bok, svar, tips eller bare vil ta en prat, ikke nøl med å ta kontakt!

Vennlig hilsen
Kine Iselilja Gyldenskog, 
Tlf: 98424467.
kineiselilja@live.com

21. januar

Bjarne Liens gruppe

Her kan du høyre "Bjarne Liens gruppe" spele under Juledansen i Molde 27. desember 2013:
20.januar

Tredje kurs i kursserien - "Springar i spel og dans"

Picture
Springar frå Søre Sunmøre

Spelkurs
med Jorun Marie Kvernberg.
Kurset er for dykk som spelar eit instrument, og som er interessert i eit større springarrepertoar frå Søre Sunnmøre.

Dansekurs med Live Karin Liaskar.
Kurset er for alle, anten du har dansa mykje eller lite før, er du velkomen.

Dato:   23. februar.
Tid:      12.00-15.00: Spelkurs.
            15.30-18.30: Dansekurs.
Stad:    Konsertsalen, Kaarstadhuset ved Høgskulen i Volda.
Pris:      Kr 200,- for eit kurs, kr 300,- for to kurs. Gratis for studentar ved Høgskulen i Volda.

Påmelding til folkemusikk@hivolda.no innan 13. februar.

Kursa er arrangert av Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal og Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag med støtte frå Rådet for folkemusikk og folkedans.

15. januar

Ole Wenge 116 år!

Trekkspelets Myllargut, Ole Wenge (1898-1983) vart i går feira med kake og fest på Rauland i Telemark. Det er i år 116 år sidan Wenge vart fødd, dermed inviterte Myllargutens gammeldansorkester inn til fest. Myllargutens gammaldansorkester består av folkemusikkstudentar frå Høgskulen i Telemark avdeling Rauland. Desse er over middels interessert i godt gamaldansspel og har fleire Wenge-slåttar på repertoaret. 
Folkemusikkarkivet vonar Myllargutens gammeldansorkester tek turen til Møre og Romsdal for å spele konsertar og/eller til dans i jubileumsåret.

På bloggen til Runhild Heggem kan du sjå bilete frå feiringa på Rauland.

Legg ved ein avisartikkel om "Trekkspelets Myllargut", kva avis dette er henta frå er ikkje kjend.
8. januar

Kåre Vangen dansar halling

Kåre Vangen dansar halling på stovegolvet for å syne at han ikkje er sjuk og treng ro. Bakgrunnen er at han og broren, Steinar, var på tømmerskogen og der rulla ein stor stokk utover føtene hans slik at han vart liggande i klem. Oksen Peik løfta vekk stokken.
Leif Halse har lagt historiene om Vangsgutane litt attende i tid. Sjølv var han født  i 1896, og historiene ligg vel noko før den tid. Halse var sjølv spelemann og han skreiv boka Spelemenn på Nordmøre. Han hadde god greie på musikk og dans på Nordmøre. Interessant er det då at han let Kåre danse Halling på stovegolvet heime i Todalen.
Teikneserien der ruta er henta frå sto i Nynorsk vekeblad ca. 1940. Vi fann den i ei bok som kom i haust og som heiter Vangsgutane bind 1. Årgangene 1940, 1941 og 1942. Fonna forlag 2013.


Legg og ved ein artikkel skreve av John Røen prenta i Folkemusikkbladet nr.2 1996.
Bilete av statua er teke i Todalen av Folkemusikkarkivet.

6. januar

Hans Petter Andersson Kalvandsvig (Vika-Petter) 

Sunnmørsposten 19. august 1968 - "Meisterspelmannen i Austefjord har fått bauta". 
4. januar

Bondeungdomslaget i Molde - 80år

Folkemusikkarkivet gratulerer Bondeungdomslaget i Molde med sine 80 år. Laget har gjennom åra dreve med forkskjellig aktivitet som lagsmøter, bornedans, leikarring for vaksne, teater, revy, turar, musikkgruppe, BUL-hytta osb. Her kan du sjå kva aktivitetar laget har hatt den siste tida.

Bileta under syner dansarar frå laget under eit arrangement på Romsdalsmuseet i 1963, ved avduking og overlevering av rosa Molde frå rosebyen Elmshorn til rosenes by Molde.

Foto: Ola Gjendems samlinger

28.desember

"Nytaarsvers- For saadan din mildheds gaver"

Henta frå Edvard Bræins samlingar.
28. desember

Hei, for ein vakker julsong!

Andre kurs i kursserien "Springar i spel og dans" vart arrangert i Molde den 27. desember. Tema for kursa var - Polsdans frå Nordmøre. 
Kine Iselilja Gyldenskog leia songkurset, der deltakarane fekk lære: Rakkelvise, Pigernes venn, Sladdervise, Mitt hjerte alltid vanker og ein polsdans frå Nordmøre i tradisjon etter Leif Halse. Dansekurset vart leia av Kirsty McKinnon som tok for seg steg, motiv og variasjon i dansen, spelmann var Runhild Heggem. Frammøte på kursa var godt, - kjekt å sjå eit dansegolv fylt med ungdom og godt vaksne.
Etter kursa var det juledans med mellom anna Bjarne Liens gruppe, Runhild Heggem, Svein Oskar Smogeli, songgruppa fra kurset og folkemusikkstudentar frå Nordmøre og Romsdal. Juledansen vart arrangert av BUL-Molde og Anna Gjendem.

Under kan du sjå bilete fra dansekurset, songkurset, juledansen og avisartikkelen som vart prenta i Romsdals Budstikke 28. desember.

Takk til alle som kom!


Rakkelvise
Lykjin fær fjøsa, kom att me ljøsa.
Kalva ei ku, grisa ei su.
Kjea ei geit, bokkjen skeit.
Presten las, klokkarn song.
Kalvan dæm dansa rompa ho slong.
Hei, for ein vakker julesong!


Foto: Folkemusikkarkivet og Ola Gjendem

28. desember

Julehelsing frå Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal

Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal ynskjer alle god jul!
Takk for samarbeid, deltaking på kurs, bruk av arkivet og ellers hyggeleg kontakt. Folkemusikkarkivet vil det neste året halde fram arbeidet med å digitalisere, systematisere, gjere innsamling og arrangere kurs.

Vi gler oss til eit nytt år med folkemusikk og folkedans!

Helsing 
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal

20.desember
Picture

Glimt frå Folkemusikkarkivet - Halkjelsvika spelemannslag

20. desember

Juleverset - Et lidet barn så lystelig

Vi nærmar oss jul! Her er ein versjon av juleverset trykt i boka "Minder fra Forfædrene - Knut Didriksen Stavset". Boka kan kjøpast hos Sunnmøre Historielag eller Folkemusikkarkivet.
13.desember

Ungdomsmidlar til kurs i kveding

Folkemusikkarkivet er ein av dei heldige som har fått tildelt ungdomsmidlar frå MRfylket. Det neste året skal vi arrangere minst to kurs i kveding for ungdom. Kurslærar verte Kine Iselilja Gyldenskog frå Tingvoll. Meir info kjem.
Her kan du sjå kva andre prosjekt som har fått stønad.
11.desember

Bjarne Liens kvartett - Diskografi

Picture

Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal har utarbeidd ein diskografi som gjeld Bjarne Liens Kvartett. Diskografien inneheld oversikt over alle plateinnspelingar, radioprogram og tv-program gjort av Bjarne Liens Kvartett frå 1973-2012.
Like før jul i 1973 kom første singel ut med mellom anna slåtten "Mardalsfossen", det er i år 40 år sidan.

Folkemusikkarkivet har nokre eksemplar for sal - 150kr per hefte.





9.desember

Juledans med kurs - Polsdans frå Nordmøre

Picture
Dansekurs med Kirsty McKinnon og spelmann Runhild Heggem. Songkurs med Kine Iselilja Gyldenskog.
Juledans med mellom anna Bjarne Lien, Roe Skavnes og Odd Staurset. 

Dato:    27. desember
Tid:      12.00-15.00: Songkurs. 
            15.30-18.30: Dansekurs. 
            19.00-> Juledans.
Stad:    Reknes Ungdomshus, Molde 
Pris:     1 kurs + juledans: Kr 350. 
            2 kurs + juledans: Kr 400. 
            Juledans: kr 150.
            Under 16 år - kurs + juledans: Kr 150. 

Påmelding til folkemusikk@hivolda.no innan 18. desember. Meir info her - www.folkemusikkarkiv.no 

Kursa er arrangert av Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal med støtte frå Rådet for folkemusikk og folkedans.
Juledansen er arrangert av Anna Gjendem i samarbeid med BUL Molde. 

9.desember


Folkedansar – fast stilling som dagleg leiar ved FAMR

PictureFoto: Iver Gjendem / Fotograf Birdy
Anna Liv Skjelten Gjendem (24) frå Molde tiltrer i fast stilling som dagleg leiar ved Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal (FAMR) frå 01.01.14.

Gjendem er frå Molde og har utdanning innan folkemusikk og folkedans. Ho var mellom anna ein av dei fire utøvarstudentane som var nyutdanna frå Universitetet i Trondheim i Tradisjonsdans sumaren 2012. Til neste sumar er ho ferdig med ein mastergrad i tradisjonskunst ved Høgskulen i Telemark, avdeling Rauland. Gjendem har det siste året vore hyra til å arbeide i stillinga som dagleg leiar ved FAMR.

Jobben ved arkivet inneber dagleg drift, innsamling, systematisering og utoverretta arbeid.

”Det er kjekt å få fast jobb innanfor noko eg har utdanna meg i. Moglegheitene ved Folkemusikkarkivet er store. Eg ser det som spanande og utfordrande å forsette på arbeidet i fast stilling. Mykje av tida mi det siste året har gått med på å få folk til å bruke materiale som er i arkivet og å hjelpe folkemusikk-og folkedansmiljøet i fylket. Utan eit miljø, er det liten vits å ha eit folkemusikkarkiv. Materialet skal brukast, ikkje hermetiserast. Eg må og syte for at nytt materiale kjem inn, gjennom opptak, notar, bøker osv. Detta er noko av det kjekkaste med jobben. Å møte folka som glødande fortel, dansar og spelar. Eg er heldig som får møte alle desse!”, seier Gjendem.

Anna Liv Skjelten Gjendem er godt festa i tradisjon og har gjennom sine studiar ved Universitetet i Trondheim hatt ei fordjuping på områdane Sunnmøre og Romsdal. Det vil seie at ho har arbeid mykje med arkivmateriale hovudsakleg innan folkedans. Ho har studert gamle filmopptak, ned i minste detalj osb. I tillegg til å danse spelar ho einradar og toradar, der ho og har eit lokalt repertoar.

Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal vart etablert i 1990. Det fekk lokale på Høgskulen i Volda, og har halde til der sidan. Fleire former for organisering og finansiering vart prøvde i løpet av dei første åra. I 1999 vart arkivet omgjort til ei stifting. Stiftinga består av fem deltakande partar: Møre og Romsdal fylkeskommune, Høgskulen i Volda, Møreforsking Volda, Møre og Romsdal Folkemusikklag og Noregs Ungdomslag i Møre og Romsdal.

Her kan du sjå ein av dansane som Anna Liv har tatt fram i lyset igjen. På opptaket dansar ho med Mathilde Øverland og Laura Ellestad spelar.  
 
6.desember   

Minneord. Frode Birkeland  

Frode Birkeland er borte. Brått skjedde det, og det var uventa for dei fleste, jamvel for dei av oss som kjende han godt. Han fortalde ikkje at han var alvorleg sjuk, og nemnde sjeldan at han hadde helseplager i det heile. Han var oppteken av det hyggelege og positive.
          Gjennom sine  mange år i Volda var Frode Birkeland ein av dei mest allsidige og aktive i kulturlivet. Interessene hans spente over det meste av kulturskalaen: litteratur, historie, kunst og ikkje minst musikk. Frode var sterkt interessert i musikk i det heile og særleg likte han folkemusikk.
          Ved opprettinga av Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal i Volda gjorde Frode Birkeland ein viktig innsats. Han var oppteken av behovet for å samle inn og gjere tilgjengeleg folkemusikk som var brukt rundt i bygdene før det var for seint og før tradisjonsberarane var borte.
          Då fylkeskommunen i slutten av 1980-åra vende seg til Distriktshøgskulen med spørsmål om eit samarbeid om eit folkemusikkarkiv, tok folkemusikkmiljøet i Volda og  leiinga ved høgskulen og Møreforsking utfordringa. Frode var leiar i forprosjektgruppa og  utarbeidde mellom anna planar for arkivet. Han søkte om tilskot og arrangerte  kurs i innsamling av folkemusikk. Frode hadde særleg gode føresetnader for å leie dette arbeidet gjennom  sitt sterke engasjement for saka og si evne til å skape semje. Han var ein entusiast for sine kulturelle interesser. Sterk og samtidig stillferdig.
          I 2001 vart Frode dagleg leiar for Folkemusikkarkivet og førte vidare det store arbeidet som Jostein Fet hadde gjort. I tillegg til dei daglege gjeremåla ved arkivet skreiv han mange artiklar om folkemusikk, og han laga ei viktig bok om felebyggjarar på Nord-Vestlandet. Det var også eit arbeid som det hasta med, fordi felebygging var – og er – eit utdøyande amatørhandverk.
          Samspel i Sunnmøre spelemannslag og Halkjelsvika spelemannslag var kanskje Frode sin favoritthobby. Jamvel utan folkemusikalsk bakgrunn frå barndom og ungdom, fann han stor glede både i den gamle og nye slåttemusikken. I begge spelemannslaga tok han på seg administrative oppgåver som han skjøtta samvitsfullt. I unge år hadde han fått opplæring i fiolinspel. Som mogen mann vart han folkemusikar, og det var då han for alvor fekk glede av fela si, fortalde han.
          Frode Birkeland var i sitt yrke som biblioteksjef ved høgskulen i Volda og i sine mange verv ein hyggeleg og påliteleg leiar og medarbeidar. Ein av dei mange gode eigenskapane hans var at han hadde omsut for folk. Han var uvanleg raus med oppmuntring og ros. Dertil var han ein humoristisk og inspirerande kamerat som det alltid var triveleg å vere i lag med.

–      Vi er mange som vil sakne Frode Birkeland.

Jon Tvinnereim


6.desember

På leiting etter den perfekte julegåva?

Her er nokre julegåvetips frå Folkemusikkarkivet. For bestilling send ein E-post til folkemusikk@hivolda.no

CD-ar:
 - Tre gebredlige Piger - Til deg (2004). Kr. 100.
 - Bygdetradisjon i ord og tonar 3. Kr. 100.
 - Frå Nakke-petters tid: Folkemusikk frå Sunnmøre. Kr. 150.

Bøker:
 - Jostein Fet: Folkemusikken i Møre og Romsdal (1999). Kr. 200.

 -
Frode Følling Birkeland: Felemakarar på Nordvestlandet. Kr. 300.

 - Arild Hoksnes, Marit Rekdal og Henning Sommero: Syng som folk. Kr. 100.

For fleire bøker og hefte sjå under fana "publikasjonar".
4. desember

Springar frå Tafjord

Springar frå Tafjord var tema for dansekurset arrangert av Folkemusikkarkivet i Stordal 1. desember. Dette kurset er det fyrste i kursserien "Springar i spel og dans". Thea Marie Ytterdal og Anna Gjendem underviste på dansekurset, der det vart fokusert på å lære kjernen i dansen med rom for variasjon. Dei 26 deltakarane på dansekurset kom frå Stordal, Nordal, Rauma og Ålesund. Diverre vart det ikkje nok deltakarar til å halde spelkurset med Ingunn Linge Valdal.

Neste kurs i kursserien "Springar i spel og dans" vert arrangert i Molde, 27. desember. Her skal Kirsty McKinnon og spelmann Runhild Heggem undervise i polsdans frå Nordmøre, og Kine Gyldenskog undervise i song. Velkomen!

Kursa er arrangert av Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal med støtte frå Rådet for folkemusikk og folkedans.

1.desember

Høgdepunkt!

"Jul i Romsdal - 1974" trekte fram to høgdepunkt. Det eine var dokumentasjonen av dansen "springaren frå Romsdal". Desse var med:

29.november

Kurs i spel og dans - springar frå Tafjord

Picture

Vi gler oss til å arrangere kurs i springar frå Tafjord. Det er ca. 30 påmeldte til dansekurset, både frå Stordal og resten av Sunnmøre. Diverre vart det ikkje nok påmeldte musikarar til å ha spelkurs denne gongen.

Velkomen til Stordal 1. desember!


26.november

Sommarleir og Folkedansfestival til Ørsta 2014!

Noregs Ungdomslag arrangerer i samarbeid med Sunnmøre frilynde Ungdomslag - Sommarleir og Folkedansfestival. Her kan du lese teksten som vart prenta i avisa Møre, 21. november 2013: 
22.november

Felekappleik på Tornes 1902

Fyrste felekappleiken i Romsdal vart halden i 1902 på Tornes. Avisutklippe har diverre ikkje info om kva for ei avis den kjem fra eller dato. Her kan du lese om korleis felekappleiken gjekk føre seg:
21.november

Frå arkivhyllene

Dei siste dagane har eg jobba med opptak etter Sverre Aurdal. Vi har endel opptak med han, både intervju og speling. Under kan du sjå eit avisutklipp frå Sunnmørsposten i 1993. Spelmenn er Sverre Aurdal og Rasmus Sunde, bak følgjer dansarar frå Spjelkavik barne-leikarring.
18.november

Skru på radioen!

Picture
I dag må du høyre på NRK Møre og Romsdal!

I ettermiddag sender NRK Møre og Romsdal ei sak om ein diskografi som gjeld Bjarne Liens kvartett, og som er utarbeidd for Folkemusikkarkivet. Diskografien inneheld oversikt over alle plateinnspelingar, radioprogram og tv-program gjort av Bjarne Liens Kvartett frå 1973-2012.
Like før jul i 1973 kom første singel ut med mellom anna slåtten "Mardalsfossen". Det er i år 40 år sidan, kanskje vert den spela på radioen i dag?


Her kan du høyre innslaget frå ca. 15.35.42


14.november

Avishaugen er arkivert

Då er den store haugen med avisutklipp frå hausten arkivert i person-og saksarkivet.
Rundt om i fylket har arkivet gode medhjelparar som samlar avisutklipp innan folkemusikk/dans for arkivet. Diverre rekk vi ikkje over alle småavisene, så om du vil hjelpe oss vert vi glad.Ta kontakt.
Her kan du kose deg med nokre smakebitar frå hausten:

13.november

Litt tidleg ute, men hugs å ha joleførebuingane i rute.

Henta frå boka "Nu rinner solen opp - Folkemusikk fra Edvard Bræins etterlatte samlinger". Boka kan kjøpast her.
4.november

Kva er grunnen til den ulike nemningsbruken av vår tretakta bygdedans på Nordmøre?

Picture
I min oppvekst og i dei åra eg no har lært om folkemusikken på Nordmøre, har eg høyrd både springar, springdans, pols og polsdans med små variasjonar. På grunn av dette ville eg prøve å finne ut kvifor det har vorte slik, i mi årsoppgåve på Folkemusikk 1 ved Høgskulen i Telemark, avdeling Rauland. For å få meir innblikk i kva andre utøvarar har sagt, reiste eg på feltarbeid til tre spelemenn. Frå ulike bygder, ulik alder og ulik spelemannsbakgrunn. Desse tre var Ola Aarsund, Mjosundet, Helge Husby, Gyl, og Rolf Hindhammer, Angvik. I tillegg til kunnskap, erfaringar og lærdom av desse, brukte eg den nye boka i serien "Feleverket", for Møre og Romsdal, som statistikk-bakgrunn. For å avslutte det som kan bli ei lang avhandling her, skal eg fort forklare kva konklusjonen av det eg rakk av drøfting i vår, då eg skreiv oppgåva. Eg kom fram til at det går eit skille med nemningsbruken av springar og polsdans, mellom Sunndalen og Surnadalen, som går nord-vest langs Tingvollfjorden. Der springar-namnet er på sørsida, og polsdans- på nordsida. Kvar dei andre namna har kome frå og når dei vart brukt, i tillegg til spørsmålet om kor vidt forskjellen i spelemåte og takt var, er fortsatt uklart. Dette er berre eit nybrotsarbeid, det er mykje drøfting som står igjen. Så er det nokon som vil vere med på drøftinga, eller berre lese oppgåva, og sjå på kartet, statistikken og døma som eg har med, så er det berre å kontakta meg på runhild_heggem@hotmail.com. Eg sender oppgåva gladeleg til den som vil hjelpe til med dette temaet! 
Hilsen Runhild Heggem

1. november

Utlysing: Dagleg leiar, Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal

Det skal tilsetjast dagleg leiar ved Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal (FAMR) frå 1.01.2014. FAMR, som vart oppretta i 1990, har kontor og arkiv ved Høgskulen i Volda. Institusjonen er stort sett finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune.
Dagleg leiar rapporterer til styret for FAMR. Ho/han har, saman med styret, ansvaret for planlegging og den daglege drifta.
Den som blir tilsett, bør ha høgare utdanning i eitt eller fleire av felta folkemusikk, kveding, folkedans. I tillegg er det viktig for dagleg leiar å ha god kontakt med folkemusikkmiljøa i Møre og Romsdal, og med tilsvarande miljø i landet elles.
Ho/han må vere van med bruk av data og  ha erfaring frå administrasjon. Sterkt engasjement for faget, kreativitet og evne til samarbeid blir vektlagt ved tilsettinga.

Stillinga er i dag på 50% – vi arbeider for å utvide stillinga. 

Søknad med vedlagt CV, sendast til Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal ved styreleiar Jon Tvinnereim. Vitnemål og attestar vises ved etterspørsel.
Adr.: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Høgskulen i Volda
Postboks 500, 6101 Volda
E-post: folkemusikk@hivolda.no

Interesserte kan vende seg til styreleiar Jon Tvinnereim (jontvin@yahoo.no), Volda, for nærare informasjon.

Søknadsfrist: 1.12. 2013.



1.november

Kurs i spel og dans - Springar frå Tafjord

Picture
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal ønskjer velkomen til kurs i spel og dans:

Fokus på springar/pols:
Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal ønskjer å arbeide ut frå tanken: «Vert det ikkje spilt springar, vert det heller ikkje dansa springar. Vert det ikkje dansa springar, så vert det ikkje spilt». Derfor ønskjer vi å arrangerer ein kursserie på seks kurs i både spel og dans.

Første springar ut er: Springar frå Tafjord
Dansekurs med Anna Liv S. Gjendem og spelmann Thea Marie Ytterdal.
Spelkurs med Ingunn Linge Valldal.

Dato:       1. desember
Tid:         12.00-15.00: Dansekurs.
               15.30-18.30: Spelkurs.
Stad:       Grendasalen i Stordalshallen - Stordal.
Pris:         Kr 200,- for eit kurs, kr 300,- for to kurs.

Påmelding til folkemusikk@hivolda.no innan 18. november.

Meir info her.

Kursa er arrangert av Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal med støtte frå Rådet for folkemusikk og folkedans.

29.oktober

Instrumentbyggjekurset i media og på nett

Sjå reportasjen frå Instrumentbyggjekurset laga av NRK Møre og Romsdal - her.

Avisutklipp frå Romsdals Budstikke - under.


Runhild Heggem har teke mange flotte foto - her.
28.oktober

Instrumentbyggjekurset i Molde har starta!

Dag 4:
27. oktober
Dag 3:
26.oktober
Dag 2:
25. oktober
Instrumentbyggjekurset har starta og dei elleve deltakarane pussar, høvlar, filar og sagar - her kan du sjå nokre bilete frå torsdagen. Dag 1:
25. oktober

Dans og prat i Todalen

Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal reiste tirsdag 22. oktober til Todalen der Olina Halle tok i mot. Ho hadde tromma saman ein gjeng med dansarar frå området som mellom anna synte polsdans, vals, polka med stæt og reinlender. Det vart og tid til intervju med snakk om spelemenn, eldre dansarar og film. Vi takkar alle som kom og Olina Halle som ildsjel.
25.oktober

På leiting etter songtekstar?

Kanskje du finn noko av det du leitar etter her på Folkemusikkarkivet?
Under kan du ved å trykkje på bileta sjå fire tekstar/tonar:
-"Hain Reia" - henta frå "Folkeminne frå Ytre Romsdal", ved Mads Hukkelberg utgitt av Aukra Sogenemd, Molde 1978.
-"Nu rinder Solen op" - henta frå "Norske religiøse folketoner", ved O.M. Sandvik, Oslo 1960.
-"Lilje-tone"- henta frå "Bygdebok for Tresfjord", ved Agnar Skeidsvoll, Bergen 1959.

-"Prossesjonssong kring åkrane", henta frå "Gamle visor og kvedor", samla av Nils og Arne Magerøy, Oslo 1943.
7.oktober

Litt av ei prøve!

Her kjem meir info om dugleiksmerket "Feleknappen" til Noregs Ungdomslag. Fyrste bilete frå venstre viser lista på tilsaman seksti slåttar som Anders Gjendem skulle spille på prøva til Gullknappen. Bilete i midten viser Gullknappen som tilhøyrer Olav P. Hjelvik, og bilete til høgre er ein avisartikkel som blei skreve etter Olav P. Hjelvik bestod prøva.
2.oktober

Danse og spele springar?

Dei to fyrste kursa i kursserien "MØRO- springar i spel og dans" er klare:

1. desember - Springar frå Tafjord:
12.00-15.00: Dansekurs med Anna Gjendem og spelmann Thea Marie Ytterdal.
15.30-18.30: Spelkurs med Ingunn Linge Valldal.
Stad: Grendasalen i Stordalshallen - Stordal.
Pris: 200 kr for ett kurs, 300 kr for to kurs.

Påmelding til folkemusikk@hivolda.no innan 18. november.


27. desember - Polsdans frå Nordmøre:
12.00-15.00: Songkurs med Kine Iselilja Gyldenskog.
12.00-15.00: Spelkurs.
15.30-18.30: Dansekurs med Kirsty McKinnon og spelmann Runhild Heggem.
19.00-> Dansekveld.
Stad: Reknes Ungdomshus - Molde.
Pris: Info kjem.

Påmelding til folkemusikk@hivolda.no innan 18. desember.

Kursa vert arrangert av Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal med støtte frå Rådet for folkemusikk og folkedans.

Meir info om kursserien "MØRO-springar i spel og dans" finn du lenger ned på denne sida.
30. september

Avisutklipp med stor verdi!

Spelemann Olav P. Hjelvik frå Vestnes har samla mykje avisutklipp som omhandlar folkemusikk. Folkemusikkarkivet er så heldig å få låne desse for å skanne dei. Her får du nokre smakebitar på det vi har funne.
Tusen takk til Olav!
27.september

Tre ledige plasser på instrumentbyggekurset 24.-27. oktober i Molde

Har du lenge drømt om å bygge ditt eget instrument? Nå har du muligheten!
Instrumentbygger Christoph Löcherbach fra Tyskland kommer til Norge for at du skal få prøve deg på instrumentbygger. Du kan velge mellom en rekke instrument, blant annet dulcimer, forskjellige harper, memlingfele, monochord osv. Det beste med dette kurset er at du ikke bare har bygget ett instrument selv, men at du har det for resten av livet.

Det er nå tre ledige plasser, frist for påmelding er 1. oktober til - folkemusikk@hivolda.no
Ønsker du mer info? -send E-post til Folkemusikkarkivet.
25. september

E-postar frå Folkemusikkarkivet

Folkemusikkarkivet sender med ujamne mellomrom ut epost med info om kurs, konsertar og ellers info om folkemusikk og dans i fylket. Vil du ha E-postar frå arkivet? Send adressa di til folkemusikk@hivolda.no.
24.september

Intervju med Bjarne Lien

Picture


I ettermiddag har Folkemusikkakrivet gjort intervju med Bjarne Lien. Han er frå Vistdal i Romsdal og speler trekkspel. Bjarne Lien er kjend som ein drivande god dansespelmann. Han har komponert fleire titals slåttar, deriblant "Mardalsfossen" som var inne på Norsktoppen i fleire veker. 
Her kan du høyre fleire av LPane til Bjarne Liens Kvartet: Trykk her.


13.september

Kva årstal kan dette vere frå?

Konsertplakat - Hardangerviolinisten Halvor Ørsahl gir en koncert. Kva årstal kan dette vere frå? 
Plakaten høyrer til i Anders Gjendems samlinger.

Program
1. Nordmørsspringar.
2. Møllarguttens mesterstykke (Halling)
3. Sæterbesøget. (Man hører budeien lokker, kua rauter, maaltrosten synger og gjøken galer).
4. St. Thomasklokkene paa Filefjeld. (Man hører kirkeklokkerne ringer).
5. Springar av Lars Fykerud fra Telemark.
6. Sævelislaatten. (Halling).
7. Bjølleslaatten fra Voss. (Springar).
8. Fanitullen fra Hemsedal. (Halling).
9. Huldrejentenes lokketoner.
10 Huldraspringdansen.

NB! Paa kapleiker i national musik har hr. Ørsahl erholt 1 tredjepremie, 2 andenpremier og 3 førstepremier.

13.september

God deltagelse på Kvedarseminar 2013

Nærmere 50 kvedere og kvedeinteresserte med et aldersspenn på 60 år var samlet på Hovden ved Møsstrond (Telemark) 6.-8. september for kurs, konserter, kvedarcruise i regi av Norsk Kvedarforum. Materialet for helgen var slåttestev og bygdeviser fra Møsstrond under kursing av Kjell Hove, Hillborg Romtveit og Inger Lien. Fra Møre og Romsdal deltok Mathilde Øverland fra Molde, Kjetil Lillesæter fra Ålesund og Kine Iselilja Gyldenskog fra Tingvoll, altså var både Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre representert. De forteller om cruiseguiding til alle steder nevnt i visene, og fin konsert med Unni Boksasp fra Tingvoll både på dekk og i salongen. Lørdagskvelden ble lang med både stevslenging og gamle gode melodier som "Eg gjette tulla" og "Vesle lerka" med en ivrig Kirsten Bråten Berg i spissen. Radioprogram fra seminaret vil bli sendt i Folkemusikken på NRK P2 søndag 15.09 eller 22.09 klokka 17.00.

12.september
Picture
Fra venstre: Mathilde Øverland, Kjetil Lillesæter og Kine Iselilja Gyldenskog. Foto: Sigrid Kjetilsdotter Jore

Startlista og resultatlista frå Fylkeskappleiken i Molde, 1967

Mange kjende namn på startlista både frå Romsdal, Nordmøre og Sunnmøre. Spennande å sjå kor stor deltaking det har vore i klasse B-vanlegfele og hardingfele. Vonar vi kan sjå slik deltaking i B klassa neste fylkeskappleik i Molde.
10.september

Veit du kva dette er?

Picture
Noregs Ungdomslag hadde i mange år eit dugleiksmerke som dei kalla - feleknappen. For å få feleknappen måtte spelemennene vise at dei kunne spele til bygdedans, danserettleiing, kjenne igjen slåttar og ha notekunnskap. Ei temmeleg stor prøve.
I Møre og Romsdal veit Folkemusikkarkivet om fire spelemenn som har fått ein slik knapp.
-Olav P. Hjelvik - Gullknapp
-John Røen - Gullknapp
-Anders Gjendem - Sølvknapp
-Peder K. Staurset - Bronseknapp

Folkemusikkarkivet undrar om det kan være fleire i fylket som har fått dette dugleiksmerket. Har du info om dette er det berre å ta kontakt.

6.september

Glassmonter

Folkemusikkarkivet er på leiting etter eit glassmonter/skåp til å ha utstillingar i. Skåpet må kunne stå fritt på golv eller mot vegg og kan vere ca. i størrelse 55 x 55 x 200 cm. Det bør ha låsbar sidehengsla dør. Gjerne med regulerbare glasshyllar og belysning. Har du eit ståande i garasjen, eller tips om andre som kan ha - ta kontakt!

4.september

Besøk på Folkemusikkarkivet

I sumar har det vore mykje besøk på arkivet. Dei besøkjande har leita etter notar, tekstar og lydopptak. Arkivet ønskjer at materialet skal brukast og tar gjerne imot besøk. Sidan arkivet berre har ein person tilsett i 50% stilling er det lurt å avtale tidspunkt på førehand. Dette kan du gjere ved å sende ein E-post til folkemusikk (a) hivolda.no.

3. september

Felemakarskrinet til Sigurd Øverås

Sigurd Øverås (1892-1978) født i Nesset, budde sitt vaksne liv i Kristiansund.
Sigurd Øverås bygde mange feler, hardingfeler og gitarar over ein periode på 50 år. Felemakarkunsten lærde han seg i Sverige, Danmark, Tyskland, Østerriket og Tsjekkoslovakia.
Øverås var sjølv spelmann, og tok initiativet til å starte Nordmøre spelemannslag. Han fekk Kongens fortenestemedalje for sin store innsats.
Meir info om felemakaren Sigurd Øverås kan du lese om i boka "Felemakarar på Nordvestlandet - Frode Følling Birkeland".

Felemakarskrinet til Øverås som du ser bilete av, eig Ola Gjendem.


2. september

Sumarens avisutklipp er skanna og arkivert!

Picture

Då er den store haugen med avisutklipp frå sumaren arkivert i person-og saksarkivet.
Rundt om i fylket har arkivet gode medhjelparar som samlar avisutklipp innan folkemusikk/dans for arkivet. Diverre rekk vi ikkje over alle småavisene, så om du vil hjelpe oss vert vi glad.







29. august

Trekkspel treng og vedlikehald

Picture


Folkemusikkarkivet har 31. juli og 16. august vore på besøk hjå Olav Lillebosta som er sjølvlærd trekkspelreperatør. I verkstaden på Bolsøya i Molde arbeider han både med å stemme, reparere og restaurere gamle og nye spel. 
Han viste oss korleis han stemmer spela, litt vedlikehaldsarbeide i tillegg til at han fortalde om seg sjølv.





17. august

Olsokgudsteneste i folketonedrakt

Olsokaften var Folkemusikkarkivet i Tresfjord kyrkje. Der hadde prest Finn-Arne Roaldsnes saman med Beate Haddal, Svein Oskar Smogeli, Britt Elise Skram og Spelemannslaget Dåm og Drag sydd saman ei olsokgudsteneste i folketonedrakt. Her kan du sjå ein smakebit frå gudstenesta:

31.juli

Brudemarsj frå ....

Vi har så mange fine brudemarsjar frå fylket vårt. Her kan du høyre ett lite utval:

- Her kan du høyre Bolteløkka jentekor (Oslo) spele/synge Brudemarsj frå Valsøyfjord.
- Her kan du høyre Spelemannslaget Dåm og Drag spele Brudemarsj etter Knut Olsen Lade (Rime Knut).
- Her kan du høyre Valldal Spelemannslag spele Brudemarsj etter Anne Marie Berli.
- Her kan du høyre Romsdal Spelemannslag spele Eit sommarbryllaup.

Instrumentbyggjekurs 24.-27. oktober - er fullt!

Picture





Påmeldinga til instrumentbyggjekurset i oktober er avslutta - kurset er rett og slett fullt! 

Dei tolv kursdeltakarane har ei spennande langehelg å sjå fram imot.

28.juli


Sumar på Folkemusikkarkivet

Frå neste veke vert arkivet mindre bemanna pga. ferie. Derfor er det fint om du kan sende ein E-post til oss om du planlegg å kome innom kontora, eller har spørsmål om noko.
12.juli

Militærmusikarar på Setnesmoen

Er det nokon som kan hjelpe oss med opplysingar om dette bilete?
Bilete er teke av fotograf Sødahl på Veblungsnes, og antakeleg frå like etter 1900. Personen i midten av tredje rekke, framfor dei to i bakerste rekke kan være Jakob Rypdal (1857-1935). På bilete er det minst fem "klanetta", og musikarane er troleg frå Sunnmøre og Romsdal.
Bilete tilhøyrer Molde bymuseum.

Send ein E-post til folkemusikk(a)hivolda.no om du har noko info om dette bilete.


11. juli

Besøk på arkivet

Dei siste to vekene har det vore mykje besøk på arkivet. Dei besøkjande har leita etter notar, tekstar og lydopptak. Arkivet ønskjer at materialet skal brukast og tar gjerne imot besøk. Sidan arkivet berre har ein person tilsett i 50% stilling er det lurt å avtale tidspunkt på førehand. Dette kan du gjere ved å sende ein E-post til folkemusikk (a) hivolda.no.

10.juli

Spelemannsbladet

Folkemusikkarkivet har samlingar av både Spelemannsbladet og Folkemusikkbladet.
Det første Spelemannsbladet kom ut i juni 1941, og er på heile fire maskinskrivne sider. I nummer 2 1941 er det dobbelt så mykje stoff. Her er både dikt, årsmøteinformasjon, litt om Landskappleiken på Nesbyen, lesarinnlegg osb. I bladet fant eg og denne notisen om arbeidet til Romsdal Spelmannslag. 
Kjekt å lese!

Her kan du finne info om dagens Spelemannsblad - Bladet Folkemusikk.
Og her kan du sjå nettsida til Romsdal Spelemannslag.


10.juli
Picture

Studentoppgåver

Picture

Folkemusikkarkivet har starta arbeidet med å lage ei liste over alle studentoppgåver som har tema frå Møre og Romsdal, eller som er skreve av studentar frå fylket. 
Så langt inneheld lista i hovudsak oppgåver skreve av studentar frå Høgskulen i Telemark avd. Rauland, Rff-sentret NTNU Trondheim og Norges Musikkhøgskule.
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal ønskjer at lista vert så korrekt som mogleg, og at studentar i framtida sender oppgåvene sine digitalt eller på papir til arkivet. 


Her ser du forsida på oppgåva til Runhild Heggem som vart skreve skuleåret 2012/2013.


9. juli

Sommarkonsert med Ine Nord og Maija Kauhanen duo

Picture
Duoen Ine Nord og Maija Kauhanen hadde sommarkonsert på MaRitz (Vestnes) måndag 1. juli. Duoen er på turne på Vestlandet denne veka og skal blant anna spele fleire konsertar i Nordfjord.
Dei spelar nordisk musikk på ulike instrument, med fokus på finsk og norsk folkemusikk. Begge studerer på Sibeliusakademiet i Helsinki si mastergradsutdanning i folkemusikk.

Folkemusikkarkivet var på plass med lydopptakaren.


4.juli

Landskappleiken 2013 på Røros

Folkemusikkarkivet var til stades på Røros under Landskappleiken 2013. Her vart nesten alle tevlingsnummer frå Møre og Romsdal filma.
Her får du tre smakebitar:

2.juli

Instrumentbyggekurs 24.-27. oktober i Molde

Picture

Har du lenge drømt om å bygge ditt eget instrument? Nå har du muligheten!
Instrumentbygger Christoph Löcherbach fra Tyskland kommer til Norge for at du skal få prøve deg på instrumentbygger. Du kan velge mellom en rekke instrument, blant annet dulcimer, forskjellige harper, memlingfele, monochord osv. Det beste med dette kurset er at du ikke bare har bygget ett instrument selv, men at du har det for resten av livet.
Hvor: Sløydsalen på Bergmo ungdomsskole i Molde. 
Når: Fra torsdag 24. oktober (ettermiddag) til søndag 27. oktober (ettermiddag).

Hvem kan delta? - Dette kurset passer både for deg som er nybegynner og for deg som har litt erfaring med trearbeid.

Påmelding innen 18.juli til folkemusikk@hivolda.no. Kurset har begrenset med plasser - så her er det lurt å være rask. Førstemann til mølla!

Kurset er et samarbeid med Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal og Molde bymuseum. Har du spørsmål kan du ta kontakt med Anna Gjendem. 

Ønsker du tilsendt info med instrumentliste, send en E-post til arkivet.

Hilsen
Anna Gjendem
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
folkemusikk@hivolda.no   

18. juni

Sumar på Folkemusikkarkivet

Frå neste veke vert arkivet mindre bemanna pga. ferie. Derfor er det fint om du kan sende ein E-post til oss om du planlegg å kome innom kontora, eller har spørsmål om noko.

5.juni

Årsmøte 3. juni

I kveld hadde Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal årsmøte. Val av styreleiar og nestleiar stod på saklista i tillegg til godkjenning av årsmelding, budsjett og årsrapport.
Det vart og ei lita markering av at mangeårig dagleg leiar, styremdlem, forfattar og musikar Jostein Fet takka av som styremedlem. Han har jobba med, og for arkivet sidan 1989 og gjort ein framifrå innsats for Folkemusikkarkivet.

Tusen takk for alt arbeid du har gjort for folkemusikken i Møre og Romsdal!

3.juni

Nils Bakke

Nils Gudbrand Forselius Hartmann Malmberg Eliassen Bakke laga troleg valsen "Drømmen" eller dobbeltgrepvalsen til minne om direktørdottera (Sigrid) på Løkken Verk som han aldri fekk.
Her kan du høyre ein versjon av valsen frå plata “Se min ild” , med Laila Yrvum og medmusikkantar.
Trykk på linken: Laila Yrvum – Valsedraum

Nils Bakke - dikt av Ingvar Hestnes

Som felespeller var han en musikkens tolk,
Vakker og staut, men av farande folk,
Og jenta han elska, han kunne ei få,
For opp mot de store han kunne ei nå.

Og ofte det går slik at drømmene brest,
Han fikk ikke henne han elska mest,
Så laga han slåtten til jenta sitt minne,
I tonenes verden han vil henne finne.

Og fela ho song i sorg og i smerte,
Så mjukt og så vart, det kom i frå hjertet,
og fela ho tona om lengsel og savn,
og slåtten han fikk 'Draum' som navn.






Og kanskje slåtten vil vare lenge,
og stryke op bivrande felestrenge,
når tonen vemodig når lyttande øre,
den bortgjemte minne kanskje vil røre.

En drøm har vi alle, som har noe å gi,
Som kanskje vil leve etter vår tid.
Slik også spillemannen som kviler i grav,
har noe av sitt eget i toner oss gav.







31.mai

Årsmøte 3. juni

3. juni held Folkemusikkarkivet sitt styre årsmøte på Høgskulen i Volda.

31.mai

Instrument til utlån

Folkemusikkarkivet har ei sunnmørsharpe og tre feler i storleik: 2/4, 3/4 og 4/4 til utlån. No er fela i 2/4 storleik og harpa ledig. Ta kontakt om du ønskjer å låne desse.

30.mai

MØRO-springar

Folkemusikkarkivet har fått støtte til en kursserie i dans og spel - her kan du les litt om planene våre:

Møre og Romsdal har en rik danse- og spel-tradisjon. Alt fra reinlendervariasjoner til pariser, skorsk og spingar. Spekteret er stort, men desverre er det få som kjenner til og benytter seg av fylkets egne tradisjonsdanser. Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal ser at bygdedansen står svakt. Etter flere år med observasjon på kappleiker og andre arrangementer ser vi at denne sjangeren benyttes i liten grad. Du er heldig om du opplever at det blir spilt en springar i løpet av en dansekveld.

Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal ønsker å arbeide ut fra tanken: «Blir det ikke spilt springar, blir det heller ikke danset springar. Blir det ikke danset springar, så blir det ikke spilt». Derfor ønsker vi å arrangerer en kursserie på seks kurs i både spel og dans.

Vi planlegger å arrangere kurs i følgene bygdedanser:
1. Springar fra Tafjord
2. Polsdans fra Nordmøre
3. Springar fra Søre-Sunnmøre
4. Springar fra Sykkylven
5. Springar fra Romsdal
6. Springar fra Nordre-Sunnmøre

Kursene vil bli arrangert i området der dansen hører hjemme. Dette for å styrke lokalemiljøet, men andre interesserte i fylket er selvsagt velkommen.

Vi legger kursene til lørdager eller søndager. Vi tenker oss tre kurs i halvåret. En kursdag kan se slik ut:
12.00-15.00: Spelkurs.
15.30-18.30: Dansekurs.
I forlengelse av kursene oppfordrer vi lokal spelmannslag/danselag til å arrangere dansekveld.

Instruktører og spelmenn: Folkemusikkarkivet har gode kontakter i miljøet innen både dans og spel. Vi ønsker å benytte lokale krefter som instruktører i både spel og dans.

29.mai

Mykje bra musikk i helga!

Lydopptakaren er full etter ei storslått folkemusikkhelg. Tips oss gjerne om arrangement framover! 
Under kan du sjå nokre bilete frå konsert med duoen Frøholm/Tillung i Hondalen og frå Musikkafé i Tresfjord.

27.mai

Folkemusikkarkivet deltek på tre arrangement denne helga!

Picture
Helga 24.-26. mai er det stor folkemusikkaktivitet, med kurs, konsertar og musikkafé. Har du tips om arrangement i framtida, send oss gjerne ein E-post.

-24.-25. mai  vert det kurs og konsert med Irene Tillung og Britt Pernille Frøholm i Hornindal. Konserten startar laurdag kl. 19.00.
Stad: Låven, Knausen Hyttegrend
Kursavgift: kr 300
Konsert: kr 100 for vaksne, barn går gratis.
Arrangørar: Hornindal Spelemannslag og Halkjelsvika Spelemannslag.

- 26. mai vert det musikkafe´ i Tresfjord. I tillegg til laget sine eigne medlemmar og rekruttar er Tomrefjord songlag og Tressalaget invitert som musikalske gjestar. Kafe og åresal i pausa. Arrangementet startar kl 17.00, i Tresfjord skule og fleirbrukshus.

-26. mai vert det minnekonsert for Aukra komponisten Andreas Nerbøstrand. Det er i år 100 år sidan spelemann og komponisten vart fødd. Her deltek m.andre, Arild Hoksnes, Jonas Hoksnes, Romsdals Spelemannslag og fleire andre musikere som då vil spele frå musikken som Andreas etterlet seg. I tillegg vert Ingvald Wicks heidra. Han var og ein stor, lokal komponist.

Aukra kulturskule kl. 18.00.

23.mai

Dans på Nordmøre

Ny dag med nye intervju. I dag var Folkemusikkarkivet ein tur på Nordmøre, her vart det stopp på Skei i Surnadal og i Todalen. Denne gongen var det polsdansen me var ute etter, men fekk og høyre om både halling, polka med "stæt", hoppvals og stabbedans. Under kan du sjå minnesmerke over felespelaren Halvor Ørsal. I samme bygd finn du og minnesmerke over felespelaren, forfattaren og læraren Leif Halse, og to av figurane hans Vangsgutane Kåre og Steinar.
Me gler oss til nye turar på Nordmøre.

Romsdalsmuseets leikarring

Tysdag 30. april hadde Romsdalsmuseets leikarring (Molde) si fyrste øving med bunad. 30 unge dansarar har i år bunad og startar turistsesongen allereie på sundag, då det kjem ein turistbåt med over 4000 passasjerar. 17. mai dansar dei på Glomstua (Molde) der også dei yngste dansarane får delta. Folkemusikkarkivet var til stades på øvinga i dag med filmkamera og fotoapparat. Ekstra heldig var vi då nokre av elevane på folkemusikkgruppa til kulturskulen hadde minikonsert under øvinga. 
Lukke til med sommarsesongen!

Fylkeskappleiken i Ålesund

Folkemusikkarkivet var på plass under fylkeskappleiken for Møre og Romsdal i helga. Under fana "Film og lyd" finn du smakebitar frå kappleiken:

24.april

Studentar i folkemusikkarkivet

Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal arbeidar med å samle og bevare folkemusikk og gjere den tilgjengeleg. Arkivet er eit viktig serviceorgan. Studentar, aktive folkemusikarar og andre interesserte kan få tilsendt lyd-, video- og notekopiar for studieføremål, eller få rettleiing og hjelp til oppgåver. Arkivet har både noteoppskrifter, biletmateriale, munnleg og skriftleg tradisjon og faglitteratur om folkemusikken i Møre og Romsdal.

Vi vil dei neste vekene trekke fram fire av brukerane til folkemusikkarkivet for å syne korleis arkivet vert nytta. Desse fire er studentar innan folkemusikk og representerer tre av dei fire utdanningsinstitusjonane som gjev utdanning i folkemusikk i Noreg i dag. Desse skulane er Folkemusikklinja ved Vinstra vidaregåande skule, Ole Bull Akademiet og Høgskulen i Telemark avd. Rauland. Studentane er unge, nyfikne og på stadig leiting etter nytt materiale.
Noko som gler folkemusikkarkivet.

Her kan du sjå kva dei interesserar seg for og arbeidar med innanfor folkemusikken.


Student nr. 4

Picture


Ingrid Marie Hanem
Alder: 18 år
Frå: Meisingset, Tingvoll kommune.
Student ved: Folkemusikklinja ved Vinstra videregående skole.
Instrument: Fele

Kva jobbar du med innan folkemusikk no: Eg går for tida mine siste månader på Vinstra vidaregåande skule og jobbar no mest med eksamen i hovedinstrument som eg skal ha i juni. Har også nyleg kome heim etter ei veke på Rørosmartan med mykje spel og dans. 

Kven er ditt største idol innan folkemusikk og kvifor: Mitt største idol innan folkemusikk er utan tvil Tron Westberg. Dette fordi han har ein heilt eigen evne til å få fram det beste i leken. Han får fram stemningar på ein slik måte at det kan få meg til å gråte. Desse egenskapane gjør han også til den beste dansespelmannen eg veit om. 

Kva planar har du med folkemusikken framover: Mine planar framover er å fortsette å spele og utvide mitt repertoar. Eg har lyst til å bli ein god dansespelmann, fordi det er å spille til dans eg synast er likast. Ellers har eg lyst til å gå djupare inn i Nordmørstradisjonane, og håpar eg finn nokon som har lyst å hjelpe meg med det.

Favoritt- slått/sang, kvifor: Alle gammel-polsane på Røros har treft meg midt i hjarte, og det er dei som står meg nærast. Det er dei eg helst vil spele, og det er dei eg helst vil danse. Har ingen spesiell favorittlek, men er veldig glad i alle lekene etter Henning Trøen. Grunnen til at eg likar desse så godt, er kanskje fordi dei er så gode å danse etter. Eg synst det er eit spesielt driv i desse lekene, noko som også gjer det så artig og spele dei. Lekene som går på oppstemt ters, mårråsleka som dei vert kalla på Røros, er eg også veldig glad i. Desse polsane er så lyse og livlege i stemninga og har ein heilt spesiell klang som gjer dei så unik.

Helsing Ingrid Marie


21.april

Student nr. 3

Picture
Foto: Knut Utler


Runhild Heggem
Alder: 21 år
Frå: Osmarka, Gjemnes kommune
Student ved: Høgskulen i Telemark, avdeling Rauland - Folkemusikk 1
Instrument: Vanleg fele og hardingfele

Kva jobbar du med innan folkemusikk no: For tida skriv eg på ei årsoppgåve om bygdedansen på Nordmøre. Mi problemstilling er denne: «Springar og polsdans på Nordmøre: Var det, og er det fortsatt, forskjell på namneuttrykk og spelemåte?» Dette er noko eg har undra meg over i fleire år, så det vert spanande å sjå kva eg kjem fram til, til slutt.

Kven er ditt største idol innan folkemusikk og kvifor: Det er verkeleg vanskeleg å seie, for det er så mange som inspirerar meg til å stå på, både med spelinga og dansinga. Eg har hatt fleire både gjennom oppveksten, og no dei siste åra, som har lært meg så utruleg mykje. Takk til alle der ute eg har fått gått i lære hos. Men viss eg må nemne ein spesiell, må eg seie Helge Husby, frå Gyl på Nordmøre. Han er vel den som har lært meg flest slåttar, og mest om slåttane frå Nordmøre.

Kva planar har du med folkemusikken framover:
− Fortsette å stille på kappleik, med nordmørs-musikk på fele. I tillegg til dans i ymse klasser, men hovudsak lausdans (halling).
− Lære mest mogleg i mi studietid her i Telemark.
− Fortsette på Folkemusikk 2, altså 2. året her på Rauland.
− Ellers berre spele og danse med all den gleda det gir meg.

Favoritt- slått/sang, kvifor: Det er så mange fine slåttar, ikkje berre på Nordmøre, men også rundt omkring i vårt langstrakte land. Men eg må seie at min favoritt er ein springar etter Ola Kvande, «Gråvinn», så vert rett å slett kalla for Gråvaspringar. Eg er ikkje sikker på kvifor, men den har så fengande rytme og melodi at den er rett og slett utruleg tøff. I tillegg til at den går i både dur og moll, slik som mange andre stilige slåttar på Nordmøre.

Helsing Runhild


9. april

Student nr. 2

Picture
Foto: Jorun Marie Kvernberg

Jannike Svensvik 
Alder: 19 år
Frå: Isfjorden, Rauma kommune. 
Student ved: Ole Bull Akademiet. 
Instrument: Diverse feler.

Kva jobbar du med innan folkemusikk no: Akkurat no går det mykje i samspel og improvisasjon. Eg tykkjer det er utruleg spanande å spele med musikarar som har ein heilt annan måte å tenke og å spele på ,det krev at me må lære mykje av kvarandre for å få det til å passe saman, og det å lære nye ting er utruleg morosamt.
 
Kven er ditt største idol innan folkemusikk og kvifor: Det syns eg er eit vanskeleg spørsmål, då det er so mange eg ser opp til. Men spesielt er jo instrumentlærarane mine som er/har vore Kjell Arne Nakken, Vegar Vårdal, Jorun Marie R. Kvernberg og Nils Økland. Det er jo dei som har lært meg det meste av det eg kan, og har vore dei største inspirasjonskjeldene mine. Eg er utruleg glad for å ha fått moglegheit til å ha gått i lære hjå akkurat dei. 

Kva planar har du med folkemusikken framover: Eg skal øve og utforske alt eg kan for å bli so dyktig og allsidig eg kan i løpet av studietida mi, og kanskje eg ein dag vil bli dyktig nok til å gjere den store lidenskapen min, musikken, om til eit levebrød. 

Favoritt- slått/sang, kvifor: Erik Almhjell var ein utruleg flott spelemann med mange fine slåttar på repertoaret, og ein av dei eg spelar mest på er springaren Torskehjellen. Kvifor eg likar den so godt, er vanskeleg å svare på, det er vel berre noko som ligg lettare for øyret enn andre ting. 

Helsing Jannike.


25.mars

Student nr. 1

Picture
Foto: Runhild Heggem


Kine Iselilja Gyldenskog
Alder: 24 år
Frå: Tingvoll
Student ved: Høgskulen i Telemark avd. Rauland, folkemusikk 2.
Instrument: Song




Kva jobbar du med innan folkemusikk no:
Fordi eg er ny i folkemusikken driv eg fortsatt med å blir kjend med folkemusikken frå Møre og Romsdal, eg fokuserer naturleg nok mest på nordmørstradisjonen. Det er mange viser, slåttar og regler å lære seg.
Eg er og med i folkemusikkgruppa PeLinkeli som nyleg har vore på ein liten nordvestlandsturne, i PeLinkeli spelar vi og arrangerer musikk både frå Østerdalen og Møre og Romsdal. Vi satsar på å fortsette med det vi gjer for vi trivs med samspelet og samarbeidet vårt.

Kven er ditt største idol innan folkemusikk og kvifor:
Det kjem vel ikkje som noko overraskelse når eg sei Magnhild Havdal Almhjell, eg er utruleg glad for at eg har opptaka etter ho som eg kan jobbe med. Ei flott og stabil kjelde med ei vakker stemme! Men eg vil og nemne Ragnhild Furholt som er songlæraren min og som eg har lært mykje av her på Rauland. Når det kjem til nyarrangering og spel er eg veldig stor fan av Flukt og Sturla Eide, her har vi samspel som svinga med mykje trøkk i.

Kva planar har du med folkemusikken framover:
Eg har planar om å ta ein mastergrad her på Rauland, men kva som skjer etter det veit eg sanneleg ikkje.

Favoritt-slått/sang, kvifor:
Hoi, det er så mange! Men akkurat no går det ikkje ein dag uten at eg trallar litt på «Spinn, spinn kjære datteren min» ein polsdans etter Marit (Lyster) Hindhammer som står nedskriven i boka Ein Spelemann, ein toneskatt, av Rolf Hindhammer.

Helsing Kine.



Hvilke andre grupper spilte til dans rundt krigen?

Picture
Her er en gruppe:

Gjendem trioen

Dette er bilde av Gjendem trioen. Fra venstre, på fiolin Ottar Gjendem (f. 1918), på trekkspill og fiolin Anders Gjendem (f. 1916) og på slagverk Arne Gjendem (f. 1920). Bildet er tatt like før krigen, og det er lånt av Helge Hansen, Molde, i april 2012.

Gjendem trioen var meget populære både i byen og ut på distriktet. Trioen spilte mye på Alexandra hotell, på Romsdalsheimen og på Utstillingshallen i Molde. Gjendem trioen var mye på Hjelset, i Battenfjorden, på Tornes i Fræna, på Eide, på Aukra og på Surnadalsøra. De spilte også på Åndalsnes og på Vestnes. Den gang var det vanlig med musikk til bryterstevner og trioen var ofte på Utstillingshallen og spilte mens kampene gikk. Ved premieutdeling på hopprenn i distriktet var det vanlig med dans etterpå og trioen spilte mange ganger på slike arrangementer. Ellers var det mye spilling i brylluper og andre sammenkomster.

Gjendem trioen startet i 1933/34 og besetningen var fast. Etter hvert kom det inn vikarer fra tid til annen og trioen levde lenge med forskjellige besetninger. De spilte tangoer, foxtroter, valser, reinlendere, hamboer osv. Trioen var populære helt til jazzen kom og tok over forteller Arne Gjendem i mars 2013.


Tekst skrevet av Ola Gjendem

Hvilke andre grupper var aktive i Møre og Romsdal på denne tiden. Har du bilder, info eller gode historier - kan dette sendes til folkemusikk@hivolda.no.


4. april

Pengestønad til fem prosjekt frå Møre og Romsdal

Vi ser med glede at heile fem prosjekt frå Møre og Romsdal har fått stønad frå Rådet for folkemusikk og folkedans.
Desse er:
- Britt Elise Skram: Runddansmusikk frå Romsdal - soloplate med Britt Elise Skram – fele.
- Åkerfallet: Folkedans og folkesongkurs.
- Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal: MØRO-springar.
- Anna Gjendem og Vidar Underseth: Halling
- Jonas Hoksnes: Samling av slåttemateriale etter Andreas Nerbøstrand.

Folkemusikkarkivet gratulerer!

Her kan du sjå heile lista: http://www.rff-sentret.no/78-iinhold/184-tiltaksmidler-og-arbeidsstipend-1-runde-2013


4. april

Arkivseminar

Dagleg leiar er i desse dagar på arkivseminar  i Trondheim. Her er mange av folkemusikkarkiva i Noreg representert. Tema som lyd, video, bilete, opptaksutstyr og lagringsmoglegheit vert her diskutert.
Spennande!

20.mars

Instrumentbyggekurs i Møre og Romsdal

Picture
Foto: Ola Gjendem

Har du lenge drøymt om å lage ditt eige instrument?
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal planlegg kurs i slutten av oktober 2013. Her kan du velje mellom å byggje ei memling-fele, dulcimer, forskjellige harper, monokord, zither osv. Kurset vil vare i tidsrommet frå ein torsdag (ettermiddag) til sundag (ettermiddag).
Meir info kjem.

Kan dette vere interessant for deg? Send oss gjerne ein epost.

PeLinkeli

Picture

Såre kjærleiksviser, spenstige reinlendarar, tradisjonelt og nyarrangert!
Gruppa PeLinkeli har vore på turné i Nordmøre og Romsdal. 21. mars er dei klar for Riksscenen i Oslo. Gruppa består av Nina Byttingsmyr (fele/hardingfele), Isa Maline Isene (song), Michael Caplin (cittern/gitar) og Kine Iselilja Gyldenskog (song). Dei fire unge studentane frå Høgskulen i Telemark fokuserar på tradisjonsmusikk frå Nordmøre og Østerdalen.
Fra Nordmørestradisjonen får vi mellom anna høyre: Pe-pinkelifot, Stigelin (Balade frå Surnadal), Reinlender frå Angvika, Kjærlighetssong (Magnhild Almhjell), marsjer fra Todal og "Hurtig hun seg ut av brystet slynger" (Magnhild Almhjell).


Arkivet ønskjer lykke til med konserten på Riksscenen!


Folkedansar - ny dagleg leiar ved FAMR

Picture
Anna Liv Skjelten Gjendem (24) frå Molde tek over som dagleg leiar (50%) ved Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal (FAMR) frå årskiftet 2012-13.

Gjendem er frå Molde og har utdanning innan folkemusikk og folkedans. Ho var mellom anna ein av dei fire utøvarstudentane som var nyutdanna fra Universitetet i Trondheim i Tradisjonsdans i sommar. No arbeider ho med ein mastergrtad i tradisjonskunst ved Høgskulen i Telemark, avdeling Rauland.

Jobben ved arkivet inneber dagleg drift, innsamling, systematisering og utoverretta arbeid.

 "Det er kjekt å kunne få fast jobb innanfor noko eg har utdanna meg i. For meg er dette ein god mogelegheit for å bli enno betre kjend med mitt eige fylke og alt materiale som vi har i arkivet. Eg øskjer å få eit meir levande arkiv, med seminar og litt meir utoverretta virksomheit. Eg har mange idear, men må vel bite i meg at stillinga mi berre er 50 %. Ein kan gjere mykje, men ikkje alt på dessa prosenta", seier Gjendem.

Anna Liv Skjelten Gjendem er godt festa i tradisjon og har gjennom sine studiar ved Universitetet i Trondheim hatt ei fordjuping på områdane Sunnmøre og Romsdal. Det vil seie at ho har arbeid mykje med arkivmateriale hovedsakeleg innan folkedans. Ho har studert gamle filmopptak, ned i minste detalj osb. I tillegg til å danse spelar ho einrader og torader, der ho og har eit lokalt repertoar.

Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal vart etablert i 1990. Det fekk lokale på Høgskulen i Volda, og har halde til der sidan. Fleire former for organisering og finansiering vart prøvde i løpet av dei første åra. I 1999 vart arkivet omgjort til ei stifting. Stiftinga består av fem deltakande partar: Møre og Romsdal fylkeskommune, Høgskulen i Volda, Møreforsking Volda, Møre og Romsdal Folkemusikklag og Noregs Ungdomslag i Møre og Romsdal.


Her kan du sjå ein av dansane som Anna Liv har tatt fram i lyset igjen. På opptaket dansar ho med Inga Myhr og Hilde Fjerdingøy spelar.  http://www.youtube.com/watch?v=PIB0IgsFpXU

Fylkeskulturprisen for Møre og Romsdal – til Ola Gjendem

Picture

«Dette er stort, eit skikkelig klapp på skuldra og kjekt å få eit slikt
godkjentstempel.»


Ola Gjendem fra Molde fekk 10. desember fylkeskulturprisen under åpninga av fylkestinget i Geiranger. Gjendem fekk prisen for sitt allsidige arbeid innan folkedans, folkemusikk, litteratur og lokalhistorie. I grunngjevinga heiter det mellom anna: «Ola Gjendem har gjort ein kulturinnsats utanom det vanlege. Han har lang fartstid som kulturarbeidar på mange felt, som litteratur, musikk, dans og historie. Han har arbeidd mykje med kultur for barn og ungdom.»

- Ola Gjendem har eit voldsomt sterkt engasjememt. Han er rask, målretta og kreativ i arbeidet med å få kultur ut til folket, sa Kristin Sørheim i sin tale.

Ola Gjendem er sønn av folkemusikeren Anders Gjendem som fekk fylkeskulturprisen i 1979. Ola syntes det var ei stor oppleving å bli hedra på denne måten. Til Geiranger hadde Ola Gjendem tatt med seg tre ungdommar for å gje fylkespolitikarane ein liten smakebit på folkemusikken og folkedansen som han brenn for. Torill Steinjord, og Anna Liv Skjelten Gjendem dansa medan Britt Elise Skram spilte fele til stor jubel frå fylkespolitikerne og medlemmene av ungdomspanelet som var til stades.

– Arbeidet hans betyr mykje for å få fram kunnskap, for eksempel om folkemusikken og folkedansen i Møre og Romsdal som mange kanskje ikkje kjenner noko til.
– Dette er ukjent for mange, og det å få fram dette, held tradisjonane ved like og byggjer kunnskap, er særs viktig for Møre og Romsdal, seier leiaren i utvalget for kultur og folkehelse, Kristin Sørheim (Sp).

Ola Gjendem har fått med seg folkemusikken heimanfrå.
– Ja, det er klart. den er eg født og oppvaksen med. Far min spilte jo i alle år. Eg byrja å spille til dans lenge før eg var konfirmert, seier Gjendem.
Eg har møtt så mange gjennom folkemusikken. I det eine øyeblikket satt Magnhild og Erik Almhjell ved kjøkkenbordet og Magnhild song dei gamle songane ho vart så kjent for. I det neste øyeblikket gjekk døra opp og inn kom Henning Sommerro eller salmakeren og spillemann Hagen frå Gudbrandsdalen. Dei var jo der alle samen, rundt far min, rundt musikken, seier Ola Gjendem.

Av den omfattande aktiviteten til Ola Gjendem, vil vi trekke fram dei 30 utstillingane Molde bymuseum har vist, byvandringane gjennom 30 år og lokalhistoriske litterære produksjonen hans.

Han er ein ivrig samlar, formidlar og eit levande leksikon som lett skaper entusiasme for det han arbeider med.

Dagleg leiar går av

Jorun Marie Kvernberg takkar for seg. Arkivet blir noko ubemanna fram til ny dagleg leiar blir tilsett etter nyttår 2013. Beklager ulempen dette medfører. Styreleiar Jon Tvinnereim vil svare på arkivet sin telefon, mail, post inntil vidare.
15. oktober 2012

Folkemusikalsk storverk!

Picture


Slåttemusikken frå Møre og Romsdal er blitt grundig dokumentert i ei praktbok på over 500 sider. Musikkforskar Olav Sæta frå Universitetet i Oslo har jobba med verket sidan 2006, og er imponert over mangfaldet som syner seg i musikktradisjonen frå fylket.

Musikk- og kulturinteresserte i Møre og Romsdal kan vere stolte over storverket som nyleg har kome ut. Musikkforskar Olav Sæta ved Universitetet i Oslo har i fleire år jobba med det femte bindet i serien Feleverket som denne gongen tek for seg slåttemusikken frå Møre og Romsdal. Storarbeidet resulterer i ei bok i A4-format på meir enn 500 sider, med over 460 notenedskrifter og ei rekkje grundige artiklar om folkemusikken i Møre og Romsdal.

«Møre og Romsdal har frå før ei imponerande liste med bokutgjevingar om og med den lokale folkemusikken, i landssamanheng. Men denne utgjevinga overgår det meste både i format og nøyaktigheit i notasjon. Dette er ei skattekiste av lokale slåttar både for utøvarar innanfor og utanfor sjangeren» fortel folkemusikar Jorun Marie Kvernberg entusiastisk. «Folkemusikken i Møre og Romsdal har ikkje fått same merksemd som t.d. kjerneområda for hardingfela lengre sør. Det er difor både viktig og riktig at dette verket no kjem ut.»

«Slåtter for vanlig fele, bind 5 -  Møre og Romsdal» er tittelen på verket som presenterer dei eldste sjangrane av lokal felemusikk: i hovudsak halling, pols-/springartypar og marsj. Notane er i sin heilskap transkribert frå lydopptak der 75 utøvarar frå Møre og Romsdal er representert med i alt 460 innspelingar, inndelt i 228 slåttefamiliar. Tekstdelen i boka inneheld ein serie artiklar om musikken og tilhøyrande musikkbruk, og ein omfattande kommentar til kvar slått med tilgjengeleg informasjon og noko analyse.

Utgangspunktet for prosjektet har vore å tilgjengeleggjere det som finst av slåttemusikk og informasjon frå Møre og Romsdal i offentlege arkiv. Mellom anna har Sæta brukt opptak og stoff frå Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal. Serien Feleverket inneheld tilsvarande verk frå andre område i landet.  I tillegg til at presentasjonen blir gjort på eit lokalt nivå vil utgjevinga, som del av eit verk, fylle sin del av ein større heilskap.

Boka er førebels berre å få bestilt på forlaget Novus sine heimesider. I tillegg til den fysiske bokutgjevinga på Novus forlag er det planlagt å også tilgjengeleggjere boka digitalt, på Universitetet i Oslo sine nettsider. Serien «Hardingfeleslåttar» ligg alt ute på nett, med moglegheit til å bla i dei 7 banda med hardingfelenotar.

Kjøp boka her

Av Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, Volda 19. jun. 12 – Jorun Marie Kvernberg


Årsmøte og styremøte 7. juni 2012

7. juni held Folkemusikkarkivet sitt styre årsmøte og styremøte på Høgskulen i Volda. Styret, som også utgjer årsmøtet, skal bl.a. diskutere arkivet si framtid, tilsetjing av ny dagleg leiar, nye prosjekt og innkjøp m.m.
Powered by Create your own unique website with customizable templates.